Viser innlegg med etiketten Russland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Russland. Vis alle innlegg

8. januar 2024

Ivan Turgenev: Fathers and Sons (1862)

Ei av dei meir perifere rocke-gruppene på Voss tidleg i åttiåra kalla seg Bazarovs barn. Eg trur ikkje dei heldt mange konsertane, i farten kan eg i alle fall ikkje hugsa å ha sett dei. Og eg er aldeles sikker på at eg ikkje plukka opp referansen til denne romanen. (Eg veit heller ikkje om det var denne romanen dei refererte til - det kan like gjerne ha vore ein referanse til boka Kaj Skagen gav ut i 1983, Bazarovs barn.)

Romanen handlar om dei to venene Arkady Kirsanov og Evgeny Bazarov. Bazarov er nihilist, han trur ikkje på noko som helst, og han bruker minst mogleg tid på dei som tenkjer annleis. Arkady er nok ikkje heilt på line med han, men han er samd med Bazarov i mykje. Dei to vitjar mange folk - fyrst far (og onkel) til Kirsanov, deretter nokre andre, så foreldra til Bazarov, før dei kjem tilbake til faren (og onkelen) til Kirsanov. 

Alle stadene vert folk forferda over livssynet til Bazarov, og store delar av boka handlar om desse samtalane. Det handlar òg om kjærleik, begge to møter kvinner dei likar. 

Det er ei fin bok. Slik det går fram av tittelen, handlar det mykje om skilnadene på generasjonane. Dei som er omtrent jamgamle med Bazarov og Kirsanov reagerer langt mindre på korleis Bazarov oppfører seg. 

Guffen tilrår. 

4. mai 2023

Lev Tolstoj: Då Ivan Iljitsj døydde (1886)

Ein fin kortroman. Romanen handlar mest om livet til Iljitsj, korleis han levde og tedde seg og vart sjuk; døyr gjer han ikkje før i den aller siste setninga. Det er kanskje det som er litt av poenget med tittelen - han levde eit liv slik det var venta av han, der det som var av harmoni fanst på utsida.

Iljitsj er jurist, har gode jobbar, og giftar seg til meir velstand. Han og kona har ikkje noko spesielt nært forhold, og dei han kjenner frå jobben er heller ikkje nære vener. Etter at han vert sjuk, og spesielt etter at det vert tydeleg at sjukdomen er alvorleg, bryr ikkje venene seg like mykje om han. I opningskapitlet, der dei får høyra at han er død, er det mest seg sjølv og eigne sjansar dei tenkjer på. Dei er heller ikkje så opptekne av å trøysta enkja - dei møter opp, slik dei skal, men lengtar mest etter å reisa att, slik at dei kan spela kort.

Det er ei fin og fengande bok. Kanskje eg burde lesa meir Tolstoj - eg trur dette er det fyrste eg har lese av han. Og, slik eg alltid skriv om desse bøkene frå Skald - denne serien av omsette klassikarar er eit finfint tiltak. 

Guffen tilrår. 

20. juni 2020

Anton Tsjekhov: Dama med hunden og andre forteljingar (1899)

Dette skriv eg sikkert kvar gong eg les ei av bøkene i serien, men likevel: For eit flott tiltak Skald har drege i gang her. Dei får forfattarar til å omsetja verk frå verdslitteraturen. Det er prisverdig i seg sjølv, men dei har òg lagt mykje arbeid i dei fysiske bøkene - innbindinga er finfin, dei har laga eigne fontar spesielt for serien, osb.

Innhaldet i denne boka er derimot ikkje heilt på topp. Eg såg fyrst og fremst på Tsjekhov som dramatikar, men han hadde òg ein omfattande novelleproduksjon. Han skreiv over 200 noveller; i denne boka er seks av dei med. Dei er ujamne. Boka opnar med novella boka er kalla opp etter, og den er nok den beste i boka. Sluttnovella, den åtti sider lange "6. avdeling", var langt unna dette nivået.

Dei beste novellene i boka er skrivne i eit knapt språk, der handlinga og personane gradvis vert meir og meir interessante og fengande. Tsjekhov skriv om daglegdagse hendingar, han skriv mykje om kjærleik, og tidvis var det heilt topp å lesa dette. Tidvis.

Guffen er lunken.

18. januar 2017

Vladimir Nabokov: Lolita (1955)

Dette er ei bok som jamleg dukkar opp på lister over dei beste bøkene i verda. Tittelen på boka er òg vorte eit omgrep, og eg har av og til tenkt at eg burde lesa ho. Omsider kom eg så langt, og ... eh ... boka var slettes ikkje verdt å venta på.

Det heile vert fortalt av Humbert Humbert, og har form av eit forsvarsbrev. Han er slettes ikkje ein truverdig forteljar, men i korte trekk er det dette han fortel: Han flyttar frå Europa til USA, leiger seg rom i eit hus der han vert fjetra av den tolv år gamle Dolores (Lolita). Han gifter seg med mor hennar, mora døyr, og Humbert og Dolores reiser med bil gjennom USA. Dei deler stort sett seng heile vegen, og slik han framstiller det er dette noko begge vil. Det er det nok ikkje, etter ei stund rømmer ho. Han vitjar ho noko seinare, då er ho gravid (med ein annan). Han prøver å få ho med seg, ho nektar, og boka endar med litt vald.

Boka fall ikkje i smak her. Ho har ofte fått ros for godt språk, for meg var dette livlaust, ordrikt og tungt. Det går seint framover, korkje Humbert eller Lolita er spesielt interessante karakterar, og det var i det heile svært lite å gleda seg over.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

21. desember 2016

Alexandra Yourieff: In Quisling's Shadow (2007)

Alexandra Yourieff hadde eit høgst uvanleg liv. Ho var fødd 1905, og vaks opp i relativ velstand i Ukraina. Familien miste det meste under andre verdskrigen. Faren var død, og Alexandra fekk seg arbeid på eit kontor som arbeidde med naudhjelp. I etasjen over heldt Vidkun Quisling til. Han var 18 år eldre enn ho, men dei vart eit par, og gifta seg dagen etter at ho fylte 17 år. Ho vart med han til Oslo, men det tok ikkje lang tid før han igjen måtte til dei ramma områda i aust-Europa. Han kom tilbake saman med Maria Pasetsjnikova, og det viste seg at han like godt hadde gifta seg med ho òg.

Dei neste par åra levde desse tre i eit merkeleg trekantdrama, der Alexandra heile tida var det tredje (og yngste) hjulet på sykkelen. Kanskje var alderen hennar grunnen til at ho ikkje skjøna heilt kva som skjedde, og i staden drøymde om å igjen verta kvinna i Quislings liv.

Slik gjekk det ikkje. Han sende ho til Nice, der ho hadde ei tante, og gradvis vart ho sjølvstendig att. Trass i at dei ikkje hadde nær kontakt, og trass i at Quisling var gift med Maria, hadde han stor nok makt over henne til at ho ikkje gjorde alt ho ville. Ho var ballettdansar, og gjorde det godt. Ho prøvde seg som skodespelar, og gjorde det godt. Men kvar gong ho stod framfor eit gjennombrot, la han ned forbod mot at ho heldt fram. Og ho lydde han. Seinare forstod ho betre kvifor - det ville vore ein skandale for han om det kom fram at han var bigamist.

Ho flytta etter kvart til Shanghai. Før ho kom så langt var ho vert for eit selskap som vart avlyst av di Isadora Duncan døydde i ei bilulukke på veg dit. Ho vart kjend med Picasso, som måla to portrett av ho. Ho overlevde då bydelen hennar i Shanghai vart bomba. Ho vart sett i husarrest heile andre verdskrigen. Ho svima av då ho i oktober 1945 fekk høyra at Quisling, som ho ikkje hadde høyrt frå eller om på nærare femten år, var dømd for landssvik og avretta. Ho utvandra til USA, der ho hadde fleire kunstutstillingar. Ho sende mange brev til Maria Quisling, men alle vart returnerte ulesne.

Boka er redigert av Kirsten Seaver og George Yourieff, ektemannen til Alexandra. Det er i hovudsak livsminna hennar, men kvart kapittel opnar med nokre forklarande sider, som er til stor hjelp. Livsminna er ikkje spesielt velskrivne, men det kjem greitt fram korleis ho var ei lita brikke i spelet til ein galning.

Guffen tilrår.

26. april 2014

Donnie Eichar: Dead Mountain (2013)

1959, Uralfjella i dåverande Sovjetunionen. Ni studentar har ikkje kome tilbake frå ein fjelltur i eit isolert fjellområde, og det vert organisert leiteaksjonar. Etter tre dagar med leiting finn dei teltet deira. Dagen etter finn dei fire døde personar, ei veke seinare finn dei ein til, og to månader seinare vert dei fire siste funne. Det er altfor mykje som ikkje stemmer, dei er utan sko og delvis utan klede (i tjue minusgrader), tre av dei ser ut til å ha vore utsett for sterke slag, teltet deira er skore opp frå innsida, ei av dei manglar tunga si, og nokre av dei ser ut til å vore utsett for radioaktiv stråling. Mange meir eller mindre fantastifulle teoriar vert kasta fram, men ingen greier å finna ei truverdig forklaring.

Den amerikanske film- og fjernsynsmannen Donnie Eichar vert fascinert av historia, og vil finna ut kva som eigentleg hadde skjedd. Han kjem fram til, med støtte av professorar og forskarar, at dei var på rett stad til feil tid. Heilt tilfeldig slo dei opp teltet sitt på ein stad som var skapt for eit sjeldan verfenomen: Når det kom sterk vind frå ei bestemt retning, kom det tornadoliknande kastevindar nedover fjellsida, samstundes som sterk infralyd fekk både natur og kroppar til å skjelva ukontrollert. Dei må ha fått panikk, storma ut av teltet og sprunge mot nærmaste buskas. Der var forholda meir normale, men midt på natta var dei ute av stand til å finna igjen teltet sitt, og sjølv om fleire av dei prøvde å tenna bål å varma seg ved, var dei sjanselause.

Forklaringa hans verkar meir truverdig enn dei andre som vert kasta fram, ikkje minst av di dei var så langt til fjells at ingen andre kan ha vore der, og av di ingenting tyder på at militæret hadde prøveskytingar i området, som kunne ha auka radioaktiviteten. Eichar skal ha ros for at han har funne ei mogleg løysing, men han skal ikkje ha like mykje ros for alt han har skrive. Det han skriv om turen deira, basert på dagbøker og på intervju han gjorde med ein tiande turdeltakar, som snudde nokre dagar før den fatale natta, og det han skriv om leiteaksjonane er heilt greitt. Men innimellom dette kjem det nokre altfor lange kapittel om to turar han sjølv gjorde til området. Her vert det altfor tydeleg at han ikkje anar noko om korleis ein skal oppføra seg til fjells om vinteren, og teksten er òg prega av amerikanske oppfatningar av livet i Sovjet/Russland, oppfatningar som truleg var langt meir utbreidde under den kalde krigen.

Guffen tilrår.

8. november 2011

Erika Fatland: Englebyen (2011)

Englebyen er namnet på ein gravplass i Beslan, ein liten by i Nord-Ossetia i Russland. Her er 186 born og 147 vaksne, dei døydde alle under eit terroråtak mot ein skule i september 2004. Terroristane sympatiserte med Tsjetsjenia, ein av naborepublikkane til Nord-Ossetia, og etter at dei hadde halde meir enn tusen personar som gislar i ein skule i tre dagar, gjekk russiske spesialstyrkar til aksjon.

Det er krevjande å skriva berre eit så kort avsnitt som det over om hendingane i september 2004. Det er fort å ordleggja seg feil, sidan så mykje framleis er uklart. Det kjem godt fram i denne boka, der Fatland ikkje legg skjul på at ho har alle svara. Tidvis var det krevjande nok å stilla dei rette spørsmåla. Ho vitja Beslan to gonger, i 2004 og 2010, og snakka med innbyggjarane om det som hende. Der finst ei rekkje versjonar, og grunnregelen ser ut til å vera at ein må vera skeptisk til den offisielle versjonen.

Å få alle brikkene på plass, og å finna ut kva som hende og kven som gjorde kva, er likevel ikkje det viktigaste for Fatland. Det ser ut til å vera minst like viktig å finna ut korleis ein slik terroraksjon påverkar eit lite lokalsamfunn. Alle vart råka, alle miste nokon i åtaket. Det er fascinerande, for å bruka eit altfor forsiktig ord, å vera med Fatland gjennom byen. Innbyggjarane der taklar det heile ulikt, nokre har slutta å le, nokre flyttar inn på kyrkjegarden, nokre kjenner skuld for at dei ikkje handla annleis dei tre dagane, andre igjen er misunnelege på dei som fekk meir i erstatning. Ikkje uventa florerer det med konspirasjonsteoriar.

Fatland har bygd opp boka på ein glimrande måte, der ho vekslar mellom personlege møte med folk som var involverte, referat frå dei tre dagane, og glimt inn i historia i Kaukasus. Ho skriv heile tida i eit nøkternt og balansert språk, men ho treng ikkje heva røysta altfor mykje: Det ho skriv om gjer likevel inntrykk.

Guffen tilrår.

Meir Fatland på kulturguffebloggen
Sovjetistan (2014)
Grensen (2017)