7. juni 2020

Frode Grytten: Landet bortanfor landet. Område 51 (2019)

Undertittelen til denne boka er "protestsongar", og vitnar om at boka har eit politisk innhald. Protestsongar er ein tradisjonsrik sjanger, men langt frå alle tekstane i boka kan syngjast. I alle fall ikkje med fast rim og rytme, slik det gjerne er med protestsongar.

Prosjektet er ei vidareføring av noko som tok til på Kongsberg jazzfestival, der Grytten las tekstar, og eit band under leiing av Morten Qvenlid spelte. Her er det langt fleire tekstar. Eg har ikkje høyrt framføringa frå Kongsberg (eller dei andre framføringa dei har samarbeidd om), men tekstane i boka står godt på eigne bein.

Slik referansen til område 51 i tittelen hintar til, handlar mykje om USA. Det landet får så hatten passar i ei rekkje av tekstane i boka. Kritikken er vend mot Trump, mot det altfor skyteglade forsvaret, og mot det altfor våpenglade folket. Innimellom dikta kjem det fleire (oppdikta) loggar frå militære aksjonar der sivile har mist livet. Det kjem òg nokre lengre tekstar, som "AK-47". Der fortel Grytten om korleis det i 2017 vart reist eit monument til minne om Mikhail Kalasjnikov, som fann opp våpenet AK-47. Mellom forteljinga om avdukinga og monumentet kjem det avsnitt der Grytten listar opp dei mange som har mist livet i terroraksjonar der terroristen har brukt AK-47.

Det er mykje alvor i denne boka, men her er òg humor, til dømes i diktet der eg-personen (som til liks med Grytten har ein far som bur på Hjøllo i Odda) er vorten president i USA, og der han opptrer noko ulikt andre presidentar. (Det gjer for så vidt Trump òg, men eg-personen er annleis på ein heilt annan måte.) Her er òg mange referansar til politikarar og samfunnsdebattantar, og til popmusikk (her er t.d. tekstar som heiter "Hjarte av glas" eller "Liv på Mars") og til litteratur ("som i "Lykkelige hender" eller "Tid å hauste inn").

Guffen tilrår.

Meir Grytten på guffekulturbloggen
Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986)
Langdistansesvømmar (1990)
80 
° aust for Birdland (1993)
Meir enn regn (1995)
Bikubesong (1999)
Popsongar (2001)
Dublin (2002)
Hallo? (2008)
Norge og andre dikt (2009)
50/50 (2010)
Det norske huset (saman med Jens Hauge, 2010)
Dronninga er død (2010)

Saganatt (2011)
Bikubesong (Det Norske Teatret, 23.4.2013)
Brenn huset ned (2013)
 

Vente på fuglen (2014)
Her er Harold (film, 2014)
Sånne som oss (2015)
17. mai Bergen (saman med sju fotografar, 2015)
Meter over havet (saman med Sune Eriksen, 2015)
Menn som ingen treng (2016)
Det norske biblioteket (saman med Jo Straube, 2017)
Deilig er jorden (saman med Helge Skodvin, 2018)
Garasjeland (2020)
Gut, jente, juni, juli (2021)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, 17.9.2002)
Den dagen Nils Vik døde (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar