13. september 2010

Trygve Mathiesen: Banned in the UK (2010)

Sex Pistols spelte to gonger i Noreg sommaren 1977, i Oslo 20. juli og i Trondheim dagen etter. Konserten i Oslo er legendarisk. Mange har hevda at dei var til stades der, medan det i røynda berre var snakk om godt og vel to hundre personar. Mathisen skreiv i 2007 ei fin bok om punken i Noreg 1977-80, og konserten fekk godt med plass der. Han er i gang med ein oppfølgar til den boka, men i mellomtida har han samla det han veit om denne eine konserten i ei bok.

Det er ei spanande vinkling, og prosjektet står fjellstøtt. For min del kunne han ha tona ned kapitla der han drøftar stil og ideologi i punken, og heller reindyrka omtalen av konserten. Her har han intervjua mange av dei som var på konserten, og har òg brukt sitat frå avisomtalar før og etter konserten. Han viser kva fleire aviser skreiv etter pressekonferansen, og tek med det eine store intervjuet dei gav i Oslo, til Gateavisa. Han har òg med litt om kva som skjedde i timane etter konserten, der dei fyrst reiser på jazzkonsert på Club 7, der bandet deretter vert invitert med på ein fest på Høvik, og frå morgonen etter, då dei får gratis Levis-bukser av ein Levis-mann.

Boka kjem ut 33 år etter konserten, så det er ikkje rart at boka er full av motseiingar. Nokre meiner at det var mellom 400 og 500 personar til stades, andre meiner at det vart selt 200 billettar. Boka sluttar med ei liste på 214 namn som truleg var til stades. Nokre er sikre, andre er ikkje stadfesta, medan ein person vert lista som "the person believes he was there, and it's very likely, but he can't recall it". Denne lista var uventa interessant, og det hadde vore greitt om denne stod alfabetisk. På lista er bandet rekna med, alle som jobba på Pingvin Club er rekna med, så det skulle framleis vera råd å dikta opp at ein var til stades. Konserten var utselt, slik at det framleis må mangla nokre titals personar.

Boka er rikt illustrert. Både bileta av band og publikum fortel mykje om at dette var ei tidleg fase av punken. Berre halve bandet ser punk ut, medan så godt som ingen i publikum har teke seg bryet med å punka seg opp. Dette er verkeleg år null.

Guffen tilrår.

Meir Mathiesen på kulturguffebloggen
Norsk postpunk 1980-1985. Fra hardcore til a-ha (2011)
Sid's Norwegian Romance. Sex Pistols Exiled to Trondheim (2011)

Meir Sex Pistols på kulturguffebloggen
Glen Matlock: I was a Teenage Sex Pistol (1990)
John Lydon: Rotten (1993)
The Filth and the Fury (film, 2000)
David Nolan: I Swear I Was There. The Gig That Changed The World (2006)
John Lydon: Anger Is an Energy (2014)
Johan Kugelberg (red.): God Save Sex Pistols (2016)
Steve Jones og Ben Thompson: Lonely Boy (2016)

1 kommentar:

  1. Hei!
    Poengtert kommentar om et spesielt boksprosjekt! Artig for en historiker å erfare at det vi i -77 var med på - og så som noe sponant, punkens fascinasjon for øyeblikket, også er verdt å dykke ned i - 33 år seinere.

    SvarSlett