26. april 2013

Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)

Det Norske Teatret fyller hundre år i år (hurra!), og programmet ber til dels preg av det. Skodespelarane ved teatret vart spurde om kva stykke frå dei siste åra dei sjølve gjerne ville setja opp på ny, og fleirtalet ville visst ha Bikubesong. Det var ikkje så rart - stykket var ein stor suksess då det vart sett opp for bortimot ti år sidan, det gjekk for fulle hus i fleire sesongar. Tilfeldigvis såg eg og Marit det berre nokre dagar etter premiera då, og no fekk eg sjanse til å sjå det igjen.

Det var det verdt. Stykket er basert på delar av Grytten-romanen, og det er gode historier som er valde ut. Historiene er vevde inn i kvarandre, slik at det vert tydelegare her enn i romanen at dei skjer i og rundt det same huset. Opningskapitlet i romanen, om han 40-åringen som er besett av The Smiths, står sentralt i stykket. Viss her er ein hovudperson, må det vera han. Musikken til The Smiths er òg med gjennom heile stykket.

Men her er meir, sjølvsagt er det det. Det vert ofte sagt at Grytten skriv om vanlege folk, og slik er det i alle fall her. Alle har ambisjonar om noko meir, fleire er litt for glade i å drikka, alle slit med elementære menneskelege relasjonar - slik sett er det symptomatisk at der ikkje er eit einaste harmonisk parforhold i heile stykket. Den ekstremt happy endinga i epilogen bryt såleis med resten av stykket.

Scena har fire nivå, som trappetrinn bakover, der kvart nivå er ulike rom - puben Smeltaren; gata utanfor Murboligen; stove og bad; og soverom. Det vekslar mellom ulike leilegheitar, gjerne i rasande tempo, men det er likevel aldri vanskeleg å skjøna kva familie det handlar om, eller kva leilegheit me er i. Det er finfint teater, der dei fleste rollene vert spelte av dei same som hadde rollene sist stykket vart sett opp.

Guffen tilrår.

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.2017)

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Flytande bjørn (2005)

Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Sånne som oss (2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar