24. oktober 2010

Frode Grytten: Norge og andre dikt (2009)

Ein gong i tida var singlar viktige, nesten like viktige som LP-ar. Grunnregelen var at a-sida var den beste songen, medan b-sida kunne brukast meir fritt. Nokre band eksperimenterte der, andre nytta høvet til å gi ut songar som ikkje var gode nok til å koma med på LP, medan nokre få band ikkje laga dårlege songar, slik at b-sidene var like interessante som b-sidene. Det var lenge dårleg folkeskikk å ta med tidlegare utgitte songar på LP-ar, var ein song utgitt, var han utgitt. Dette endra seg med tida, men det var likevel ikkje akseptert å ta med både a- og b-sida på LP-ar.

Det Seattle-baserte plateselskapet Sub Pop hadde rundt 1990 ein single-klubb. Medlemmane fekk singlar med banda deira, singlar som var trykte i små opplag, og som difor vart svært ettertrakta. Det norske forlaget Flamme Forlag har overført denne ideen til forlagsverda, og har gitt ut ei rekkje boksinglar. Dette er éin av dei, Dronninga er død er ein annan.

Ikkje uventa viser Grytten at han veit kva ein singel er. Titteldiktet er med i Det norske huset, men dei andre tekstane er (etter det eg veit) ikkje gitt ut før. Her er i alt ti tekstar, tre av dei er langdikt, dei sju andre er korte tekstar. Desse siste kunne alle vore brukte i Det norske huset, tematikken er absolutt den same. Det handlar om hus og meklarar. Det verkar ikkje som om dette er andresortering, tekstane står ikkje tilbake for dei som er brukte i Det norske huset. Den siste teksten, "Hus i rørsle", er den beste, og den mest originale - i utgangspunktet ser det ut som ei vanleg opplisting av eigedomar som har skifta eigar, men ved kvart sal har Grytten lagt til grunnen til at huset vert selt, til dømes "grunna dødens vind", eller "grunna den frosne skogen som finst inne i ein", eller "grunna ein tanke som slo ned her om dagen".

Også dei tre dikta har ein sams tematikk. Her handlar det heile vegen om Noreg, og det norske samfunnet. Og i det samfunnet er det, ikkje uventa, ting som kunne vore gjort betre, skal ein tru desse dikta.

Dette kan vera den fyrste boksingelen med eigen introduksjon, kva veit eg. Han er signert Thorbjørn Jagland, og er så full av jaglandske fraser at eg slett ikkje er sikker på om dette er noko han har skrive sjølv, eller om det er nokon som parodierer han.

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar