4. februar 2010

Jørgen Norheim: Liten svein i bærskog ut (1994)

Dette er debutboka til Jørgen Norheim, og, merkeleg nok, den einaste av dei fire bøkene hans som berre har kome i eitt opplag. Det er ei svært solid bok. Eg las ho fyrste gong for 3-4 år sidan, og plukka ho fram att no, for å ha lesestoff på toget til Oslo.

Boka er på berre godt og vel 140 sider. Norheim får likevel sagt svært mykje på desse sidene. Han er utdanna historikarar, og har her gjort noko så ambisiøst som å framstilla ei folkeleg noregshistorie i romanform. Med folkeleg meiner eg at han eigentleg gjev ein god ein i kongar og knektar og alt det der, her er det det vanlege folket det handlar om.

Hovudpersonen i boka er langt opp i åra, og har nett mist kona si. Han finn ut at han må få seg ein hobby, og tek utgangspunkt i eit av spørsmåla til Mattis i Fuglane: Kvifor er det som det er? For å få svar på det driv han slektsgransking, og vitjar arkiv fleire stader i landet. Mellom desse stadene reiser han heile tida med tog, og her er avsnitt i boka som er ei rein hylling til denne måten å reisa på. Berre det gjev jo plusspoeng.

Det er ikkje uvesentleg at Norheim hentar fram eit spørsmål frå Fuglane. Gjennom heile boka dukkar det opp liner frå nynorsk litteratur, og om det er tydeleg at Norheim har sympati med det vanlege fotfolket, er det ikkje mindre opplagt kvar han høyrer heime, språkleg sett. Er hovudpersonen i Oslo, bur han sjølvsagt på Bondeheimen.

Det dukkar rett nok òg opp referansar frå bokmålslitteraturen. Per Bufast (igjen!) legg til dømes ut på tur, saman med to karar som heiter Odin og Nagel. Ein biperson heiter Arild Asnes. Det er i det heile ei bok som gjev ein kjensla av at Norheim har hatt det kjekt under skrivinga, at han har leika seg med språket, og med romansjangeren.

Guffen tilrår.

Meir Norheim på kulturguffebloggen
Mars (1998)
Ingen er så trygg i fare (2002)
Adjutanten (2008)
Aldri redd for mørkets makt (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar