28. august 2016

Odd W. Surén: Tyranner og tjenere (1989)

Eg tek meg ein runde gjennom dei tidlege bøkene til Surén. For ein månad sidan las eg debutboka hans, og var berre sånn middels imponert. Denne er langt betre.

Eller - delar av denne boka er langt betre. Alle novellene fungerer ikkje like godt. Nokre har ei nesten allegorisk form, og desse vert nesten malplasserte, der dei kjem rundt midten av boka. Novellene der han bruker forteljarevnene sine er langt betre. Dei går gjerne føre seg i eit landskap og eit miljø som kan minna om områda nord for Bergen, der Surén er busett. Han skriv om livet på bygda, der alle vil vita alt om alle, men mest om dei som skil seg ut. Han skriv om folk som meiner at vald er løysinga på alle problem. Han skriv om folk som ikkje innfrir dei forventningane andre har til dei, eller som dei sjølve trur at andre har til dei. Og i den beste novella skriv han om ein innbrotstjuv som er så hjelpelaus og naiv at lensmannen som kjem for å arrestera han endar opp med å ta han i forsvar.

Det er stort sett lystig lesnad, der Surén tek eit langt steg mot den forfattaren han snart skulle verta.

Guffen tilrår.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Usynlig for verden (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar