22. juli 2018

Motorpsycho (Moldejazz, 21.7.2018)

Det snedige med at foreldra til Marit bur ein halvtime unna Molde er at ein lett kan kombinera feriebesøk der med konsertar på Moldejazz. Det er rett nok ikkje ofte eg tek turen dit, det er som regel viss det står noko Motorpsycho-relatert på programmet. I 2002 hadde dei med seg blåsarar frå Jaga Jazzist; ein fin konsert som dels vert hugsa for opningskommentaren om at sist dei spelte i Molde var det berre 18 stykk som kom. I 2007 var eg på Kanon, eit prosjekt styrt av Øyvind Brandtsegg, der dei to ur-psychoane mellom anna hadde selskap av Kenneth Kapstad.

I år hadde dei med seg Ola Kvernberg, som sist samarbeidde med Motorpsycho om rockeoperaen The Death Defying Unicorn, og Kristoffer Lo, som var med på store delar av turneen i fjor haust. På førehand hadde dei varsla at det vart mykje frå albumet The Tower, som kom i fjor. Slik vart det òg, seks av åtte songar var henta derfrå.

Dei to andre songane opna og avslutta konserten - ekstranummeret var ein mild og forsiktig "Feel" frå 1994, medan opningsnummeret var ein massiv "Un Chien d'Espace" frå 1997. Denne hadde fått ei ny opning, der dei brukte nokre minutt på å improvisera seg fram til det vanlege opningstemaet. Også før romskipet tok av var det nokre improviserande minutt. Sjølve romturen var solid, om enn ikkje like solid som i Bergen i september i fjor. Ei eg snakka med før konserten var ukjend med bandet frå før, og verka litt mellomnøgd etterpå. Det kan vera ei føremon å kjenna musikken frå før. Eg veit at jazzpublikum har for vane å klappa etter soloar eller andre prestasjonar som fortener applaus, men her verka det som om svært mange trudde at songen var slutt etter opningsversa. Kva dei tenkte då opningstemaet kom attende etter ein halvtime anar eg ikkje.

Også songane frå The Tower fekk tidvis nye og lange parti. Eg trur det var på "Pacific Sonata" at Kvernberg fyrste gong verkeleg viste seg fram, med ein lang fiolinsolo. Både han og Lo fylte ut lydbiletet godt, Lo veksla mellom gitar, tangentar og eit eller anna horn.

Det var ein fin kveld. Av dei siste Motorpsycho-platene er The Tower den eg har høyrt suverent mest på, og songane står seg godt. "Cuckoo" synest eg fungerte mindre godt; dei andre var ein rein fest. Og at dei roa det heile ned med ein svært roleg "Feel" var ei fin avslutning på kvelden.

Guffen tilrår.

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)
USF, Bergen, 27.3.2025
Høvleriet, Haugesund, 28.3.2025
Folken, Stavanger, 29.3.2025
Rockefeller, Oslo, 22.3.2026

18. juli 2018

Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)

I 1898 fann svensk-amerikaren Olof Öhman ein stein med ei runeinnskrift i Kensington, Minnesota. Innskrifta fortalde om tretti skandinavar som var i Minnesota i 1362, altså 130 år før Columbus sigla over Atlanteren. Nokre trudde på innskrifta, dei fleste såg det heile som ein moderne bløff. Hjalmar Holand høyrde til dei som trudde fullt og fast på innskrifta, og gav ut ei rekkje artiklar og nokre bøker om steinen. Han møtte motbør frå fagfolk, men ingen av motstandarane hans tok til motmæle i bokform. Ikkje før Erik Wahlgren gav ut denne boka.

Wahlgren var professor i skandinaviske språk ved UCLA i Los Angeles. Han hadde altså ei heilt anna fagleg tyngde enn Holand, og det kjem tydeleg fram i boka. Wahlgren legg ikkje skjul på at det er skriftene til Holand som gjer at han skriv denne boka. Han finn så mange feil og så mange motseiingar i arbeida til Holand at han ikkje berre kan sitja roleg og sjå på det.

Han går grundig til verks, og plukkar alle argumenta til Holand frå kvarandre. Kortversjonen er at han viser at det er fullstendig uråd at innskrifta på steinen kan vera frå 1362. Han finn feil overalt, både ved språk og runer. Han viser at Ohman (og fleire av naboane hans) hadde tilgang til runealfabet, og at dei ikkje var så enkle som Holand påstår. Han viser at dette med skandinavar som var i Vinland var heftig debattert i norsk-amerikanske aviser i tiåra før funnet. Han viser at det mest uventa ordet på steinen, oppdagelsereise, var brukt heile tida i desse debattane.

Og han viser at Holand er ein uærleg forskar. Holand viser ofte til ein rapport utarbeidd av Minnesota Historival Society - Wahlgren viser at Holand var medforfattar til denne rapporten. Wahlgren viser kor inkonsekvent Holand var, og korleis han omtalar viktige punkt ulikt frå skrift til skrift, utan å grunngje det. Han viser korleis Holand kjem med eigne tolkingar av ordet "dagsreise" - på steinen står det at dei som laga innskrifta hadde leir ved ein innsjø med to skjer ei dagsreise nordover, medan andre passar på skipa deira fjorten dagsreiser nordover. Holand teiknar og fortel, og diktar opp avstandar som er absurde, like absurde som at dei skulle ha greidd å halda styr på det.

Så boka handlar om ein falsk runestein, men ho handlar like mykje om ein falsk forskar. Holand vert så avkledd i denne boka at det nesten er utruleg at han ikkje gav opp.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)

Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

14. juli 2018

Matthew Hahn: The Animated Marx Brothers (2018)

I dei animerte glansdagane til Hollywood vart det laga ei lang, lang rekkje korte filmar. I desse filmane dukka gjerne teikningar av kjendisar opp. Marx Brothers var ikkje noko unnatak. Også i seinare animasjonsfilmar dukkar dei opp, eller det dukkar opp referansar til dei.

I filmane deira var det minimalt med animasjon, bortsett frå i rulletekstane, men denne boka viser at det finst svært mange animasjonsfilmar der det dukkar opp noko marxistisk. Det er diverre òg alt boka viser. Hahn sorterer filmane inn i seks kategoriar, og går kronologisk gjennom kvar kategori. Kvar film vert presentert, etter ein gjennomgang av dei som var med og laga filmen kjem eit referat av handlinga. Ingen av filmane handlar om Marx Brothers, ut frå desse referata kan ingen av filmane seiast å vera morosame, men det dukkar altså opp ei setning som fortel at ein eller av brørne har ei birolle, eller at det kjem ein replikk inspirert av ein Marx-replikk.

Eg går ut i ferie i dag, så eg legg inn ein positiv kommentar: Dette er ein nyttig dokumentasjon av kvar dei som er verkeleg desperate kan finna animerte Marx-brør. Men bortsett frå det kan eg ikkje sjå at denne boka har noko stor verdi.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Mykje meir Marx på kulturguffebloggen

Filmar
Cocoanuts
 (1929)
Animal Crackers (1930)
Monkey Business (1931)
Horse Feathers (1932)
Duck Soup (1933)
A Night at the Opera (1935)
A Day at the Races (1937)
Room Service (1938)
At the Circus (1939)
The Big Store (1941)
The Incredible Jewel Robbery (1959)
The Unknown Marx Brothers (1993) 

Bøker
Kyle Crichton: The Marx Brothers (1950)
Arthur Marx: Life With Groucho (1954)
Harpo Marx/Richard Barber: Harpo Speaks! (1961)
Arthur Marx: Son of Groucho (1972)
Joe Adamson: Groucho, Harpo, Chico and sometimes Zeppo (1973)
Groucho Marx og Richard J. Anobile: The Marx. Bros Scrapbook (1973)
Sidney Sheldon: A Stranger in the Mirror (1976)
Groucho Marx og Hector Acre: The Groucho Phile (1976)
Hector Arce: Groucho (1979)
Maxine Marx: Growing Up with Chico (1980)
Wes D. Gehring: The Marx Brothers. A Bio-Bibliography (1987)
Michael Barson: Flywheel, Shyster and Flywheel (1988)
Arthur Marx: My Life With Groucho (1988)
Miriam Marx Allen (red.): Love, Groucho (1992)
Steve Stoliar: Raised Eyebrows (1996) 
Robert Dwan: As Long as they're laughing (2000)
Arthur Marx: Groucho. A Photographic Journey (2001)
Simon Louvish: Monkey Business (2003)
Paul Duncan (red.): Marx Bros (2007)
Bill Marx: Son of Harpo Speaks! (2007) 
Andrew T. Smith: Marx and Re-Marx (2009)
Martin A. Gardner: The Marx Brothers as Social Critics (2009)
Roy Blount jr.: Hail, Hail, Euphoria! (2010)
Wayne Koestenbaum: The Anatomy of Harpo Marx (2012) 
Devon Alexander: The Quotable Groucho Marx (2014) 
Lee Siegel: Groucho Marx. The Comedy of Existence (2015)
Matthew Coniam: The Annotated Marx Brothers (2015)
Noah Diamond: Gimme a Thrill (2016)
Matthew Coniam: That's me, Groucho! (2016)
Robert S. Bader: Four of the Three Musketeers (2016)
Kevin Scott Collier: The Marx Brothers. Love Happy Confidential (2017)
Frank, Heidecker og Pertega: Giraffes on Horseback Salad (2019)
Robert E. Weir: The Marx Brothers and America (2022)
Susan Fleming Marx: Speaking of Harpo (2022)
Robert S. Bader: Zeppo. The Reluctant Marx Brother (2024)

12. juli 2018

Canada på tvers (2005)

Går ein langt nok nord i Canada er landet ei einaste stor villmark. Mange bur der, mange har budd der, mange har reist der, men Lars Monsen vart den fyrste som for eiga maskin reiste frå vest til aust. Turen tok til ved grensa til Alaska, heilt nordvest i Canada, og slutta ved Goose Bay på austkysten.

I alt reiste han meir enn 8000 kilometer. Turen tok to år og sju månader, og han tek seg stort sett fram med hundespann om vinteren, og stort sett i kano resten av året. Undervegs stoppar han av og til, korte stopp ved små tettstader, lengre stopp i naturen, til dømes medan han ventar på at snøen skal koma.

Det som gjer serien verdt å sjå er entusiasmen til Monsen. Han kosar seg i naturen, også dei gongene han er utsliten eller vert truga av rovdyr. Han stortrivst der ute, og er klar over at dette er ei oppleving svært få har hatt.

Men det er òg ting som trekkjer ned. Av og til verkar det mest som om han viser lysbilete. Det vert mange solnedgangar, og det vert mange flotte naturbilete, men den store dramatikken manglar som regel. Han filmar sjølvsagt det meste sjølv, så det vert mange like scenar der han snakkar til eit kamera han held på strak arm. Noko dramatikk er det, som dei gongene han får selskap av ein eller fleire bjørnar (fyrste gongen ropar han til bjørnen at han må "go away", berre sånn i tilfelle bjørnen forstår engelsk betre enn norsk), eller dei gongene ein eller fleire av hundane er i trøbbel.

Guffen tilrår.

11. juli 2018

Jon Fosse: Eldre kortare prosa (1998)

It does exactly what it says on the tin: Her er fem av dei tidlege kortprosa-tekstane til Jon Fosse. Alle er publiserte før, fire av dei i antologiar. Den eldste teksten, "Han", stod fyrste gong på trykk i StudVest, studentavisa i Bergen, og var vinnarnovella i ein konkurranse i 1981. Dei andre er daterte mellom 1988 og 1992, og publiserte nokre år seinare, 1990 til 1998.

Det er freistande å bruka ordet ujamnt, men det er ikkje heilt presist. "Han" ligg nokre hakk under dei andre tekstane, men dei fire andre er jamt over bra. Dei er alle skrivne før Fosse debuterte som dramatikar, og det er lett å kjenna att skrivestilen frå romanar skreiv på den tida - her er ein del repetisjonar og mange komma også i desse korte tekstane. Her er tekstar frå kysten, slik det ofte er, og her er ein fin tekst om ungdommar som driv opp og ned langs vegen, og ein endå finare tekst om ein eldre mann som tenkjer på ho som no er død.

Guffen tilrår.

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)
Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)
Vaim (2025)
Gitarmannen (DNS, Bergen, 24.1.2026)
Vaim hotell (2026)
Kjærast (film, 2026)
Bad Moon Rising. Kjærleik (2026)

9. juli 2018

Merethe Lindstrøm: Jeg kjenner dette huset (1999)

Endå ei fin samling noveller frå Merethe Lindstrøm. Eit par av novellene gjekk meg hus forbi, men dei fleste var svært, svært gode.

Det er ikkje lett å finna noko gjennomgangstema denne gongen. Men novellene har i langt større grad enn i dei tidlegare bøkene hennar ei særeiga stemning. Det er ikkje så mykje handlinga som gjer at novellene fengar, det er like mykje denne stemninga, som Lindstrøm får fram med få ord, og som regel med eit lågmælt språk. Nokre av novellene handlar òg om korte augneblink, der forteljaren gjerne ser bakover for å visa noko av grunnen til det som har skjedd.

Noko å trekkja for? Javisst, men ikkje mykje. Det var altså nokre noveller som ikkje festa seg så godt, og eg er heller ikkje altfor begeistra for dei partia der ho bruker mange korte og avhogde setningar etter kvarandre. Det verkar litt for tilgjort, og bryt med det elles finfine språket hennar.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

8. juli 2018

Where to Invade Next (2015)

Michael Moore er ei artig skrue. Gjennom ei rekkje dokumentarfilmar har han vist kor mykje som er gale med USA. Han tek for seg tema for tema, blandar fakta med humor, og lagar filmar som absolutt er verd å sjå.

Slik er det òg med denne. Utgangspunktet er at USA bruker så enorme summar på forsvaret sitt at dei heile tida må finna nye land å invadera, nærmast for å rettferdiggjera den enorme pengebruken. Så Moore legg ut til land i Europa og Nord-Afrika, for å finna ut kvifor akkurat dei landa bør invaderast. Kort fortalt finn han ut dette:

Italia må invaderast, slik at USA kan innføra dei rettane arbeidarar har der. Frankrike må invaderast, slik at USA kan kopiera skulelunsjane og seksualundervisinga deira. Finland må invaderast, slik at USA kan kopiera skulesystemet deira. Slovenia må invaderast, slik at USA òg kan gjera høgare utdanning gratis og dermed tilgjengeleg for alle. Tyskland må invaderast, slik at USA kan gjera som dei og gje arbeidarar eit klarare skilje mellom arbeid og fritid. Portugal må invaderast, slik at USA òg kan gjera narkotika lovleg. Noreg må invaderast, slik at USA får eit humant fengselssystem. Tunisia må invaderast, slik at USA gjev kvinner betre rettar. Island må invaderast, slik at USA kan læra seg å straffa bankmenn som gjer at det økonomiske systemet fell.

Moore er ikkje like lystig som han plar vera, men det er framleis bra å sjå korleis han festar seg ved rare ting. Som når han intervjuar ein mordar i eit norsk fengsel, og kommenterer at på kjøkenveggen bak han heng det ei rekkje store og skarpe knivar. Og Moore sender framleis ut stikk heile vegen, som heilt sikkert irriterer mange amerikanarar. Fleire stader, som i Noreg eller Finland, kommenterer dei han intervjuar at dei berre har sett amerikanske tankar og modellar ut i praksis. Og det er klart det stikk litt når han seier at å innføra alt dette sjølvsagt vil kosta litt, men det er jo berre å kutta i dei store forsvarskostnadene. Og det må stikka litt når han inviterer tre islandske forretningskvinner til å seia kva dei meiner om USA. Det vert ein liten pause, før ho eine seier rett ut at det ville vera heilt uaktuelt å flytta til eit slikt land, og går inn i ein halvlang tirade om kvifor USA må skjerpa seg.

Guffen tilrår.

Meir Moore på kulturguffebloggen
Bowling for Columbine (2002)
Fahrenheit 9/11 (2004)
Capitalism. A Love Story (2009)