Viser innlegg med etiketten Canada. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Canada. Vis alle innlegg

14. juli 2026

Melissa Auf der Maur: Even the Good Girls Will Cry (2026)

I 1990-åra spelte Melissa Auf der Maur bass i to band eg ikkje høyrde altfor mykje på: Hole (som eg ikkje kjende i det heile) og Smashing Pumpkins (som eg nok burde høyrt meir på). Det var altså ingen openberr grunn til at eg skulle lesa denne, men boka fekk strålande meldingar fleire stader, så eg tok sjansen.

Det gjorde eg lurt i. Ein ting er at historia ho fortel er original og god, ein annan ting er at ho skriv veldig godt. (Ein tredje ting er at eg merka at eg var samd i/kjende meg att i mange av meiningane hennar, men det er ikkje ein spesielt viktig grunn til å lesa ei bok.) 

Ho vaks opp i Montreal, med to høgst interessante foreldre. Begge var originale, begge levde som bohemar, og dette prella av på dottera. Ho vart dregen til det alternative. Ho skreiv, ho var ein dugande fotograf, og etter kvart vart musikken det viktigaste. Etter ein Smashing Pumpkins-konsert snakka ho litt med Billy Corgan, sjefen i det bandet, og ikkje lenge etter fekk ho telefon frå Courtney Love, sjefen i Love: Ho trong ein ny bassist, og ho masa så lenge at Auf der Maur til slutt takka ja.

Boka handlar i hovudsak om 1990-åra, og Auf der Maur skriv om turnear og plateinnspelingar, og om dei ulike medlemmene i Hole. Courtney Love var ein krevjande sjef, men Auf der Maur greidde seg godt nok til at ho aldri kom på svartelista til Love. Her er mykje skriking og roping, og her er altfor mykje narkotika, men Auf der Maur kom seg gjennom 90-åra utan store skader. Ho er open om alt, kanskje ho av og til er for utleverande, men det er ei underhaldande og velskriven bok.

Guffen tilrår.

16. desember 2024

Geddy Lee: My effin' life (2023)

Nja - eg les ein del rocke-biografiar. Som regel er det om musikarar eg likar eller kjenner litt til, men slik var det ikkje her. Lee var bassist og vokalist i det canadiske bandet Rush, som eg ikkje har noko forhold til i det heile. Boka fekk god omtale då ho kom ut i fjor, så eg prøvde meg like godt. Det var vel verdt bryet.

Den fyrste halvdelen av boka er finast. Eg er vanlegvis skeptisk til sjølvbiografiar der forfattaren bruker for mykje tid på oppveksten, men her gjev det meining: Begge foreldra sat i konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen, og det prega sjølvsagt livet deira. Dei flytta til Canada då freden kom, gifta seg og fekk to ungar. Far til Lee døydde relativt tidleg, men han var nært knytt til mora så lenge ho levde. 

Både mora og slekta elles (som òg hadde vore i konsentrasjonsleirar) var skeptiske til måten Lee fjerna seg frå det jødiske miljøet på. Han fekk langt hår og vart dregen mot drugs og rock'n'roll. (Han skriv lite om den tredje; kanskje av di han framleis er gift med ei han møtte før han var tjue.) Han går inn og ut av eit par band, før han får det til med Rush. Dei skifta trommis etter nokre år, og det er alltid stas når band har same medlemmer lenge. Frå 1974 til dei la opp i 2015 (med ein kort pause seint i 1990-åra) var det den same trioen heile tida. Etter kvart som bandet får meir og meir suksess vert boka litt slappare. Det vert mykje repetisjonar, og litt for mykje teknisk om studio og produsentar og instrument osb. 

Eg anar (sjølvsagt) ikkje korleis Lee er som person, men her greier han å framstilla seg sjølv rimeleg sympatisk. Mange av anekdotane hans er rett nok mindre interessante enn han trur, men det kan jo vera smak og behag.

Guffen tilrår. 

6. februar 2024

Alice Munro: Runaway (2004)

For ein fin forfattar Alice Munro er. Dette var den eine boka eg ikkje hadde lese av ho, og det har vore solid heile vegen. Ho skriv noveller, og det finst ingen andre som skriv så gode noveller som ho gjer. 

I denne boka har Jonathan Franzen skrive eit føreord. Han heng ikkje altfor høgt hjå meg, men her skriv han mykje klokt. Han seier noko om at det er vanskeleg å seia noko klokt om novellene hennar, av di det er uråd å sjå kva ho gjer. Historiene verkar enkle, språket er enkelt, mykje kan verka unødvendig, men vips: Mot slutten skjer det noko som gjev alt meining, noko som viser at alt ho har skrive så langt faktisk har vore nødvendig.

Slik har eg òg hatt det under lesinga. Og det verkar som om Munro er klar over det sjølv. Den beste novella i denne samlinga heiter "Tricks", og det er ikkje lett å sjå kva triks ho bruker. Men dei siste sidene her var så sterke at eg omtrent fekk tårer i augene. 

Det handlar om ei kvinne, slik det som oftast gjer hjå Munro. Det handlar om ei kvinne på landsbygda, slik det som oftast gjer. Det handlar om ei kvinne som likar kunst, slik det som oftast gjer. Denne gongen skal ho til byen for å sjå Shakespeare, slik ho gjer kvar sommar, og då møter ho tilfeldigvis ein mann. Dei vert kjende, han inviterer ho heim på litt mat, han låner ho pengar så ho kan koma seg heim att. Han er innvandrar frå Montenegro, og skal snart reisa vekk. Kanskje dei kan møtast neste sommar, når ho igjen kjem for å sjå Shakespeare? Kjempeplan. Ho gler seg, ho finn ein kjole som liknar, ho reiser til butikken hans, men då ho bankar på endrar alt seg. Og så kjem det ein epilog frå mange år seinare, slik det ofte gjer, og forklaringa er like brutal som ho er overraskande. Tricks, indeed.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

19. november 2023

Alice Munro: Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)

På baksida av boka står det nokre blurbs, setningar frå avismeldingar av boka. Ein av dei opnar med "There is a core of mystery in every Munro story". Det er rett, der dukkar alltid opp nye moment, men det store mysteriet er likevel dette: Korleis greier ho å skriva så rike noveller? Korleis greier ho å la ei novelle, som i utgangspunktet verkar vanleg og tradisjonell, brått ta steget inn i ei noko heilt anna? I dei fleste novellene hennar, og i alle fall alle novellene i denne boka, er det eit slikt usynleg punkt, der alt endrar seg, og det enkle og tradisjonelle vert djupt og innsiktsfullt.

Fleire gonger, og kanskje mest under den siste novella, var eg djupt rørt etter å ha fullført ei novelle. Munro skriv om vanlege folk som gjer vanlege ting, men det heile vert flytta opp på eit høgare nivå. 

Den siste novella, "The Bear Came Over the Mountain", er aldeles glimrande. Kona i eit ektepar, Fiona, vert dement, og mannen hennar, Grant, flyttar ho til ein pleieheim. Ho gløymer kven ho har vore, og ho gløymer kven mannen er. Ho finn seg ein besteven på heimen, og mannen hennar vert sjalu. Den nye bestevenen flyttar heimatt til kona si, men Grant merkar at Fiona saknar han. Han vitjar kona til den nye bestevenen og prøver å overtala henne til å senda bestevenen tilbake. Ho nølar. Seinare den dagen ringjer ho til Grant og inviterer han med på ein dans. Han er ikkje heime, han høyrer berre meldinga på telefonsvararen, men dei neste sidene er altså glimrande: Han funderer på kva han skal gjera, og kva som kan verta konsekvensen av at han takkar ja. Og det er berre éi av ni glimrande noveller i denne boka. 

Guffen tilrår. 

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

5. juli 2023

Alice Munro: The Love of a Good Woman (1998)

Boka inneheld åtte noveller (eller forteljingar). Som vanleg er nivået skyhøgt, og nokre av novellene er reine meisterverk. Dei handlar alle om daglege hendingar, og sjølv om mange opnar roleg og vanleg, utviklar det heile seg. Det er uråd å vita kvar novellene endar opp.

Munro vekslar som regel mellom notid og fortid. Ho har det ikkje travelt; dei fleste novellene er rundt 30 sider, tittelnovella er på nesten 80. Av og til er det tilbakeblikka som dominerer, tilbakeblikk der me vert betre kjende med hovudpersonen (som alltid er ei kvinne) eller nokre av bipersonane. 

Novella som gjorde størst inntrykk på meg var "Before the Change". Kva endring det er snakk om vert ikkje tydeleg før langt ute i novella. Ei kvinne vitjar faren, som arbeider som dokter. Ho ser seg sjølv som moderne; ho ser på han som litt tradisjonell. Ho undrar seg over kvifor han tek mot så mange pasientar på kveldstid, men spør aldri og får difor heller ikkje svar. Ikkje før ho må vikariera som medhjelpar, og oppdagar at faren driv ein hemmeleg abortklinikk i kjellaren. The Change viser altså til legaliseringa av abort i Canada. Heile novella er utforma som brev frå forteljaren til ein kjærast som nett har gjort det slutt med ho, men som ein gong pressa ho til å ta abort. 

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

15. mars 2022

Alice Munro: Open Secrets (1994)

Eg porsjonerer ut novellesamlingane til Munro. Etter denne har eg berre tre igjen. Det gjev meg stor glede å lesa dei, samstundes som det er vanskeleg å seia noko nytt. Eg kan repetera meg sjølv og seia at ho skriv fabelaktige noveller, at det av og til minner om trolldom, at både språk og forteljingar er stilreint og sikkert, men det har eg sagt før.

Dei fleste novellene her har ein kvinneleg hovudperson. Novellene opnar vanlegvis heilt greitt, før det på eit eller anna punkt, utan at nokon heilt merkar det, går over til å verta glimrande. Heile denne boka er bygd opp på denne måten - den andre halvdelen av boka er aldeles fabelaktig.

To av dei beste novellene er "The Jack Randa Hotel" og "A Wilderness Station". Begge er bygd opp rundt brev, i begge to kjem det nokre høgst uventa vendingar. I den fyrste reiser ei kanadisk kvinne til Australia for å vera nær ein eks-kjærast som har funne seg ei ny; i den andre bur to brør langt ute i dei kanadiske skogane - den eine finn seg ei kone, og litt seinare får han ei grein i hovudet og døyr. Det er stort geografisk spenn mellom dei to novellene, og det er det òg i tid - den fyrste er lagt til samtida, den siste er lagt til 1850-åra.

Guffen tilrår.   

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

26. juni 2021

Alice Munro: Friend Of My Youth (1990)

Alice Munro skriv finfine noveller. Det er nokre år sidan fyrste gong eg las ei av samlingane hennar, og det kan godt ta eit år eller to før eg er ferdig. Eg trur eg har fire bøker att, og les vel omtrent ei i året. Vanlegvis tenkjer eg at eg må trappa opp tempoet, sidan novellene er så bra, men slik var det ikkje heile tida denne gongen.

Eit par av novellene fenga meg mindre enn vanleg, og eit par gonger følte eg at ho bomma heilt. Det er uvanleg med ein så låg treffprosent. 

Som vanleg er me i Canada, litt utanfor dei aller største byane. Som vanleg er hovudpersonane kvinner. Som vanleg står dei ved eit vegskilje, og gjennom hyppige tilbakeblikk får me vita meir og meir om ho og dei rundt ho. Slik er dei fleste av novellene hennar bygd opp, og som regel er det glimrande. I den fyrste delen av novella presenterer ho oss for alt og alle, før det skjer eit eller anna mot slutten, der ho viser klassen sin. Men slik var det altså ikkje denne gongen.

Guffen er lunken.   

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

20. april 2021

Scott Young: Neil and Me (1984)

Eg har av og til litt kontakt med ein Neil Young-kjennar i Førde. Me hadde ein digital samtale om Young-bøker. Han har lese langt fleire enn meg, og eg spurde kva bok han tilrådde. Han nemnde denne, og eg er jo lett å be.

Boka er skriven av far til Neil Young. Han har så godt som heile livet har fri tilgang til sonen, og denne nærleiken gjer at han kan skriva om episodar andre ikkje kjenner. Han spurde sonen om lov før han skreiv boka, og Neil svara at det er jo faren sitt liv òg, og han må jo få skriva om kva han vil.

Scott Young har skrive heile livet, mest for aviser, men òg bøker. Det merkar me fort. Boka er velskriven, og han veit godt korleis han skal byggja opp kapittel og bøker. Han skriv òg om møte og samtalar der ingen andre er til stades, og boka gjev eit godt bilete av Neil Young. Her er mange fine avsnitt og hendingar, som gjerne handlar om tilhøvet mellom far og son, eller som viser kor stolt faren er av det sonen har gjort. Det var han ikkje åleine om, ein av dei finaste episodane er då faren møter nokre gamle journalist-kollegaer i Canada, og der ein av dei andre seier musikken til Neil Young er vel og bra, men det aller finaste han har gjort er å ta seg så godt av son sin. 

Likevel tek det ikkje heilt av, og den siste tredelen av boka var ikkje like flytande som dei to fyrste. Det vart litt for repeterande, og sjølv om det i det store og det heile var bra, må eg nok seia meg usamd med luringen i Førde: Shakey er ei betre bok.

Guffen tilrår.

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Jimmy McDonough: 
Shakey (2002)
Sam Inglis: Harvest (2003)
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)

17. oktober 2020

Alice Munro: The Progress of Love (1986)

Eg har sagt det før, og kan godt seia det igjen: Novellene til Alice Munro er fabelaktige. Det er ikkje godt å referera dei, det er ikkje lett å seia akkurat kva som gjer dei så bra, men dei store leseopplevingane står i kø. 

Og opplevinga er gjerne lik frå novelle til novelle. Også i denne boka er hovudpersonen som regel ei kvinne, sånn rundt midten av livet, og ho er i ein situasjon der ho ser meir bakover enn framover. Den fyrste delen av novellene er gjerne litt stilleståande, men Munro har full kontroll på det ho gjer. Eit lite stykke ute i novellene skjer det eit eller anna, og eg anar ikkje kva, som gjer at alt eg har lese så langt brått gjev meir meining. Og resten av novella er glimrande. 

Men det er altså ikkje lett å referera handlinga, og den er som regel ikkje det viktige. I den siste novella er ei kvinne på besøk hjå faren (som ikkje lenger bur saman med mor til kvinna), og ho tenkjer tilbake på ein småflytur ho gav faren i gåve for mange år sidan. Gradvis går novella over til å handla mest om bestemor hennar, som òg var med på flyturen, og som om morgonen den dagen vart forstyrra av nokre hippiar då ho tok morgonbadet sitt. Men korkje flyturen eller badet er det viktige i den novella. Novellene til Munro gjev oss innsikt i kva det vil seia å vera menneske, og i denne boka handlar det ofte om korleis generasjonar pregar kvarandre.

Guffen tilrår. 

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

7. september 2018

Alice Munro: The Moons of Jupiter (1982)

Det finst bøker eg bruker lang tid på å lesa ferdig. Som regel er grunnen at bøkene er seige å koma gjennom, andre gonger kjem det av at bøkene er finfine. Då er det som regel novellesamlingar, der kvar novelle er så god at det kjennest rett å la den novella få synka litt inn før eg les den neste.

Dette er ei slik bok, og slik er mange av Munro-bøkene eg har lese. Det er flotte, flotte noveller. Det er vanskeleg å referera handling, og det er vanskeleg å peika på raude trådar i boka. Munro er ein meister, og byggjer opp novellene heilt rett. Ved fleire av novellene var det slik at dei fyrste sidene verka litt keisame, det skjedde litt for lite, og det var vanskeleg å sjå kva som skulle heva det heile. Men heilt umerkeleg skjer det noko, brått er eg langt inne i novellene, og når kvar novelle sluttar skulle eg gjerne vore der litt lenger.

Mange av novellene går føre seg på den canadiske landsbygda. Hovudpersonen er som regel ei kvinne, gjerne ei som skriv. Det er mange møte mellom slektningar, og det er ofte slik at hovudpersonen møter eldre slektningar. Slik er det i tittelnovella, som avsluttar boka, og som kanskje er den aller finaste. Far hennar er på sjukehus, og ho er i byen for å vera nær han. Av og til snakkar dei med kvarandre, av og til tenkjer ho attende på korleis ho sjølv har vore som forelder.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

18. august 2018

Helge Ingstad: Pelsjegerliv (1931)

Eg såg nyleg fjernsynsserien der Lars Monsen kryssar Canada. Det var ein eller to referansar til Helge Ingstad der, og det fekk meg til å henta denne fram frå bokhylla. Eg er jo vorten så pass gamal at eg les bøker om att. Det er sikkert tretti år sidan eg las denne fyrste gongen, og ho held seg godt.

Helge Ingstad var utdanna advokat, og dreiv eige kontor i Levanger frå 1922. Fire år seinare selde han det, og reiste til Canada for å gjera det han drøymde om - å leva som pelsjeger i øydemarka. Det gjorde han, og han gjorde det godt nok til at han vart der i fire år. Kvar sommar var han, slik dei fleste jegrane var, i den vesle byen Snowdrift, men resten av året var han jeger.

Det er ikkje jaktinga hans som gjer dette til ei så fin bok. Ingstad er ein svært habil skribent, og flotte naturskildringar og flotte formuleringar kjem strøymande heile tida. Han legg for dagen ein stor respekt for naturen og for dei som lever der, og det er heller ikkje vanskeleg å sjå at han trivst i naturen. Han prøver heile tida noko nytt - han jaktar saman med ein norskamerikanar, han jaktar og lever saman med indianarar, han prøver å greia seg heilt åleine, osb.

Guffen tilrår.

Meir Ingstad på kulturguffebloggen
Helge Ingstad: Øst for den store bre (1935)
Helge Ingstad: Klondyke Bill (1941)
Helge Ingstad: Nunamiut (1951)
Helge Ingstad: Landet under leidarstjernen (1959)
Helge Ingstad: Vesterveg til Vinland (1965)
Benedicte Ingstad: Eventyret (2009)
Benedicte Ingstad: Oppdagelsen (2010)

13. august 2017

Alice Munro: Who Do You Think You Are? (1978)

Novellene i denne samlinga handlar alle om Rose. Me følgjer ho i, ja, førti-femti år, frå ho veks opp saman med faren og stemora Flo, til ho kjem attende til heimbyen for å plassera Flo på ein eldreheim. I Canada vart boka fyrst publisert under tittelen The Beggar Maid. Stories of Flo and Rose.

Det er altså mykje som bind novellene saman, men dei er sjølvsagt alle frittståande, og kan sjølvsagt alle lesast kvar for seg. Å lesa dei samla er likevel lurast, då følgjer me Rose gjennom livet. Og for eit følgje det er. Her er ti noveller, og eg likte alle svært godt. Dei er velskrivne, velkomponerte, og viser godt korleis Rose ikkje greier å finna seg heilt til rette. I oppveksten kjem ho frå feil side av byen, på festar i arbeidslivet kler ho seg feil og et feil mat, då ho giftar seg er det med ein ho eigentleg ikkje vil ha, då ho flyttar til Vancouver frå ein liten by diktar ho opp nokre løgner for å forsvara flyttinga. Ho verkar mest av alt som ein ressurssterk person utan tru på seg sjølv.

Eg er halvveges gjennom bøkene til Munro no. Eg kjenner alt at det vert tomt når det ikkje er fleire å ta av.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

26. mars 2017

Stories We Tell (2012)

Eg har sett nokre episodar av NRK-serien Hvem tror du at du er? I den serien går meir eller mindre kjende kjendisar på oppdagingsferd i si eiga slektshistorie. Av og til vart det godt fjernsyn av det, andre gonger var oppdaginga for små.

Denne filmen siglar i eit liknande farvatn, men er langt, langt betre. Den canadiske skodespelaren og filmregissøren Sarah Polley intervjuar sin eigen familie, for å verta betre kjend med mor si. Mora døydde då Sarah Polley var elleve år. Det ho finn ut er ikkje alltid like behageleg, men måten det vert fortalt på er glimrande. Ho plukkar vekk lag for lag. Historia er relativt harmonisk fram til mora døyr - det vert fortalt at foreldra hadde mist mykje av gnisten, men det tok seg opp att om lag då Sarah vart fødd. Men så dukkar det opp litt av kvart. Det viser seg at far hennar ikkje er den biologiske far hennar. Det viser seg at då mor hennar skilde seg frå den fyrste ektemannen sin, fekk han full omsorgsrett for dei to borna dei hadde saman. Både far deira, og stemora, mishandla ungane. Og det viser seg at han mange trudde var den biologiske far hennar slettes ikkje var det. Sarah møter den eigentlege far sin. Den siste halvtimen av filmen handlar mest om korleis denne historia skal forteljast, og også den delen står med glans: Kva historier fortel me om liva våre? Korleis skal dei forteljast? Kven skal fortelja dei, kven skal me tru på? Ein fin, fin film.

Guffen tilrår.

30. januar 2017

Alice Munro: Something I've Been Meaning to Tell You (1974)

Eg les meg sakte gjennom bibliografien til Alice Munro, og det er stas av fleire grunnar. Med det rolege tempoet eg har lagt opp til er det framleis lenge til eg har vore gjennom alle bøkene hennar. Like viktig er det, slik det står i eit avissitat på baksida, at det er nok å lesa ei novelle for dagen. Då slår ikkje novellene kvarandre i hel, og ein kan tenkja vidare på det ein nett har lese.

For det er altså glitrande noveller Munro skriv. Eit særdrag ved denne samlinga ser ut til å vera møte på tvers av generasjonar, der ei ung kvinne vitjar eller bur saman med eldre slektningar. Novellene er bygde opp på same viset - den fyrste halvdelen får på plass stemninga og me vert kjende med karakterane, før det som er av dramatiske høgdepunkt og uventa vendingar kan dukka opp.

Det er det ikkje alltid det gjer, utan at det svekkar novellene. Jamt over er dette svært bra. Aller best er "Tell Me Yes or No", der det i høgste grad er ei uventa vending i den andre halvdelen.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

6. november 2016

Alice Munro: Lives of Girls and Women (1971)

Denne boka, som er den andre Alice Munro gav ut, vert på tittelbladet omtala som ein roman. Det er den einaste romanen Munro gav ut, og hadde det ikkje vore for at det står i boka at det er ein roman, ville eg teke dette for å vera ei novellesamling. Kapitla i boka vert alle fortalt av den same jenta, Del Jordan, og fortel om hendingar som i større eller mindre grad endrar ho frå å vera jente til å vera kvinne. Nokre få hendingar vert refererte til i andre kapittel, men elles er kapitla heilt frittståande. Likevel - kallar Munro boka for ein roman, er det klart at det er ein roman.

Her er ei rekkje sterke kapittel. Handlinga er lagt til det rurale Canada, der Munro vaks opp, i tida før, under og etter andre verdskrigen, Boka vert gradvis betre, og dei to novelle som avsluttar boka, tittelnovella og "Baptizing", er dei beste. (Det kjem ei kort epilog-novelle heilt til slutt.) I desse to novellene er Del gamal nok til å vita kva sex for er noko, og kapitla fortel fint om korleis ho fyrst lærer om det, vert vitne til det, og til slutt prøver det sjølv. Det viktige er likevel ikkje sjølve sexen. Gjennom desse opplevingane fortel ho om korleis ho vert meir og meir klar over at kvinner er undertrykte, og at dette ikkje er noko ho kan eller vil godta.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

30. august 2016

Alice Munro: Dance of the Happy Shades (1968)

Eg har lese nokre bøker av Munro dei siste åra, og har heile tida vorte imponert. Eg fann ut at dette er ein forfattarskap som kan lesast frå A til Å, så eg tinga dei fyrste bøkene og la i veg med debutboka. Det er ei uvanleg presis og god samling noveller - undervegs i lesinga måtte eg sjekka om dette faktisk var debutboka. Novellene verkar så gode og sikre at det minte meir om arbeidet til ein røynd forfattar.

Dei fleste novellene har ei ung jente i hovudrolla. Av og til er denne jenta heilt lita og bur heime hjå foreldra; andre gonger er ho i tenåra eller endå nokre år eldre. Handlinga er ofte lagt til den canadiske landsbygda, eller til småbyen Jubilee. Til og med eg, som berre har lese nokre få bøker av Munro, kjenner att drag frå andre bøker, også frå noveller ho sjølv har omtala som sjølvbiografiske.

Novellene fortel ikkje innfløkte eller dramatiske historier. Fyrste delen av kvar novelle presenterer litt av bakgrunnen, og så kjem det ei hending eller ei vending som fullfører historia. Det er heile tid ei god stemning, Munro skriv så sikkert at det er lett å verta riven med, og det var i det heile ein fryd å lesa denne boka.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

28. mai 2016

Alice Munro: Dear Life (2012)

Dette er så langt den siste boka med nye noveller frå Alice Munro. Eg kan godt håpa på fleire samlingar, men ho rundar 85 i år, så det kan henda at ho har gjeve seg med skrivinga, kva veit eg. Dei fire siste novellene, eller tekstane, i denne boka hintar om at ho ser på dette som ei avskilsbok. Før dei fire tekstane kjem det ei kort melding til lesaren: Munro skriv at dei fire tekstane som no kjem eigentleg ikkje er stories. Dei høyrer saman, og vert omtalte som tilnærma sjølvbiografiske. "I believe they are the first and last - and the closest - things I have to say about my own life". Dei fire stykka er annleis enn resten av boka, men ikkje så annleis. Utan den innleiande kommentaren kunne dei godt passert som aldeles oppdikta noveller.

Og både dei og dei andre novellene i boka er jamt over vellukka. I fjorten dagar las eg éi (eller to) noveller før eg gjekk til sengs, og det var ein god måte å avslutta dagen på. Novellene krinsar gjerne rundt eit vendepunkt eller ei viktig handling i livet til hovudpersonen/-personane. Det er ikkje dei mest dramatiske handlingane, men dei er likevel viktige nok til at den knappe handlinga fengar. Og novellene er eksemplarisk oppbygde, og er (sjølvsagt) skrivne i eit sikkert språk.

Men dette var altså den ferskaste boka til Munro. Det er framleis stas å lesa bøkene hennar, så det er vel ikkje anna å gjera enn å spola tilbake til debutboka hennar, og gå gjennom heile bibliografien.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Too Much Happiness (2009)

16. januar 2016

Alice Munro: The View from Castle Rock (2007)

I denne novellesamlinga hentar Alice Munro historier frå sitt eige slektstre. Mykje av det som står her er (truleg) sant, men i eit føreord strekar ho under at det er historier. Det er oppdikta.

Det heile opnar heller traust og livlaust. Farsslekta hennar emigrerte frå Skottland til Canada, og i den fyrste novella skriv ho om korleis den siste generasjonen i Skottland levde. Livet var hardt, det var fattigdom og lite mat. Denne opningsnovella er òg heller keisam, og eg tenkte at viss det held fram slik, vert dette ei seig bok å koma gjennom. Det heldt ikkje fram slik. Novellene vart betre og betre, og etter den siste novella, der ho skriv mykje om døden, var det heller slik at 340 sider ikkje var nok.

Den siste delen av boka handlar om hennar eige liv. Det er ikkje meint som nokon biografi, ho går inn i seks spesifikke episodar, og skriv fantastiske noveller rundt dei. Språket er veldig roleg, men det er ein enorm dynamikk i tekstane, som gjer at det, i alle fall for meg, var uråd å verta gripen. Ei finfin bok.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
Too Much Happiness (2009)
Dear Life (2012)

26. desember 2015

Sharry Wilson: Young Neil (2014)

Eg les mange bøker om eller av musikarar, og nemner ofte at forfattarane legg altfor stor vekt på oppvekståra. Det er ikkje der dei gode historiene ligg, og ofte er det ikkje meir enn ein altfor detaljert gjennomgang av slektshistorie og familiemedlemmar og skulegang og lærarar og slikt. Og så kjem denne boka - som berre handlar om tida fram til Neil Young reiser frå Winnipeg som tjueåring. Boka er eit blinkskot.

Me følgjer Young frå skule til skule, frå skuleår til skuleår. Far hans var journalist, og familien flytta fleire gonger. Young vaks altså opp fleire stader i Canada, både i små og store byar, og gjekk sjølvsagt på fleire ulike skular. Det vart ikkje betre av at han fekk polio, og var fleire månader i det varmare Florida nokre år, til han vart sterkare. Han var skuleflink, i alle fall så lenge han tok skulen på alvor, men var heilt uinteressert i å driva med sport. Det som gjorde han litt populær var at faren etter kvart vart ein landskjent sportsjournalist, og at han fann glede i musikken.

I Winnipeg, der han budde dei siste tenåra, gjorde han stor suksess som gitarist og seinare vokalist i bandet The Squires. Gradvis merka han at han var langt meir ambisiøs enn dei andre, og han tek rolla som bandleiar alvorleg - må nokon ut av bandet, sparkar han dei. Det er ikkje noko liv i velstand, men han greier seg. Etter at foreldra skilde seg budde han hjå mora, men han bad ofte faren, som budde i Toronto, om hjelp med pengar. Det fekk han ikkje alltid, faren var lenge skuffa over at Young nedprioriterte skulen.

Wilson fortel alt dette og meir til på ein glimrande måte. Av og til vert ho for detaljert, til dømes når ho snakkar om gitarar og forsterkarar som vart brukte av andre musikarar i byen, men stort sett var dette vel verdt bryet.

Guffen tilrår.

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Scott Young: Neil and Me (1984)
Jimmy McDonough: 
Shakey (2002)
Sam Inglis: Harvest (2003)
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Waging Heavy Peace (2012)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)

28. juli 2015

Alice Munro: Too Much Happiness (2009)

Alice Munro fekk nobelprisen i litteratur for eit par år sidan. Eg kjøpte denne boka kort tid etterpå, men har ikkje somla meg til å lesa ho før no. Boka var absolutt verdt ventinga.

Her er ti noveller, og åtte av dei er så godt som feilfrie. Hovudpersonane er som regel kvinner - i den eine av dei to novellene som ikkje trefte meg er hovudpersonen mann. Den andre, tittelnovella, fortel om livet til den russiske matematikaren og forfattaren Sophia Kovalevsky.

Men dei andre er altså finfine. Forteljarane har ofte vorte dårleg behandla eller mishandla av menn, anten fysisk eller psykisk. Nokre tek hemn, nokre greier å frigjera seg, andre gjer det ikkje. I ei av dei beste novellene, "Wenlock Edge", fortel hovudpersonen om ein middag med velgjeraren til romkameraten hennar på college. Han er ein eldre mann, men greier å få ho til å gjera akkurat det han vil - som er at ho skal eta middagen sin naken, og at ho etterpå skal lesa høgt for han, framleis naken. Umiddelbart synest ho det er rart, men gjer det likevel, og skamma kjem lenge etterpå. I ei anna novelle fortel ei eldre kvinne om då ho og ei veninne på ein sommarleir tok livet av ei jente dei ikkje likte. Også det er ei novelle som gjorde inntrykk - og slike var det mange av. Eg må lesa meir av Munro.

Guffen tilrår.

Meir Munro på kulturguffebloggen
Dance of the Happy Shades (1968)

Lives of Girls and Women (1971)
Something I've Been Meaning to Tell You (1974)
Who Do You Think You Are? (1978)
The Moons of Jupiter (1982)
The Progress Of Love (1986)
Friend Of My Youth (1990)
Open Secrets (1994)
The Love of a Good Woman (1998)
Hateship, Friendship, Courtship, Loveship, Marriage (2001)
Runaway (2004)
The View from Castle Rock (2007)
Dear Life (2012)