3. oktober 2021

John Steinbeck: Journal of a Novel (1969)

 

Der finst nokre forfattarar eg har lese alt skjønnlitterært av. John Steinbeck er ein av dei, og av og til les eg òg litt av det faglitterære han har skrive. Slik som denne boka.

Ein av dei aller finaste romanane til Steinbeck er East of Eden. I denne boka skildrar han korleis romanen vart til, og han gjer det i sanntid: Han har fått ei romsleg skrivebok frå redaktøren sin, Pascal Covici. Kvar skrivedag opnar med at han skriv eit slags dagboksnotat til Covici på ei venstreside i den boka, før han går over til å skriva romanen på høgresidene. Han skriv med blyant, og bruker ni månader på å skriva eit fyrsteutkast.

Det er uventa fascinerande. Han skriv litt om dagleglivet, men denne boka er klart best når han drøftar East of Eden. Han forklarar litt, han skriv om når han slit, han skriv om når det nesten går av seg sjølv. Han skriv tidleg at han veit at dette vert eitt av hovudverka hans, og han skriv om si eiga familiehistorie. Arbeidstittelen for boka var Salinas Valley, dalen der Steinbeck vaks opp, og han skriv ofte om at den og den hendinga er inspirert av noko nokon i slekta har fortalt han.

Men han ser det altså som eit hovudverk. Eit lite halvår ut i skrivinga kjem dette avsnittet: One thing I must say - I have never enjoyed my own work as I have this book. I am as excited about it now as on the day I started it. There is no letdown in my energy. I still think it is The Book, as far as I am concerned. Always before have I held something back for later. Nothing is held back here. This is not practising for a future. This is what I have practiced for. 

Det er både informativt og imponerande å fylgja Steinbeck i skriveprosessen. Han veit kva han vil, og gjer det han har tenkt å gjera. Sjølvsagt vart manuset redigert i ettertid, men det verkar som om han har laga ein plan for korleis boka skal skrivast, og så gjer han det berre. Me får altså sjansen til å vera flue på veggen når ein stor forfattar skriv ein av dei beste romanane sine. Det er opplagt at me må nytta ein slik sjanse. 

Guffen tilrår. 

Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
Tortilla Flat (1935)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Of Mice and Men (1992, film)
Geert Mak: USA. En reise (2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar