6. juli 2021

Frode Grytten: Gut, jente, juni, juli (2021)

Ei sommarbok frå Grytten. Alle novellene hentar handlinga si frå sommaren, i alle novellene er det nokon som badar eller sym. Det meste er godt og fint, men av og til har eg kjensla av at Grytten burde prøvd seg på litt djupare vatn. Han går langs vegar han har gått før, til dømes med dei mange referansane til populærmusikk og film. Det er fine vegar, og det er fint å gå desse vegane saman med Grytten, men her er òg ei kjensle av at me har vore her før.

Her er ei fin blanding av leik og alvor. Av og til handlar det om ungdom som er på veg inn i eit forhold, slik det gjerne kan vera om sommaren. Andre gonger kan det vera langt meir alvorlege tema, som når eit par vitjar Asbury Park for å få gjort det før ho døyr. Novella om ei ung jente som er lei livet, samstundes som mora mest av alt vil at dottera skal læra seg å symja, er òg fin. 

Ei av novellene, "Nattsvømming", hentar (truleg) tittelen sin frå "Nightswimming", ein R.E.M.-song. Den songen er utprega nostalgisk, der vokalisten lengtar tilbake til ei tid då han bada om nettene. Det ligg ei nostalgisk stemning over denne boka, ei fin og nostalgisk stemning.

Guffen tilrår. 

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar