9. juni 2022

Dag Solstad leser Olav Duun (2018)

Endå eit foredrag frå serien til Nasjonalbiblioteket. Dei inviterte forfattarar til å snakka om ein forfattarskap som var ny for dei, og Solstad valde å snakka om Olav Duun. Kortversjonen er at han aldri hadde lese Duun før, og at han, etter å ha lese nokre av verka til Duun, skjøna at tida har gått frå Duun.

Konklusjonen verkar litt lite gjennomtenkt, og det kom mange reaksjonar etter foredraget. Det er nok likevel slik Solstad hevdar, at Duun ikkje er mykje lesen i dag. Men det er jo òg slik at gløymde forfattarskapar kan hentast fram att, men at dei då gjerne må ha hjelp. Om fire år er det 150 år sidan Duun vart fødd, og for alt eg veit er det planlagt store markeringar då. 

Solstad er ikkje negativ til bøkene til Duun, og han finn mykje han likar. Slettes ikkje alt, men det han nemner av mindre gode ting verkar mest som bagatellar. Han ser at Duun skriv godt, han ser at Duun tek opp store spørsmål, men meiner likevel at bøkene hans er forelda. Og kva er den viktigaste grunnen til det, slik Solstad ser det? Tarjei Vesaas. Han meiner at fram til Kimen var Vesaas nærmast å rekna for ein Duun-elev, men frå 1940 endra forfattarskapen seg. Då var Duun nyleg død, og slik Solstad ser det tok Vesaas det rommet Duun hadde. Vesaas vart ein nyskapande modernist; Duun vart sett på som gamaldags og utdatert.

Guffen tilrår. 

Meir Duun på kulturguffebloggen
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)

Meir Solstad på kulturguffebloggen
Spiraler (1965)
Alf van der Hagen: Dag Solstad. Uskrevne notater (2013)

1 kommentar: