5. oktober 2026

Knut Nærum: Tenk at det kan nytte (2005)

Fjernsynsprogrammet Nytt på nytt har gått på NRK på fredagskveldane sidan 1999. Fram til 2015 var Knut Nærum fast i panelet, og av dei andre som har vore med er det svært få som kan tangera toppnivået hans. For nokre kan han ha vore eit nytt fjes i 1999; andre av oss visste at han var ein morosam teiknar, i alle fall.

I denne boka er det samla eit utval teikningar frå Nye Takter 1985–91. Eg var nokolunde fast lesar av den avisa i dei åra, og hugsar teikningane hans godt. Det handlar litt om politikk og samfunn, det handlar litt om musikk, og det handlar litt om alt det rare som skjedde i åtti-åra. 

Jamt over er dette glimrande vitseteikningar. Teikningane er gode, men det er tekstane som er best: Dei er korte, poengterte og presise, og dei minner ørlite om forma han òg brukte i Nytt på nytt. Boka har eit innsiktsfullt føreord av Anders Giæver.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar