25. mai 2013

Geert Mak: USA. En reise (2012)

I 1960 la John Steinbeck ut på ei reise gjennom USA, saman med hunden sin Charley. Nøyaktig femti år seinare la den nederlandske journalisten Geert Mak ut på den same reisa. Han vil heidra Steinbeck og reisa hans, men han vil òg gjera seg kjend med USA, eit land han har vitja mange gonger før. Saman med kona si reiser Mak i fotspora til Steinbeck, frå Long Island i nordaust og motsols rundt USA, fyrst langs grensa til Canada, så sørover langs stillehavskysten, og deretter austover mot New Orleans, der turen til Mak sluttar.

Det er ei grei bok, sjølv om ho kanskje sprikar litt for mykje. Der er mange referansar til Steinbeck, sjølvsagt. Mak har studert samlingar med brev Steinbeck sende, han har lese biografiar om mannen, og går aldri lei av å nemna at Steinbeck i Travels with Charley ikkje skreiv sanninga. Han opererte med altfor lange dagsetappar, han nemnde ikkje at kona var med store delar av turen, han skreiv lite om at han ofte la seg inn på store og komfortable hotell (i staden for å sova i bilen sin), og han dikta opp samtalar med fastbuande og andre reisande.

Det grundige arbeidet med å verta kjend med Steinbeck er typisk for denne boka. Mak skriv sjølvsagt om ting han opplever, folk han møter og stader han køyrer gjennom, men ofte skriv han langt om hendingar i amerikansk historie. Spesielt mot slutten av boka kjem det nokre lange sekvensar om korleis USA har oppført seg rundt om i verda dei siste 60-70 åra. Boka vekslar altså mellom å vera ei reiseskildring og ei historiebok. Det hadde fungert langt betre om desse avsnitta var henta frå folk han møtte, no vert det berre middels vellukka.

Middels er òg eit passande ord for å skildra omsetjinga. Her er ei rekkje merkelege ord og uttrykk. " 'Folk arbeider ikke for deg', hørte Gunther si." "Han kjørte i motvind og kjende de bankende, iblant rykkende kastene i stormen som han hjalp til å vekke". "Jeg har aldri sett noen del av skaperverket så uttømmende eksploatert som disse vannfallene". Det står om "en halvveis åpen jernbanebro", der det er opplagt at det burde stått øydelagd i staden for open.

Guffen er lunken.

Meir Mak på kulturguffebloggen
In Europe (2004)
Relatert på kulturguffebloggen
Travels With Charley (1962)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar