9. juli 2021

Odd W. Surén: Høvlingsmonn (2021)

Ein veit litt kva ein får når ein les Odd W. Surén. Denne boka inneheld sju forteljingar, og hovudpersonen i desse forteljingane er ein vanleg karakter hjå Surén: Han er litt bitter, han er langt meir kritisk til andre enn til seg sjølv, han stiller ikkje altfor sterkt på det sosiale planet, og han likar betre å skriva enn å snakka med folk. 

Me møter mellom anna forfattaren Odd Aker, og får òg to smaksprøvar frå det han har skrive. Spesielt vellukka er teksten om fallgrensa i hoppsporten, der han mellom anna fortel at det tidleg i hopp-historia ikkje var noko fallgrense, slik det er i dag. Viss ein hoppar var nedi med handa fleire månader etter ein hoppkonkurranse, kunne det føra til at stilkarakterane hans vart endra.

Surén er i leikande humør her. Både personar og uttrykk går igjen frå forteljing til forteljing, og han skriv òg uventa mange sider om at han ikkje skal verta ein av dei forfattarane som gjer noko så fantasilaust som å skriva om korleis koronaen påverkar oss. Han leikar seg òg med språket, og her er mange ordspel. Eg-personen i ei av forteljingane skriv mellom anna at han skreiv fleire artiklar for Allkunne (slik Surén òg har gjort), og han meiner at sidan Allkunne på den tida berre handla om nynorsk kulturhistorie, burde det skifta namn til Halvkunne.

Guffen tilrår. 

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
Dødsmåter (2006)
Adgangstegn (2007)
For hva det er verdt (2010)
Den som skriver (2013)
Usynlig for verden (2015)
Krem med et hint av kuruke (2017)
Hvis vi lever neste år (2019)
Fall (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar