Den neste tida les eg ein ny Steinbeck-kortroman i månaden, omtrent. Det er i alle fall planen, og er alle romanane like bra som denne, vert det stas heile vegen. Eg har lese litt av Steinbeck før, og set i alle fall dei to store romanane East of Eden og Grapes of Wrath høgt. For litt sidan kjøpte eg ei bok der fem-seks av dei kortare romanane hans er samla, og dette var opningsromanen der.
Handlinga er lagt til ein mindre velståande bydel i Monterey, California. Danny, ein arbeidslaus kar som ikkje legg altfor lange planar, er komen attende frå krigen, og får vita at han har arva to små hus. Han flyttar inn i det eine, som vert eit samlingspunkt for likesinna. Det andre leiger han ut til nokre kameratar som aldri betalar for seg, og som like godt, etter at dei slumpar til å brenna huset ned, flyttar inn hjå han. Etter kvart bur seks-sju personar der, og alle er i same båt. Ingen har arbeid, alle likar å drikka, alle er småkriminelle, osb.
Boka har relativt korte kapittel, og kunne godt vore presentert som ei novellesamling. Kvart kapittel har ei konsentrert handling, som ofte heng saman berre av di det er dei same personane som går att. Det er likevel ikkje alltid slik, nokre gjennomgåande tema går att. Og det er altså stas - ein ting er at her er mykje humor, ein annan ting er at både talemåtar og ambisjonar er lett å samanlikna med det eg finn hjå kjenningar som har eller har hatt det omtrent på same måten.
Guffen tilrår.
Meir Steinbeck på kulturguffebloggen
Cup of Gold (1929)
The Pastures of Heaven (1932)
The Red Pony (1933)
To a God Unknown (1933)
In Dubious Battle (1936)
The Harvest Gypsies (1936)
Of Mice and Men (1937)
The Long Valley (1938)
The Grapes of Wrath (1939)
The Grapes of Wrath (1940, film)
The Moon is Down (1942)
Cannery Row (1945)
The Pearl (1947)
The Wayward Bus (1947)
Burning Bright (1950)
East of Eden (1952)
Sweet Thursday (1954)
East of Eden (1955, film)
The Short Reign of Pippin IV (1957)
The Winter of Our Discontent (1961)
Travels With Charley (1962)
Journal of a Novel (1969)
Jackson J. Benson: John Steinbeck. Writer (1984)
Of Mice and Men (1992, film)
America and Americans. And Selected Nonfiction (2002)
Geert Mak: USA. En reise (2012)
22. februar 2015
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar