15. september 2012

Odd W. Surén: Adgangstegn (2007)

Endå ei brukt bibliotekbok eg plukka opp på Fretex for omtrent ingenting, og endå ei brukt bibliotek som var verdt å lesa.

Surén er ein god forfattar, og i denne novellesamlinga konsentrerer han seg om menn som gjerne vil inn i ein fellesskap, men som av ulike grunnar ikkje klarar det. Det kan vera alvorlege grunnar til at dei står utanfor, dei kan vera dømt for mord, eller dei kan ha mist kona si. Men det kan òg vera andre grunnar, slik det er i opningsnovella, "Et par sko".

Den handlar om ein forfattar som har reist til Oslo for å vera med på hagefesten til Aschehoug, men som på veg til hotellet om natta oppdagar at han går utan sko. Han anar ikkje kvar det er vorte av dei, og opplever det som svært pinleg å vera den einaste i verda som går på sokkane. Han kjenner det som om alle ser ned på føtene hans og merkar at han går utan sko, og han kjenner det som om alle ser ned på han på grunn av det.

Surén er ein stor humorist, men har tona det ned her. "Et par sko"er den mest humoristiske av dei fem i boka, men også i den er det ei grunnleggjande trist stemning. I resten av boka vert det tristare, i alle dei fire siste novellene har eit dødsfall påverka personane han skriv om. Det er gode noveller, skrivne på eit godt språk. Det er alltid eit godt teikn når eg, etter å ha lese ut ei bok, tenkjer at dette kunne eg gjerne lese meir av. Slik er det her.

Guffen tilrår.

Meir Surén på kulturguffebloggen
Fanger og opprørere (1985)
Tyranner og tjenere (1989)
Taushetens fortrolige (1993)
Ansikter og navn (1997)
Dråper i havet (1998)
Diskrete kulisser (2000)
Kometenes øyeblikk (2001)
Knuseverk (2003)
For hva det er verdt (2010)
Usynlig for verden (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar