13. april 2014

Vossa Jazz 2014

Vossa Jazz har liksom aldri heilt vore mi greie. Eg har gått på konsertar der, men sjeldan meir enn ein eller to kvart år - eg har aldri hatt festivalpass, og har heller aldri vore friviljug. Dei konsertane eg har vore på har aldri vore spesielt jazzete, det er jo slik også på denne jazzfestivalen at ein slepper til musikk frå mange ulike sjangrar. I år hadde eg huskort på Park to kveldar. Eg såg nokre konsertar kvar kveld - dette var høgdepunkta:

Stein Torleif Bjella igjen, for andre gong på nokre månader. Då eg såg han i Bergen i januar var eg godt nøgd, men meinte at det var litt for tett lydbilete, og at han med hell kunne ha greidd seg med ein gitarist mindre. Eg reknar ikkje med at Bjella les dette, langt mindre at han tek omsyn til det som står her, men i alle fall: No var den tredje gitaristen vekke, og det vart ein langt betre konsert. Repertoaret var omtrent som sist, her var ingen nye songar, men dei vart framført på ein betre måte, og dei mange påfunna til multiinstrumentalisten Marita Igelkjøn kom betre til sin rett.

Bjella sjølv var i god form. Eg veksla nokre ord med han litt seinare på kvelden, og då meinte han at dei hadde rota litt i nokre av songane. Det var det ikkje råd å leggja merke til, og viss det skulle vera til heft, ville dei uansett ha teke det på sjarmen. Mellom songane var Bjella som vanleg språksikker og presis, og for nokre av oss er det gledeleg å endeleg gå på ein konsert der uttrykket "oppsiktsvekkande lågt gards- og bruksnummer" vert brukt under presentasjonen av musikantane.

Litt seinare på kvelden såg eg Grand General. Her var det ingen underfundige tekstar å gle seg over, her var det berre musikk og ikkje noko anna. Det var tungt, det var tett, og det var fullt av gode lydar. Songane var ikkje alltid like gode, og i den fyrste halvdelen av konserten var det av og til på grensa til kjedeleg. Men den andre halvdelen var ein fest. Songane svinga, det aula av gode riff og påfunn, og musikaliteten var på topp. Ei finfin avslutning på kvelden.

Kvelden etter opna for meg med noko av det samme. Ein ny instrumental time, også denne gongen med Kenneth Kapstad bak trommene. Her, altså i gruppa Møster!, hadde han med seg Motorpsycho-kamerat Snah på gitar, Nikolai Eilertsen på bass, og Kjetil Møster på saksofon. På den timen dei var på scena spelte dei fire songar; tre av dei var solide. Spesielt dei to siste, der Kapstad og Eilertsen la opp ein uvanleg tung og fengande rytmevegg dei to andre kunne leika seg over og inntil.


Høgdepunktet på heile festivalen kom heilt til slutt denne kvelden. Eg har sett Jaga Jazzist fem-seks gonger før, men eg vert stadig like imponert over det dei held på med. Denne gongen var dei ørlite reduserte, sidan Matias Eick hadde gyldig forfall, men det merka ein knapt. Dei er likevel åtte igjen på scena, og dei skapar ein godlyd av ei anna verd. Songane deira opnar gjerne roleg, før det byggjer på seg, og det er stas å sjå korleis dei voggar og svingar og dansar på scena i takt med den aukande intensiteten i musikken. Dei fleste i bandet vekslar mellom ulike instrument, slik at det er stor variasjon i lydane som kjem. Av og til er det rett og slett slik at ein ikkje umiddelbart skjønar kva instrument ein høyrer. At Jaga er eitt av dei aller, aller beste banda i landet har eg sagt før, og eg kan godt repetera det. Fleire gonger stod eg med klump i halsen, ikkje minst under den monumentale "All I Know Is Tonight", som kom som fyrste ekstranummer. For eit band. For ein musikk.

Guffen tilrår.

Meir Bjella på kulturguffebloggen
Sævelid, Voss (12.7.12)
USF, Bergen (29.1.14)
Hedleberget, Voss (24.6.15)
Voss kulturhus (21.4.16)
USF, Bergen (4.12.16)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Jordsjukantologien nr. 1 (2017)
Fiskehuset (2021)
USF, Bergen (5.11.21)
Kvemmadokkje, Ulvik (16.7.22)


Meir Jaga Jazzist på kulturguffebloggen

Meir Møster! på kulturguffebloggen
Østre, Bergen, 27.10.2016
Vossasalen, Voss, 8.4.17
USF, Bergen, 10.10.2021

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar