22. januar 2019

Jon Savage: England's Dreaming (1991)

Det har etter kvart kome mange bøker om Sex Pistols, men denne boka er framleis ei av dei beste. Handlinga i boka går langs to liner - Savage fortel historia til bandet, men han skriv òg om dei fyrste åra med punk rock, både i USA og England.

Han går rett til kjeldene, både dei munnlege og skriftlege. Ei av dei skriftlege er hans eiga dagbok. Han gav ut fanzina London's Outrage frå 1976, og var på ei rekkje av konsertane han skriv om i boka, mellom anna den vidgjetne båtturen under dronningjubileet i 1977. Han har intervjua ei rekkje av dei sentrale personane, og bruker òg bøker og aviser som kjelde.

Ei kjelde han ikkje har snakka med er Sid Vicious. Han døydde i februar 1979, og boka sluttar om lag der. Eit anna vendepunkt i historia er intervjuet med Bill Grundy, og Savage (og fleire han snakkar med) meiner at det var der ting tok til å gå gale. Det programmet gjorde punken meir ålment kjent. Det vart vanlegare og vanlegare at andre banka opp punkarar, og frå då av vart heile subkulturen meir valdeleg. Nokre månader seinare braut òg bandet meir eller mindre saman. Etter at Glen Matlock vart sparka vart det førre konsertar, færre øvingar, og så godt som ingen nyskrivne songar. Det med konsertane hadde manageren Malcolm McLaren ansvar for - han meinte det var god PR for bandet å seia at dei var bannlyste frå konsertscener over heile England. (Noko dei ikkje var.)

Guffen tilrår.

Meir Savage på kulturguffebloggen
Time Travel (1997)
The England's Dreaming Tapes (2010)
This Searing Light, The Sun and Everything Else (2019)

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)
Jon Savage: The England's Dreaming Tapes (2010)
Trygve Mathiesen: Sid's Norwegian Romance (2011)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar