22. oktober 2010

Frode Grytten / Jens Hauge: Det norske huset (2010)

I den amerikanske filmen Smoke vert ein forfattar overraska då tobakksforhandlaren hans viser seg å halda på med eit endelaust kunstprosjekt. Kvar dag, på det same klokkeslettet, stiller han seg opp på det same punktet, og tek bilete av eit gatekryss. Då forfattaren blar gjennom eitt av albuma med slike bilete, skjønar han ikkje heilt poenget, før tobakksforhandlaren seier at han må setja ned tempoet. Det gjer forfattaren, og med litt lågare tempo får han til å sjå skilnadene, sjå nyansane i dei ulike bileta.

Slik er det òg i denne boka. Her er ei rekkje bilete av hus og hytter i tre og på flatmark. Desse byggverka er laga av eller for ungar/ungdomar, og blar ein fort gjennom boka, ser dei relativt like ut. Der er likevel nok av skilnader, og der er nok av blinkskot, både hytterog bilete.

Mange av bileta er sette saman med korte tekstar av Frode Grytten. Fellesnemnaren for desse tekstane er, ikkje overraskande, at dei handlar om hus. Nokre tekstar er korte, andre er lengre. Der er ein åtte-ti tekstar som minner om korte noveller, der meklarar oftast spelar ei hovudrolle. Her er som vanleg mykje å le av, favoritten i så måte er eit eigenerklæringsskjema, som skal vera ein del av ei salsoppgåve. Her dukkar det opp spørsmål som "Har det hendt at du ved middagsbordet eller ved leggetid har tenkt for deg sjølv 'Nei, no, altså ...' eller liknande?" eller "Har det hendt at du har følt det som om du er med i eit Jon Fosse-stykke?" eller "Kjenner du til tidspunkt då nokon i bustaden har mista grepet fullstendig og tydd til handvåpen for å fyre lauspå grasklipparen?"

Det er ei bok å smila av, men der er òg mykje alvor, både i bileta og teksten. Som i 50/50 er Grytten kritisk til mykje av det som rører seg i det norske samfunnet, og det skin òg gjennom fleire gonger her. Det er ei flott bok, og det er tilnærma uforståeleg at Samlaget i si tid takka nei til å gje ut denne.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar