16. oktober 2026

Casey Cep: Furious Hours (2019)

Harper Lee gjekk på ein smell etter at debutromanen hennar vart ein braksuksess. Ho sleit med å skriva noko nytt, og ho fekk òg etter kvart eit akoholproblem. Denne boka handlar (litt) om den gongen ho ville gje ut ei sakprosabok, men ho kom aldri i mål.

Det skulle verta ei true crime-bok. Det var ein sjanger ho ikkje var ukjend med. Etter at Mockingbird vart sett i produksjon, men før boka kom ut, var ho assistent då barndomsvenen Truman Capote arbeidde med det som skulle verta In Cold Blood. I fylgje denne boka var det Lee som var nøkkelen til at Capote fekk så mykje kontakt med informantar i Kansas. Ho skulle såleis ha eit godt grunnlag for å skriva boka The Reverend, men det fekk ho altså aldri til. Historia var spanande nok, men ho fann aldri den rette tonen, det rette grepet, og den rette hovudpersonen.

Denne boka er tredelt: Fyrst handlar det om presten Willie Maxwell, som tok livet av fem familiemedlemmer han kort tid før hadde teke ut ei mengde livspolisar på. Her fekk han god hjelp av advokaten Tom Radney, som er hovudpersonen i del to. I gravferda etter det siste offeret til Maxwell vart han drepen, altså medan han sat i kyrkja. Advokaten Radney tok dei oppdraga han kunne få, og han heldt fram som han stemna: Han greidde å få Maxwell frikjent for alt han var skulda for, men det var meir imponerande at han greidde å få frikjent ein som hadde utført eit mord med fleire hundre vitne. Den tredje delen handlar om Harper Lee, og denne bolken vert nesten som ein kort biografi: Arbeidet med The Reverend fyller berre delar av dette kapitlet.

Det er ei fin bok. Casey Cep skriv godt, og ho komponerer endå betre. Svært mange av kapittela sluttar med ein solid cliffhanger, og det er jo eit godt knep. Cep arbeider for tida med ein autorisert biografi om Harper Lee, og den er det berre å sjå fram til.

Guffen tilrår.

Meir Harper Lee på kulturguffebloggen
To Kill a Mockingbird (film, 1962)
Go Set a Watchman (2015)
The Land of sweet Forever (2025)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar