21. april 2011

Jørgen Norheim: Ingen er så trygg i fare (2002)

For denne boka vart Jørgen Norheim nominert til Nordisk råds litteraturpris. Før nominasjonen var han heller ukjend, og dei aller fleste avisene fekk det travelt med å melda denne boka. Eg hadde heller ikkje lese noko av han, men las denne boka hausten ho kom ho ut. Eg likte ho godt, og henta ho like godt fram att no. Boka held seg framleis godt.

Norheim flettar suverent saman fleire historier. Hovudpersonen er Kapo, som på eige initiativ har teke over foreldreansvaret til åtte år gamle Kain. Kapo har aldri møtt far sin, og med god hjelp, god fantasi og stor innsikt finn han til slutt far sin på eit stevne for gamle krigsheltar i Novgorod. Parallelt med det dette møter me mellom anna Dagleg Leiar, ein fallert pengeryttar, og den lovande politikaren Karl E. Hagen, og desse står for heilt andre verdiar enn Kapo og omgangskrinsen hans. Hagen får makta i Noreg, og det ser ikkje direkte lovande ut for landet.

Det viktigaste i boka er likevel skildringane av far og son. Norheim skriv fint om å vera far, om å ha far, og om å mangla far. Aller best er han i opningskapitlet, ei fabelaktig skildring av korleis Kapo tek Kain med seg til ei koie i Femundsmarka. Det er tilfeldigvis jolekvelden, og det er tilfeldigvis myrkt, slik at dei må navigera etter stjernene. Dei to bur stort sett i denne koia, og skildringane av korleis dei har det der står i kontrast til skildringane av bylivet.

Jørgen Norheim framstår som svært kunnskapsrik. Han briljerer med kunnskap om norsk og tysk historie, til liks med i debutboka dukkar det av og til opp verseliner frå nynorske klassikarar, og han har eit uvanleg godt og rikt språk. Det er ei sann glede å lesa slike bøker.

Guffen tilrår.

Meir Norheim på kulturguffebloggen
Liten svein i bærskog ut (1994)
Adjutanten (2008)
Aldri redd for mørkets makt (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar