21. januar 2024

Odd W. Surén: Fall (2023)

Av og til undrar eg meg over at folk ikkje snakkar meir om Odd W. Surén. Alle bøkene hans er ikkje fulltreffarar, men han har ein høg treffprosent. Han er ein av dei store humoristane i norsk litteratur. Han veit kva som er morosamt, han veit kva som fungerer, og når han er i toppform skriv han fabelaktige tekstar.

Slik er det med denne boka. Eg las ho på toget frå Oslo her om dagen, og humra meg gjennom det meste av Hallingdal. Her er sju noveller (eller "beretninger", som han sjølv kallar det), og dei er i slekt med kvarandre. Fall er eit stikkord, novellene er fordelte i dei tre gruppene Forfall, Innfall og Utfall. Ein biperson i ei novelle dukkar opp som hovudperson i ei anna, og omvendt. 

Nokre vitsar er òg gjennomgåande. Hovudpersonen i opningsnovella skadar kneet. Han må stå i badekaret når han skal dusja, og rørslene han må ta for å koma seg opp i badekaret med skadd kne minner han om kunstløpstrikset Trippel Salchow. Seinare i boka kjem det tre noveller der me etter tur møter tre Salchow-brør. Alle har mellomnamnet Drange, og førenamna deira er Marlon, Elvis og Geronimo. 

Boka er (som vanleg) full av bitre menn som klagar over eitt og hitt, og det er heilt topp. Og den eine setninga bakpå boka er reint gull: "Kan man innlede enhver telefonsamtale med spørsmålet 'E din mor heme'?"

Guffen tilrår. 

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Høvlingsmonn (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar