Frå midten av 1990-åra og femten år framover var dramatikken den sentrale delen av forfattarskapen til Jon Fosse. I 1997 vart han spurd av Tom Remlov om han ville skriva eit film-manus. Fosse takka ja, og leverte eit manus med tittelen Bad Moon Rising. Det tok nesten tretti år før det vart filmatisert. Det er gledeleg at det vart film av det, og det er ein film det var verdt å venta på.
Det er lett å sjå at dette er eit Fosse-manus. Han seier ein stad at han har lært seg å leggja vekt på pausane mellom replikkane, og slik er det òg her. Ein annan forfattar kunne fortalt denne historia på langt kortare tid, men Fosse tek seg tid, han gjev historia den tida ho treng, og det tener ho på. Det er ein film med mykje nerve og spaning.
Det handlar om Asle (sjølvsagt) og Gerd. Han spelar i band, ho går på ein konsert med han, dei kjem i snakk, dei vert eit par, og dei vert etter kvart foreldre til ein gut me ikkje får vita kva heiter. Asle jobbar på sjøen og er lenge vekke, og dette slit på forholdet deira. Det er kanskje der filmen er best, når dei to ikkje greier å snakka med kvarandre. Etter kvart får ho nok av dette.
Det er altså ein fin film. Han er spelt inn ulike stadar på Vestlandet, ein landsdel der det visst regnar heile tida. Her er mykje Fosse, i tillegg til det som alt er nemnt verkar det som om bandet til Asle heiter Rocking Chair, det same som eit band Fosse sjølv spelte i i ungdommen. (Det står i alle fall Rocking Chair på plakaten ved inngangsdøra til puben der Asle og Gerd møter kvarandre). Det er òg kjekt å sjå Stein Torleif Bjella i ei birolle som bartender, ei birolle som er så lita at når han snakkar ser me han berre bakfrå.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar