21. februar 2022

Pedro Carmona-Alvarez: Bergen Ungdomsteater (2016)

 

Carmona-Alvarez fekk P2-lyttarane sin romanpris for Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012). Denne boka er ein frittståande oppfylgjar, i det som truleg vert ein trilogi. (Det var i alle fall snakk om det tidlegare.)

Romanen er ei uvanleg fin skildring av ungdomslivet. Dei tre hovudpersonane, Marita, Andreas og Johannes, er svært ulike. Dei har ulike bakgrunn, men har òg mykje felles. Marita er litt kjærast med Johannes, seinare vert ho litt kjærast med Andreas.

Marita er vel den eigentlege hovudpersonen. Ho har norsk mor og amerikansk far, og dei to skilde lag for lenge sidan. Tidleg i boka flyttar ho og mora frå Oslo til Bergen, der mora, som ikkje er av det mest stabile slaget, flyttar saman med ein ny mann. Marita har det langt betre når ho vitjar faren og den nye kvinna hans, men det er ikkje ofte ho ser han: Han bur i California. Men ho er der lenge ein gong tidleg i 1990-åra, og det vert ho prega av.

Carmona-Alvarez skriv glitrande. Kvart kapittel krinsar om éin av dei tre (sjølv om dei alle dukkar opp overalt). Kapitla om Marita er skrivne i eg-form; i dei andre er det forfattaren som fortel. Det er morosamt, det er rørande, det er varmt og godt, og eg håpar det kjem ein oppfylgjar ein gong. 

Guffen tilrår. 

Meir Carmona-Alvarez på kulturguffebloggen
Og været skiftet og det ble sommer og så videre (2012)
Pedro Carmona-Alvarez leser Tor Jonsson (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar