30. januar 2014

Stein Torleif Bjella (USF, Bergen, 29.1.14)

Eg var på konsert med Bjella sommaren for eit og eit halvt år sidan, i ei kjellarstove på Voss saman med 70 andre. Dette var andre bollar - her var visst rundt 1200 til stades. Det vart ein heilt annleis konsert, sjølvsagt, og ikkje berre på grunn av at publikum var fleire. Også på scena var dei fleire.

For meg vart dei litt for mange. Det var ein flott konsert, men det var mykje som kunne vore annleis. Bjella spelte songar frå alle tre platene sine, og mange kom i heilt andre versjonar. At musikarar ser etter nye måtar å framføra songar på er berre positivt, men ikkje alltid. Desse arrangementsendringane var ikkje alltid like vellukka. Mest gjekk det ut over vokalen, der melodiane ofte var endra til noko langt meir monotont, og noko langt mindre spanande. Og dei vart altså litt for mange - dei finaste songane var dei der lydbiletet var tynnare. "Tre viku", til dømes, som Bjella framførte det meste av heilt åleine, var eit klart høgdepunkt. Det tette lydbiletet, der det ofte var tre gitarar, ståbass og litt trommer, gjorde at den sjette på scena, Marita Igelkjøn, forsvann. Ho trakterer både det eine og det andre, men det var omtrent berre når ho spelte trekkspel eller sag at me høyrde ho. Dei kunne altså ha kutta ut den eine gitaristen for min del.

Men det var altså ein flott konsert, trass i desse innvendingane. Tekstane til Bjella er glimrande, der han syng om meir eller mindre vellukka påfunn av meir eller mindre vellukka menn. Det er ofte trist; like ofte er det løye. Mellom songane er Bjella lystig - underfundig er vel eit ord som ofte vert brukt om han - og det skapar ei heller merkeleg stemning. Når han syng er det alvor; mellom songane er alt vel. Akkurat der kan han minna om tidleg Billy Bragg.

Guffen tilrår.

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
Vossajazz 2014
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar