Viser innlegg med etiketten fjell i syningom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjell i syningom. Vis alle innlegg

21. januar 2019

Sven Moren: Aust or markom (1909)

I sommar var me som vanleg ein tur innom Molde. I ei sidegate såg eg eit Antikvariat-skilt. Eg gjekk (sjølvsagt) innom, og såg, litt uventa, at det var Jon Peder som dreiv det. Me snakka litt saman etter gamalt, han spanderte kjeks og kaffi, og eg kjøpte med meg nokre bøker. Han tilrådde denne av Sven Moren, og sidan eg av og til tek mot boktips, kjøpte eg ho.

Det angrar eg ikkje på. Viss eg skulle angra på noko, måtte det i tilfelle vera at eg har venta eit halvt år med å lesa ho. Boka inneheld sju stykke, eller noveller, eller forteljingar, og undertittelen på boka (Skildringar fraa skogane) fortel kvar historia hentar handlinga si. Moren var sjølv bonde i Trysil, hadde mykje skog, og det er tydeleg at han kjenner skogmiljøa godt. Han tek opp ulike emne i forteljingane - korleis sjuke folk vert handsama, problema kring utvandringa (både for dei som reiser og dei som vert att), skilnader mellom unge og gamle, jakt og fiske, osb.

Det store i boka er likevel språket. Moren har eit uvanleg rikt ordforråd, og han bruker det uvanleg godt. Her er ei rekkje gode formuleringar og metaforar, og det er imponerande at han, som konverterte til landsmål (nynorsk) etter å ha vore i måldebatt med Lars Eskeland tidleg i 1890-åra, skriv så rikt og levande. Han leikar seg òg med språket, i ei av forteljingane, eg trur det var "Langt burt i skogen", aular det av gode bokstavrim.

Guffen tilrår.

Meir Moren på kulturguffebloggen
Menn eg møtte (1938)

10. mai 2018

Jan OIav Gatland: Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré (2018)

Mons Litleré er ein av heltane i den tidlege målsoga. Han vaks opp i Naustdal, vart overtydd målmann, og tok til med forlagsdrift og bokhandel. Han flytta seinare til Bergen, og vart etter kvart sentral i den norske målrørsla. Han redigerte ei tid avisa Firda, og gav ut meir enn hundre bøker på forlaget sitt, dei fleste på landsmål. Økonomisk var det ikkje velstand, men målforfattarane godtok at betalinga ikkje kom med ein gong, det var jamt over semje om at dette var eit forlag og eit tiltak som måtte støttast. Litleré døydde i 1895, berre 28 år gamal, men han sette altså spor etter seg.

Desse spora har Gatland funne mange av. Han går detaljert til verks, og her ligg både styrken og svakheita ved boka. Boka er i hovudsak lagt opp kronologisk, men det kjem òg små og store kapittel om forfattarane som skreiv for han. Det vert referert frå brev, det står om opplag og økonomi, og det står om bokmeldingar. Sjølv om dette opplagt har sin verdi som kjeldeskrift, vert det for repeterande å lesa det. For 35 år sidan gav Idar Stegane ut ein langt kortare biografi om Litleré, og eg vart vel like klok av å lesa den.

Guffen er lunken.

Meir Litleré på kulturguffebloggen
Idar Stegane: Mons Litlerés forlag (1983)

14. desember 2017

Olav Fjørtoft: Olaus J. Fjørtoft (1921)

Olaus Fjørtoft vert gjerne presentert som ein av dei tidlege rabulistane i den norske målsoga. Han var fødd på Flemsøy på Sunnmøre i 1847. Han var uvanleg oppvakt, med spesielt store kunnskapar i matematikk. Han gjekk på skule i Ålesund og på Molde, før han flytta til Kristiania, der han budde resten av livet. Han livnærte seg som privatlærar i matematikk, og var òg medredaktør av bladet Tiraljøren og redaktør av Fram (1871-73). Han skreiv òg nokre bøker og småskrifter, mellom anna ei lærebok i praktisk rekning.

Politisk låg han langt ute til venstre, og det gjorde at han vart endå meir uglesett. Han var målmann, men kjempa for ei ortofon rettskriving, altså ei rettskriving som minner mest mogeleg om talespråket. Dei som ynskte seg ei sams form for heile landet, mellom anna Ivar Aasen, var usamde i dette. Aasen var likevel ein av få Fjørtoft sett høgt og hadde respekt for livet gjennom. Han kom på kant med sin eigen familie etter at på ein heimtur til Sunnmøre kom i ordskifte med den lokale presten. Han døydde i 1878, 41 år gamal.

Namnet på forfattaren av denne boka kan tyda på at det er ein slektning som har skrive henne. Ynskjet til forfattaren er i alle fall at boka skal vera med på å henta Fjørtoft fram att, han meiner at det er dumt at Fjørtoft alt (i 1921) var i ferd med å verta gløymd. Olav Fjørtoft gjer ein god jobb, han går grundig til verks, sjølv om han ikkje er spesielt kritisk til Olaus Fjørtoft.

Guffen tilrår.

15. august 2017

Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)

Hulda Garborg skreiv dagbok frå 1903 til ho døydde i 1934. I desse åra var ho sentral i målrørsla - ho skreiv bøker og avisinnlegg, og var i tillegg drivkrafta fram mot skipinga av Det Norske Teatret i 1913. Ho var mykje på reis, både innan- og utanlands, men dei to faste basane var heimen på Labråten i Asker, og hytta på Kolbotn i Østerdalen.

Før ho døydde gav ho Rolv Thesen oppdraget med å gå gjennom dagbøkene for å sjå om dei kunne publiserast. Han fekk med seg Karen Grude Koht, som hadde kjent Hulda i åra det var snakk om, og dei vart samde om kva emne som skulle vera med. Utgjevinga vart utsett då krigen kom, og seinare døydde Koht. Thesen fullførte denne utgjevinga i tråd med det dei to var samde om.

Det er altså snakk om eit utval. Det er sjølvsagt uråd å seia at det utvalet er det rette, men det verkar likevel som eit godt utval. Det handlar mykje om samlivet mellom Hulda og mannen hennar, Arne Garborg. Ho legg det meste godt til rette for han, ho skriv til dømes om kor redd ho er for å forstyrra han når han er oppteken med skriving. Ho ser opp til han, men kan òg le av kor hjelpelaus og distré han av og til kan vera. Det handlar mykje om andre i målrørsla, der Hulda kommenterer små og store hendingar. Og det handlar mykje om arbeidet med teateret. Ho skriv detaljert frå turneane til Det norske spellaget frå 1910, omtrent, og ho skriv om det fyrste eigentlege driftsåret til Det Norske teatret.

Det er mykje godt å seia om det ho skriv. Det er sjølvsagt eit nyttig kjeldeskrift, men det er òg mange språklege godbitar. Då Garborg-paret vert inviterte til slottsball skriv ho til dømes at det diverre er heilt uaktuelt, då Arne ikkje dansar, ikkje snakkar, og ikkje har lakksko. Dessutan ville han nok heller gå i fengsel enn å visa seg på eit ball. Ho reiste likevel på ballet, saman med to gode veninner. Ho skriv òg detaljert om ein tur til USA i 1913, der ho var med under avdukinga av ei Ivar Aasen-byste ved Concordia College. Ho vitja slekt, ho vitja mange norsk-amerikanske småsamfunn, men den dagen som gjorde mest inntrykk var då ho var ein dag hjå nokre indianarar.

Guffen tilrår.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

14. desember 2016

Per Halse: Peter Hognestad. Språkstrid og heilag fred (2016)

Peter Hognestad (1866-1931) var ein av desse som gjekk føre. Han var den fyrste som heldt preike på landsmål i Kristiania (1901). Han var hovudredaktør for Fyrebelsbibelen (1921). Saman med Bernt Støylen og Anders Hovden stod han bak Nynorsk salmebok (1925). Omsetjinga hans av "Fager kveldssol smiler" er uvanleg vellukka. (Diktet er eigentleg skrive av August Heinrich Hoffman von Falleersleben frå Tyskland, som òg skreiv "Deutschland, Deutschland über alles".)

Hognestad var prest, og vart i 1916 biskop i Bjørgvin, og religion og målsak var dei to store sakene i livet hans. For meg, som er langt meir oppteken av målsak enn av religion, var det langt meir gjevande å lesa om det han gjorde for målet. Per Halse har gjort eit grundig arbeid med denne biografien, men av og til vert det for detaljert og omfattande. Kanskje det skuldast det eg nett nemnde, altså at eg er meir oppteken av målmannen Hognestad, men dei avsnitta eg fann for detaljerte handla alle om teologi og hendingar frå det fagfeltet.

Guffen er lunken.

19. mars 2016

Henrik Krohn: Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjerland (1868)

Av tidlege nynorske reiseskildringar er det ingen som kan måla seg med Ferdaminne, som Aasmund Olavsson Vinje gav ut i 1861. Der Vinje gjekk frå Kristiania til Trondheim i 1860, går Henrik Krohn ein kortare tur om lag ti år etterpå. Han eigde ein stor fruktgard i Sogndal, og saman med ein anonym musikarven går han frå Sogndal til Veitastrond og over breen (der han er samlast, vel) til Fjærland. Planen er å gå heile vegen attende til Sogndal, men dei tek i staden båt frå Fjærland. Dei har med seg lokalkjende store delar av turen.

Det er ein tur utan den store dramatikken, det mest dramatiske er då musikaren held på å gli ut på veg ned ein bratt bre. Sikring driv dei ikkje med. Det er heller ikkje dramatikken som gjer denne boka lesverdig. Krohn var ein av dei tidlege målmennene i Bergen, og skriv godt. Han er full av respekt for bygdefolket, og klagar ofte over at byfolk ikkje greier å sjå kor høgt bygdefolk bør setjast. Krohn skildrar òg naturen rundt seg godt, og det er stas å sjå kor godt han får fram gleda ved å vera i naturen. Det dreg litt ned at det mot slutten kjem eit langt dikt om Geirstad-Trond, ein lokal helt, men det får me heller leva med.

Boka har eit føreord av Johannes Gjerdåker, der han gjev eit greitt oversyn over livet og arbeidet til Krohn.

Guffen tilrår.

Meir Gjerdåker på kulturguffebloggen
Vidare enn Voss. Johannes Gjerdåker 75 år (Voss, 15.9.11)
Johannes Gjerdåker-kveld (Voss, 24.1.14)

20. september 2014

Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)

For mange år sidan var eg med på å laga utstillinga "Askerkretsen". Det var eit nettverk av kunstnarar og forfattarar og målfolk, som i større eller mindre grad krinsa rundt Labråten, heimen til Hulda og Arne Garborg i Asker. No har denne krinsen omsider fått historia si i bokform, og det er bra.

For det er ei finfin bok. Rasmus Steinsvik kjøpte Labråten i 1897, for at han og kona Marta, dei to Garborgane, og Karen og Ivar Mortensson skulle slå seg saman i eit slags kollektiv. Dei neste 27 åra, fram til Arne Garborg døydde, var dette eit nynorsk kultursentrum. Det var her dei budde, dei viktigaste målideologane. Det var her grunnleggjaren av Det Norske Teatret budde, det var her grunnleggjaren og den viktigaste redaktøren i avisa Den 17de Mai budde, og det var den viktigaste forfattaren skreiv, i alle fall deler av tida. Han drog til seg andre forfattarar og omsetjarar.

Så det er ei bok om nynorske heltar, dette, men det er heltar med svært mange veike sider. Nokre ravar rundt i fylla, andre ravar inn og ut av galehus (medan andre igjen godt kunne gjort det), nokre er asosiale, nokre er dårlege ektemenn, så godt som alle har dårleg helse. Fidjestøl har respekt for det dei har gjort, men kvir seg ikkje for å dra fram desse veike sidene. Forfattaren Rasmus Løland sleit til dømes med tvangstankar, han trudde at det voks ein tråd ut av bakhovudet sitt, slik at han måtte gå same ruta att og fram når han skulle ut av huset sitt - elles ville tråden hekta seg fast ein eller annan stad. Arne Garborg var heller ikkje heilt stabil; då han og Hulda i 1901 la seg inn på eit fredeleg pensjonat for at han skulle fullføra I Helheim, fekk han problem med utsjånaden til ei av dei tilsette der. Ho hadde eit misforma andlet, og Garborg meinte at han vart sjuk av å sjå på henne. Viss ho hadde reidd opp senga hans, nekta han å sova der.

Så her er litt av kvart å smila av, men fyrst og fremst er det ein flott fellesbiografi over eit miljø som prega målrørsla, og som sette spor etter seg som framleis er tydelege. Det er mange og mykje å halda styr på, men Fidjestøl har full kontroll, og viser på ein overtydande måte kor viktig dette miljøet var. Så får me heller godta at han ikkje har sett seg nok inn i dei meir perifere kjeldene sine til å vita at Norsk Barneblad ikkje er det eldste barnebladet i verda.

Guffen tilrår.

Meir Fidjestøl på kulturguffebloggen

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

29. juli 2014

Reidar Bolling: Bernt Støylen (1951)

Det var i dei dagar då biografiar ikkje var så omfattande som no. Det var visst heller ikkje så store krav til kjeldetilvisingar og namneregister, og det var heller ikkje så nøye å tidfesta alt som vert fortalt. Det er nok å bruka omgrep som "seinare" eller "etterpå" - begge orda kan visa til ting som hende i veka etter, eller mange år seinare. Det er òg høgst tilfeldig kva det vert lagt mest vekt på, eller - tilfeldig er det jo ikkje, men ein tydeleg redaktør ville ha sagt frå om at her vert forfattaren for detaljert, andre ting i boka verkar no mindre viktige.

Og det var i dei dagar at denne biografien vart skriven. Bolling er ein stor beundrar av Støylen, og det skin gjennom heile vegen. Det er ikkje måte på skryt, det biletet som vert skapt av Støylen er utan plett og lyte. At han ikkje hadde svake sider verkar rart.

Støylen voks opp på Sunnmøre, tok teologisk utdanning, og vart med tida biskop i Agder. Han var salmediktar, han skreiv mykje i aviser, han var ein av dei tre bak Nynorsk salmebok, og han var mykje anna. Grunnen til at eg plukka opp denne boka var at han i rundt ti år var medredaktør i Norsk Barneblad. Akkurat det vervet gjer Bolling seg ferdig med på ei setning eller to.

Det er mykje rart å seia om denne boka, men samstundes har bøker som dette sin sjarm. Det vert feil, slik eg gjorde over, å jamføra med biografiane som vert utgjevne i dag. Det er rettare å kalla dette ei minnebok, og det er stas at slike bøker vart gjevne ut.

Guffen er lunken.

24. juli 2014

Inger Indrebø Eidissen: Gustav Indrebø. Ei livsskildring (1993)

Gustav Indrebø var ein av dei mest profilerte målmennene i tiåra før den andre verdskrigen. Han var lenge formann i Det Norske Samlaget, nokre år formann i Noregs Mållag, og engasjerte seg i dei dagsaktuelle sakene. Mållova var ganske ny, og han prøvde å få folk til å ta den på alvor. Han var svært kunnig i stadnamn, og var med i fleire av debattane om fornorsking av namn på norske byar og stader. Han vart etter kvart svært oppteken av rettsskriving, og stod trufast på i-målssida i drøftingane om ny rettskriving i 1930-åra.

Denne biografien gjev ikkje eit altfor balansert bilete av Indrebø. Det kan ein kanskje heller ikkje venta, all den tid forfattaren skriv om far sin. Men ein må kunna venta litt meir engasjement rundt det som vert skrive, og ei bok som er betre strukturert enn denne er. Det er nesten paradoksalt at ein så engasjert og interessant person som Indrebø får ei så lite engasjerande og interessant bok. Det er mykje oppramsing, små saker får stor plass, medan større saker får mindre plass. Boka har òg ein rar disposisjon, der saker som burde høyra saman vert drøfta på heilt ulike stader.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

3. august 2013

Vetle Vislie: Aasmund Vinje (1906)

Denne boka kom ut i serien "Norske folkeskrifter", som Noregs Ungdomslag og Studentmållaget gav ut. Det er ikkje noko omfattande bok, men stor nok til at ho gjev eit godt bilete av Vinje.

Vislie er ein god biograf, han er ikkje ein av desse som vil skryta den biograferte opp i skyene. Sjølvsagt ser han gode sider ved Vinje, og spesielt diktaren Vinje får mykje skryt. Men han meiner òg at Vinje var så kunnskapsrik at han kunne vorte kva som helst, hadde han ikkje berre vore så strategisk hjelpelaus. Med avisa "Dølen" gjorde han seg til uven med alle. Ikkje berre var språket dårleg likt av mange av dei i hovudstaden som kunne hjelpt han; han skreiv òg kritiske artiklar om fleire av dei. Samstundes skreiv han òg mykje negativt om dei som budde i bygde-Noreg, dei som i utgangspunktet var meir positive til målsaka. Ikkje rart at "Dølen" sleit økonomisk.

Vislie konsentrerer seg om yrkeslivet til Vinje. Det står lite om fjellmannen Vinje, og det står òg lite om vener og anna som høyrde privatlivet til. Biografien er lagt opp strengt kronologisk, med eit godt og avsluttande kapittel til slutt. Der kjem mellom anna dette fantastiske avsnittet om korleis Vinje såg ut: "Han var langleitt og heller ljot; andlitet vart tidleg gamalt og skinnturka, det eine auga noko større enn det andre. Munnen var noko skeiv, og det myrkebrune oftast uflidde skjegget dulde ikkje heilt dette lytet. Dessutan var han lang og ledalaus, skakk og skeiv; i mange aar var han halt, og gjekk gruv og lyfte føterne høgt som gjekk han paa ein heideveg millom store steinar. So brydde han seg heller ikkje um aa hama seg; han gjekk oftast i klæde som ikkje passa, og loslitne og falma var dei som oftast attaat. Han var slengjeleg og slurven, uvyrden og frambærleg, og vanvyrde vanleg folkeskikk, og var soleis lite skikka til aa syna fram det beste av den gamle bondekulturen".

Guffen tilrår.

Meir Vinje på kulturguffebloggen
Ferdaminne frå sumaren 1860 (1861)
Idar Handagard: Aasmund Vinje i Staalediktet (1909)
Lyriske dikt (1910)
Olav Midttun: A. O. Vinje (1960)
Langslet og Rydne: Villmann, vismann og veiviser (1993)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Toril Moi leser A.O. Vinje (2016)
Ottar Grepstad: Vinje-bibliografien (2017)

25. juli 2013

Johs. A. Dale: Hulda Garborg (1961)

Hulda Garborg var aktiv på mange område. Ho skreiv artiklar og bøker, ho var ein forkjempar for bunader, ein forkjempar for folkedans og folkeviseleik, ho var sentral i skipinga av Det Norske Teatret. Med den litt over perifere kunnskapen eg har til henne hadde eg ei kjensle av det var dei tre siste av desse områda som var dei viktigaste. Denne boka gjev meg eit anna inntrykk, men det burde ho ikkje ha gjort.

Boka kom ut året før Garborg ville ha fylt hundre år, og det ser ut til å vera ein viktig grunn til at boka vart skriven. Det er ikkje den mest innhaldsrike boka, Dale er innom alle områda Garborg var aktiv på, men det vert heller overflatisk. Heilt til han kjem til forfattaren Garborg. Då går han i djupna på romanar og skodespel, og gjev desse langt større plass enn dei burde ha. Det er nærliggjande å tru at grunnen er at Dale er litteraturvitar, og at han difor konsentrerte seg om sitt eige felt. Det er ein stor minus ved boka; det er ikkje primært på grunn av skrivinga hennar at Garborg var viktig.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

21. juli 2013

Sven Moren: Menn eg møtte (1938)

I all verda - ei gledeleg overrasking i haugen av gamle forfattarar eg durer gjennom i sommarvarmen. Sven Moren var gardbrukar i Trysil, men var òg forfattar og folketalar, og aktiv i fleire norskdomsorganisasjonar. I denne boka fortel han om menneske han møtte - det er stort sett menn, men ei kvinne får òg sitt eige essay.

Det store med denne boka er at Moren både kan skriva og tenkja. Han skriv godt om dei han presenterer, både språkleg og elles. Her er ti-tolv essay, og alle desse gjev oss ei kjensle av at me vert kjende med dei han skriv om, me får ei kjensle av kvifor desse var viktige. Det er journalistar, forfattarar og kunstnarar, og Moren får svært godt fram korleis desse tenkte, og korleis dei arbeidde seg fram. Han skriv òg om nokre som var viktige for Østerdalen. Men mest av alt skriv han om seg sjølv, han er sjølv til stades i alle essaya, der han prøver seg fram som diktar og får støtte, der han prøver seg fram som folketalar og får støtte, osb.

Dei han skriv om er Håkon Nyhuus, Ivar Mortenson Egnund, Helge Væringsaasen, Lars Eskeland, Rasmus Steinsvik, Rasmus Løland, Nikolaus Gjelsvik, Sigbjørn Obstfelder, Hanna Castberg von der Lippe, Tollef Kilde og Anders Hovden.

Guffen tilrår.

Meir Moren på kulturguffebloggen
Aust or markom (1909)

Arne Falk: Frifant-epistlar (1969)

Arne Falk var journalist, som skreiv i og/eller redigerte fleire sentrale nynorske aviser og blad. Han var lenge i Den 17de Mai, eit par år var han medredaktør i Norsk Barneblad, han var innom i Norsk Tidend, og hadde nokre år spalta "Frifant-epistlar" i Dag og Tid. Denne boka strør ikkje akkurat rundt seg med referansar, men eg tippar at den siste halvdelen av boka er henta frå den spalta. Det er den klart minst interessante delen av boka. Fant er ingen stor skribent, og mykje av dette verkar halvferdig. Dei korte tekstane er dårleg oppbygde, og kan gjerne slutta med eit avsnitt som bryt heilt med resten, og som gjerne gjer teksten dårlegare. Han skriv om samfunn og politikk, og han skriv om presse og journalistar, og framstår sjeldan som original eller interessant.

Den fyrste halvdelen av boka er langt betre. Her fortel han om erfaringar frå dei nynorske blada, og om folk han har møtt. Han var ein av dei få som fekk intervjua Olav Duun, han intervjua Arne Garborg, han var på nikk med fleire av dei store forfattarane og journalistane, og fortel til dømes godt om Andreas Haavoll og Rasmus Steinsvik. Her er Falk meir levande, så hadde boka slutta halvveges hadde dette vorte meir verdt bryet.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

20. juli 2013

Konrad Nerheim (red.): Lars Eskeland. Minneskrift (1950)

To bøker om Lars Eskeland på ein månad? Det var då svært. Denne veka gjorde eg nesten ferdig ein artikkel til Gamalt frå Voss, der Eskeland hadde ei viktig birolle, så eg fekk lyst til å lesa litt meir om han. Werring-boka eg las for nokre veker sidan tok uansett ikkje opp alle sidene ved livet til Eskeland, og denne boka utfyller Werring godt.

Samstundes er det eit minneskrift, eit heidersskrift. Det står ikkje mykje negativt om Eskeland her. Etter ei lengre opningsartikkel, der broren Severin og sonen Øystein skriv om slekt og oppvekst og tida fram til han kom til Voss, er der ei rekkje artiklar av folk som kjende han frå ulike samanhengar. Mange av desse hadde hatt Eskeland som lærar, og gjev han ros for å vera ein svært inspirerande og kunnskapsrik foredragshaldar og pedagog. Meir interessante er dei som går rett inn avgjerande situasjonar i livet hans, som då Olav Hoprekstad fortel om ein samtale han hadde med Eskeland rett etter at han hadde konvertert. Det er òg bra når Ola Perstølen skriv om dei mange måldebattane Eskeland hadde med riksmålsmannen Yngvar Brun.

Sjølv om ein tek omsyn til at dette er eit heidersskrift, og skavar av mykje av rosen det fører med seg, står ein framleis att med eit godt bilete av Eskeland. Han var viktig både for folkehøgskulen og målrørsla, og det seier litt når Bjørnstjerne Bjørnson rundt 1890 sa at Eskeland var "Norges høiest begavede ungdom".

Guffen tilrår.

Meir Eskeland på kulturguffebloggen
Henri Werring: Lars Eskeland (1954)

5. juli 2013

Garborg, Hovden og Koht: Ivar Aasen. Granskaren, maalreisaren, diktaren (1913)

Det finst verre måtar å lada opp til tohundreårsdagen enn å lesa dette minneskriftet, som kom for hundre år sidan. Det er ei ujamn bok, men det aller, aller meste av ho er verdt å lesa. Dei tre forfattarane gjer akkurat det ein ventar av dei. Koht skriv ordrikt og godt om livet og arbeidet til Aasen; Garborg skriv godt om diktinga til Aasen, og Hovden kjem med nokre anekdotar om Aasen, og nokre eigne minne frå samværet mellom dei to.

Artiklane til Koht og Hovden er til dels overlappande, og skilnaden i arbeidsmåtane deira er påfallande. Der Koht er nøyaktig og innsiktsfull, er Hovden unøyaktig og overflatisk. Boka tener ingenting på det Hovden skriv, og kunne med hell ha greidd seg med dei to andre artiklane. Det Koht skriv er glimrande. Eg er ikkje heilt sikker, men meiner at han var den fyrste som verkeleg gjekk inn i papira etter Aasen, som vart gjevne til Nasjonalbiblioteket etter at Aasen døydde i 1896. Han viser til brev Aasen skreiv eller fekk, han siterer frå dagbøkene hans, han siterer frå bøkene hans, og det er ein fryd å lesa. Dei som ikkje kjenner Aasen godt kan gjerne ta til her.

Koht er mellom anna heilt klar på Aasen ikkje har noko som helst med nasjonalromantikken å gjera. Det er reint tilfeldig at han gjev ut den fyrste viktige boka si i 1848. For Koht er det viktige at Aasen er ein mann av og for folket, for bøndene rundt om i landet. Det er dei han vil vera ein av, det er dei han vil gje eit språk, det er dei han vil hjelpa fram.

Det eine fellestrekket mellom dei tre artiklane er at alle nemner kor vondt Aasen hadde det. Han drøymde om eit liv på eigen gard, med kone og familie, men måtte nøya seg med eit liv i leigde rom i byen, der han gradvis vart meir og meir einsam. Hovden skriv til og med at det kunne gjerne gå ein månad mellom kvar gong han veksla ord med eit anna menneske. For meg vert i alle fall dette siste litt utruleg, og eg er òg litt skeptisk til dette at han budde femti år i ein by han helst ville vekk frå. Han kunne nok godt tenkt seg familie, men dagbøkene fortel då om hyppig kontakt med andre menneske. Og han må jo òg ha hatt stor glede av arbeidet sitt, og det kunne han nok gjera betre i byen, der han kunne nytta boksamlingar og treffa kunnskapsrike folk.

Guffen tilrår.

Meir Ivar Aasen på kulturguffebloggen
Ervingen (1855)
Handagard: Ivar Aasen (1956)
Kjell Venås: Ivar Aasen og Universitetet (2000)
"Kven skal læra han Ivar å lesa?" (10.12.2011)
Ottar Grepstad: Historia om Ivar Aasen (2013)
Symra (2013)
Ottar Grepstad: Aasen-bibliografien (2018)
Ottar Grepstad: Den bortkomne Aasen-visa (2023)
Erlend Loe: Tale ved Ivar Aasens grav 17. mai 2026 (2026)


Meir Garborg på kulturguffebloggen
Arne Garborg: Kolbotnbrev (1890)
Olav Hoprekstad m.fl. (red.): Arne Garborg 70 aar (1921)

Johs A. Dale: Hulda Garborg (1961)
Hulda Garborg: Dagbok 1903-1914 (1962)
Tor Obrestad: Om Fred og nihil (1994)
Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg (2011)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Alfred Fidjestøl: Askerkretsen (2014)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Jan Inge Sørbø: Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015)
Jan Inge Sørbø: Fire store (2022)

3. juli 2013

Henri Werring: Lars Eskeland (1954)

Lars Eskeland (1867-1942) sette spor etter seg på mange område. Han var ein sentral folkehøgskulemann, han var sentral i målrørsla, han skreiv rundt seksti bøker, han var aktiv i avisdebattar, han var ein stor folketalar, og etter at han konverterte til katolisismen i 1925 drøfta Stortinget om han kunne halda fram som styrar ved Voss folkehøgskule. Nokon burde ha skrive ein omfattande biografi om Eskeland; fram til det skjer må me greia oss med bøker som denne.

Werring tek ikkje mål av seg til å skriva ein fullverdig Eskeland-biografi. Det er han fullt klar over, og i føreordet kjem han med ei haltande grunngjeving for dette - "alt kan ikke få rom i en bok. Dette er overhodet ikke ment å være 'boken om Lars Eskeland'. Det er vel et spørsmål om en slik bok overhodet noen gang bør skrives". Det bør absolutt gjerast, då vil me få eit fullare bilete av kven Eskeland var. Det er eit sakn ved denne boka at Werring til dømes utelet målmannen Eskeland.

Det Werring skriv om er likevel greitt og informativt. Han har med det obligatoriske kapitlet om oppvekst og arv, før dei tre hovuddelane i boka kjem - folkehøgskulemannen, konverteringa, og følgjene av konverteringa. Det vert altså mykje religion. Den viktigaste grunnen til at Eskeland konverterte ser ut til å vera at han ville høyra til i ei kyrkje der ein ikkje drøfta Jesus, men det spelte òg inn at Noreg tidlegare var katolsk - den store helten til Eskeland var Heilag-Olav. Det verkar rart no, men at Eskeland vart katolsk var altså eit så stort problem at Stortinget truga med å dra tilbake statsløyvinga til Voss folkehøgskule. Løysinga vart at Eskeland eit par år seinare gjekk av som rektor, og at sonen Øystein tok over, men Eskeland var nok framleis den som heldt i trådane.

Som folkehøgskulemann og pedagog var han suveren. Han grunnla Voss folkehøgskule i 1895, saman med Olaus Alvestad, og skulen vart den største i landet. Dei hadde langt over hundre elevar kvart år, og sjølv om elevtalet fall til åtti i skuleåret etter at Eskeland vart katolikk, var skulen framleis den skulen med flest elevar i landet.

Det er altså ei bok med manglar, dette, men boka gjev likevel eit greitt bilete av kven Eskeland var.

Guffen tilrår.

1. juli 2012

Olav Midttun: Livsminne (1971)

Olav Midttun var ein av desse som fekk gjort svært mykje. Han var professor i nynorsk dikting i Oslo i to periodar, han var riksprogramsjef i NRK i åtte år på begge sider av andre verdskrigen, han redigerte Syn og Segn i 52 år, han var formann både i Noregs Ungdomslag og Det Norske Samlaget, han var mykje brukt som folketalar, og han gav ut fleire bøker, mellom anna samleutgåver av tekstar av Vinje, som han var svært oppteken av.

Med så mykje på CV-en er det klart at Midttun har mykje å fortelja. Grunnlaget for denne boka er mellom anna lange opptak Sigmund Skard gjorde, der Midttun fortalde om livet sitt. Dag Aanderaa gjorde òg nye intervju med Midttun, og Aanderaa laga eit utkast til manuskript, som Midttun var med og redigerte. Det er vorte ei interessant bok.

Midttun er passeleg smålåten når det gjeld si eiga rolle. Han skriv mykje om folk han har samarbeidd med, og for oss som er interesserte i dei tidlege målmennene er det mykje å henta. Han skriv godt om dei han skriv om, og det er ikkje berre dei gode sidene han dreg fram. Det er bok det går fort å lesa, og Midttun var såpass sentral på så mange område at han godt kunne fått ein større biografi.

Det ein eventuell ny biograf burde ha skrive noko om, er familien til Midttun. Det er ikkje det viktigaste i ei bok som Livsminne, men Midttun burde i alle fall ha fortalt kor stor familie han hadde. Han nemner namna på begge konene sine, men ungane vert berre nemnde sporadisk utover i teksten. Og det burde òg ha stått noko om at så lenge Midttun heile tida var oppteken av arbeid, var det andre som måtte ta seg av ungane.

Guffen tilrår.

Meir Midttun på kulturguffebloggen
A. O. Vinje (1960)
Rasmus Løland (1961)
Mål og menn (1968)

Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)
Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)
Hans Seland: Aar og dagar (1931)
Olav Sletto: Per Spegil (1939)
Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)
Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)

28. juni 2012

Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)

Stefan Frich var ein av dei heller tidlege målmennene frå det indre Austlandet. Han var lærar, skreiv nokre bøker, og redigerte bladet "Bonden" i ein del år. På eitt område var han fyrstemann - han omsette den fyrste barneboka som kom på nynorsk, ei samling forteljingar av den finske forfattaren Zacharias Topelius.

Eg kom over denne boka i gamlahuset, og såg føre meg at det var ein slags sjølvbiografi. Det var det ikkje; dette er ei samling tekstar han har skrive ved ulike høve. Boka er delt i tre. Den fyrste delen er ei samling barneforteljingar og nokre dikt; den andre delen er debattinnlegg han har hatt i ymse aviser, og i den siste delen skriv han om nokre framståande menn han har kjend.

Den siste delen er den einaste som med litt godvilje kan kallast interessant. Han skriv mellom anna godt og grundig om Per Bø, men der er òg litt meir overflatiske artiklar om andre, som for meg var ukjende namn. Delen med debattinnlegg var høgst ujamn, i nokre av innlegga var det vanskeleg å sjå kva han eigentleg ville eller meinte. Og den fyrste delen var aldeles hjelpelaus - det er ikkje så stas å lesa forteljingar der ein alt på fyrste sida skjønar kva som kjem. Topelius ville vore stolt av han.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)
Hans Seland: Aar og dagar (1931)
Olav Sletto: Per Spegil (1939)
Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Olav Midttun: Livsminne (1971)
Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)
Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)

25. mai 2012

Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)

To sysken, ein bror og ei syster, bur saman. Systera er sjuk. I skogen står det to barlinder, som for den sjuke systera representerer dei to syskena. Systera døyr. Slik er det i denne boka, i Fuglane er det broren som er den sjuke, og som ser dei to trea. Og som døyr. I Isløysing er her altså element som kan minna om sjølvaste Vesaas, og der er meir: Hovudpersonen, Ivar, er odelsgut, men vil helst skriva bøker om dei store spørsmåla. Han vert dregen mellom skriving og gardsdrift, og mellom by og land. Noko roman i Vesaas-klassen er dette likevel ikkje. Han kom ut året etter at Vesaas debuterte, slik at det er absolutt ikkje snakk om at Vaage berre kopierte Vesaas.

Far til Ivar døydde for nokre år sidan. Systera, Margit, har drive garden i påvente av at Ivar skal flytta heimatt frå byen, der han etter beste evne livnærer seg som forfattar. Han kjem heim for å skriva ferdig ein roman, og den fyrste halvdelen av Isløysing er glimrande. Ivar vert dregen i mange retningar, men er klar på kva han vil. Opphaldet på heimegarden er midlertidig, han vil attende til byen, og vekk frå dette innestengde bygdesamfunnet, der ingen forstår han og skrivinga hans. Og så langt tenkte eg at det var dette som var isløysinga, det at han greidde å fri seg frå dei slektsledda som kika på han.

Men så snur alt. Sjukdomen til systera forverrar seg, og dokteren seier at det ikkje er meir han kan gjera. Ivar tek over gardsdrifta, og finn at det er dette han vil. Romanen han arbeidde med får han i retur frå forlaget, som skriv at romanen har ein frigjerande realisme og ein intim karakteristikk, men at slutten må omarbeidast, slik at han kjem i samsvar med grunnsynet i resten av boka. Slik opplevde eg denne romanen - etter den glimrande opninga tapar det seg, og vert ei bok der det vert heilt opplagt kva som kjem til å skje. Ja, han og systera vert forsona. Ja, han legg vekk skrivinga, og brenn like godt opp romanmanuset. Ja, han dyrkar opp myra som tok knekken på far hans. Ja, han får ho jenta han trudde ikkje ville ha ho. Siste delen vert så føreseieleg og harmonisk at det nesten var vanskeleg å tru at dette var skrive av same forfattaren som skreiv opninga.

Boka har eit godt språk, med ei rekkje fine naturskildringar, og med gode setningar som "han slaar for mange vitsar; det er som aa leva paa kjeks", eller "stundom tykkjer eg at eg er som eit stykke havbotn."

Guffen er lunken.


Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)
Hans Seland: Aar og dagar (1931)
Olav Sletto: Per Spegil (1939)

Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Olav Midttun: Livsminne (1971)

Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)
Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)

20. april 2012

Hans Seland: Aar og dagar (1931)

Hadde Hans Seland levd hundre år seinare hadde han truleg fått merkelappen standup-komikar hengt på seg. Han var bonde, og skreiv rundt førti bøker, men det han var best kjend for var historiene han fortalde frå scenekanten. Han turnerte over heile Noreg, og hadde òg eit USA-opphald på fleire månader, der han reiste rundt i dei norskamerikanske områda og fortalde skrøner.

Historiene hans vart gjerne kalla hikstorier, dei skulle vera så gode at folk hiksta av latter. Det er ingen spor av slik humor i denne boka, det er vel heller tvert imot. Dei få gongene han refererer eigne replikkar, eller dei få gongene han prøver seg som humorist her, fell det heilt på steingrunn. Boka er ein kort sjølvbiografi, der han greitt fortel om oppvekst og yrkeskarriere og haldningar. Noko komplett sjølvbiografi er det ikkje, familien får til dømes svært liten plass. Han skriv langt meir om folk han møtte, og det er heilt greitt for meg. Seland reiste altså mykje, og han møtte dermed mange folk det er verdt å snakka litt om. Han skriv til dømes godt (men kort) om Rasmus Steinsvik, og er òg så vidt innom gode gamle Lars Stavnheim.

For meg er det òg interessant når han fortel om reisene i det norske Amerika, men alt i alt vert det litt for overflatisk. Han vert ikkje lenge ved eitt og same tema før han hastar vidare til det neste. Mot slutten av boka går han gjennom bibliografien sin, og skriv tre-fire setningar om kvar av bøkene. Det vert altfor knapt, det verkar nesten som det han vil seia der er at han har skrive bra mange bøker. Det temaet han bruker nok plass på er engasjementet han viste i Hetlesaka. Ein far og son vart feilaktig dømde for eit mord, og Seland brukte mykje tid på å prøva å få dei reinvaska. Det var dei òg, mange år seinare.

Guffen er lunken.

Fleire gamle fjell i syningom på Kulturguffebloggen:
Stefan Frich: Fraa arbeidslive mitt (1922)
Ragnvald Vaage: Isløysing (1924)
Olav Sletto: Per Spegil (1939)

Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte (1961)
Olav Midttun: Livsminne (1971)
Jørund Telnes: Guro Heddelid (1972)
Bjarne Slapgard: Mellom øktene (1975)