Viser innlegg med etiketten Lindstrøm. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lindstrøm. Vis alle innlegg

13. august 2026

Merethe Lindstrøm: Om tingenes natur (2025)

Eg-forteljaren, Julie, er forfattar. Ho skriv rimeleg gode bøker, men det ber seg ikkje økonomisk: For å overleva vaskar ho heime hjå ein del folk, samstundes som sambuaren hennar noko motvillig køyrer buss. Det er ikkje mykje velstand å snakka om - dei bur i dårlege hus, dei kan ikkje betala rekningane sine i tide, og dei har ikkje alltid nok mat.

Mykje av romanen handlar om dei formative åra i oppveksten hennar. Ho reiste mykje, ofte saman med ein tysk kjæraste. Han var frå ein velståande familie, men hoppa av legestudiet av di han ville verta pianist. 

Merethe Lindstrøm skriv fantastisk. Her er (som vanleg) eit godt og flytande språk, fullt av fine metaforar og stillferdige påfunn. Det er ikkje lett å referera handlinga i ein slik roman, men det er kanskje heller ikkje meininga. Det er ei bok om sakn, om kunst, om det å høyra til ein stad. Og det er kanskje ei bok om å vera forfattar.

Guffen tilrår. 

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)

11. juli 2024

Merethe Lindstrøm: Når vi synger (2023)

For ein fin roman. Her er mykje ubehag, men det er skrive i eit så fint og vakkert språk at songen vert mest fin og mindre vond. 

Forteljaren, Agnes, er kanskje sånn ti-tolv år gamal. Ho har ein tvillingbror, Kasper. Foreldra deira fekk eit tredje barn, som døydde kort tid etter fødselen. Dette spedbarnet er med som eit du i heile romanen - av og til vender Agnes seg direkte til det. Noko av ubehaget handlar om korleis Agnes og broren reagerte då dei fekk vita at barnet døydde - dei reagerte ikkje i det heile. Det som er meir ubehageleg er når Agnes og Kasper forstår kva sex er for noko.

Familien til Agnes er ikkje altfor harmonisk. Faren har sterke meiningar og er dominerande; mora er meir med på lasset. Det vert hinta om at ho har eit forhold til ein annan, men det vert ikkje sagt rett ut, og der ligg noko av styrken i romanen: Det heile er sett gjennom augene til ei ing jente som ikkje forstår alt som skjer. 

Rundt familien er det andre ungar, lærarar og lærarvikarar på skulen, ein gitarlærar, nokre rare naboar som driv revefarm, ein svensk brevven, og nokre til. Agnes likar seg ikkje heilt der ho er, og romanen sluttar med at ho prøver å koma seg vekk.

Det er altså ei fin bok. Lindstrøm skriv godt, me merkar med ein gong at dette er ein forfattar som veit kva ho vil, og veit korleis ho skal få fram det ho vil. 

Guffen tilrår.  

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Om tingenes natur (2025)

13. september 2023

Merethe Lindstrøm: Vinterhest (2022)

Lindstrøm vekslar mellom romanar og noveller, og dette er den fyrste novellesamlinga hennar sidan 2013. Det er ei flott, flott samling.

Dette er (heldigvis) ikkje slike noveller der det er lett å referera kva dei handlar om, eller der det er viktig å gjera det. Novellene er meir som glimt inn i nokre episodar i liva til dei Lindstrøm skriv om. Nokre gonger er det svært lite som skal til, og Lindstrøm manar fram stemningar som festar seg. 

Her er sjølvsagt nokre fellestrekk. Der er vel ein eg-person i alle novellene, og nokre av desse minner så mykje om kvarandre at dei kanskje er same kvinne. I nokre av novellene er me på reise sørover i Europa. Forteljaren er ikkje alltid like gamal, og nokre av novellene handlar om ting som skjedde då forteljaren var barn eller svært ung.

Nivået er jamt over høgt, og det toppar seg mot slutten. Dei to siste novellene var av dei eg likte best. I den eine, "Relikvie", skal eg-personen møta ei dotter ho adopterte vekk for lenge sidan. I den andre, "Hittegods", er forteljaren og kjærasten på tur nordover gjennom Europa. Dei tek på to haikarar, som politiet nektar å kryssa den fyrste grensa dei kjem til.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

9. januar 2022

Merethe Lindstrøm: Fuglenes anatomi (2019)

Denne romanen er litt i slekt med den fire år eldre Fra vinterarkivene. Også her vert det fortalt om eit forhold som ikkje er heilt godt. Kvinna ("jeg") er forfattar, og sambuaren hennar, Sirke, er ikkje alltid på lag med ho. Han drikk mykje, han reiser gjerne vekk og vert vekke lenge. Dei bur på den engelske landsbygda, der dei pussar opp eit hus, og det at Sirke reiser vekk gjer at ho ser på den unge snikkaren med andre auge. 

Eitt av oppdraga til snikkaren er å byggja eit rom/bur til fuglane deira. Det handlar mykje om fuglar, men det handlar òg om forholdet mellom tre generasjonar med kvinner. Ho tenkjer mykje på mora og oppveksten sin, og ho tenkjer på sine eigne døtre. 

Romanen skiftar ofte i tid og tema, men Lindstrøm har full kontroll på skrivinga si. Også denne boka er uvanleg velskriven, med lange, flotte setningar. Det er ein fryd å lesa dette, og gledeleg nok: Same dag eg var ferdig med boka les eg i avisene at det nett har kome ut ei ny novellesamling frå Lindstrøm.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

15. juli 2019

Merethe Lindstrøm: Ingenting om mørket (2003)

Tilhøvet mellom foreldre og born er eit tema Merethe Lindstrøm har vore innom fleire gonger. Slik er det også i denne romanen, i dobbelt forstand. Stein, forteljaren i boka, har kome for seint til ein avtale med sonen Mathias. Utover kvelden og natta leitar han etter sonen, og samstundes får me vita mykje om korleis Stein hadde det med sin eigen far.

Det er ikkje så lystig lesing. Mathias har tidlegare prøvd å ta livet sitt, og det er sjølvsagt det som pregar Stein denne natta. Gradvis kjem det fram meir om faren, som sleit meir og meir, og som (truleg) var schizofren. Han var lokomotivførar, men fekk seg ein jobb i billettluka i staden, han vart for redd for at han skulle køyra på nokon med toget. Stein prøver å ta seg av Mathias åleine, mora er ambisiøs og jobbar eller har jobba i London, men han greier det ikkje. Me skjønar etter kvart at han langt ifrå er så god far som han trur han er, eller som han burde vera.

Det er ei historie som gjev inntrykk, og det er fascinerande korleis Lindstrøm fortel så sterke saker i eit så forsiktig språk. Samstundes er det litt å trekkja for, etter ein glitrande opning på boka vert det litt stilleståande i midtpartiet. Når han endeleg finn Mathias vert det òg eit lite antiklimaks.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

15. februar 2019

Merethe Lindstrøm: Nord (2017)

Det er uråd å ikkje få assosiasjonar til The Road, ein roman av Cormac McCarthy under lesinga av denne romanen. I The Road går far og son gjennom eit dommedagsprega amerikansk kontinent, vestover og vestover. I denne romanen går tre unge/ungar nordover gjennom eit dommedagsprega europeisk kontinent.

Det vert referert til krigar. Det vert referert til terror. Det vert snakka om mangel på mat. Alle eignelutar vert passa nøye på. Og dei vil nordover, der det skal vera bra. Det er såleis uråd å ikkje få assosiasjonar til dei mange som flyktar til Europa, og som prøver å få seg eit tryggare liv og ei tryggare framtid her.

Det er prisverdig, og det er eit tema fleire gjerne kunne skriva om. Men det er ikkje nok til at boka vert heilt vellukka. Det tek ikkje heilt av. Boka er velskriven, språket er godt, men det vert aldri så bra som dei beste bøkene til Lindstrøm.

Guffen er lunken.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

9. juli 2018

Merethe Lindstrøm: Jeg kjenner dette huset (1999)

Endå ei fin samling noveller frå Merethe Lindstrøm. Eit par av novellene gjekk meg hus forbi, men dei fleste var svært, svært gode.

Det er ikkje lett å finna noko gjennomgangstema denne gongen. Men novellene har i langt større grad enn i dei tidlegare bøkene hennar ei særeiga stemning. Det er ikkje så mykje handlinga som gjer at novellene fengar, det er like mykje denne stemninga, som Lindstrøm får fram med få ord, og som regel med eit lågmælt språk. Nokre av novellene handlar òg om korte augneblink, der forteljaren gjerne ser bakover for å visa noko av grunnen til det som har skjedd.

Noko å trekkja for? Javisst, men ikkje mykje. Det var altså nokre noveller som ikkje festa seg så godt, og eg er heller ikkje altfor begeistra for dei partia der ho bruker mange korte og avhogde setningar etter kvarandre. Det verkar litt for tilgjort, og bryt med det elles finfine språket hennar.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

19. april 2018

Merethe Lindstrøm: Kannibal-leken (1990)

Dette var rart. Det er den tredje boka til Lindstrøm. Den fyrste var heller veik, men den neste var langt betre. Eg hadde forventa at også denne skulle vera på eit høgt nivå, men det er ho ikkje. Det er ei samling noveller, der få av dei engasjerer noko større.

Dei fleste novellene handlar om folk som er litt på utsida. Det kan vera vaksne, det kan vera ungar, men det er heile tida eitt eller anna som gjer at livet deira ikkje er heilt i vater. Slik er det med mange bøker, og det er eit miljø også Lindstrøm har skrive om i andre bøker, men her går det ikkje som det skal. Det er lite ved novellene som festar seg, og sjølv om det rett nok er nokre dagar sidan eg las boka ut, er det vanskeleg å henta fram att ei einaste novelle.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

20. februar 2018

Merethe Lindstrøm: Borte, men savnet (1988)

Merethe Lindstrøm er ein av forfattarane eg smått om senn les meg gjennom heile forfattarskapen til. Debutboka hennar, som eg las for ein månad eller to sidan, var det lite positivt å seia om, men dette var eit langt, langt steg i rett retning. Omslaget er rett nok like forferdeleg som på fleire av dei tidlege bøkene hennar, men innhaldet er godt.

Det er ei samling på tolv noveller, alle er relativt korte. Den store skilnaden på denne og den føregåande boka er at mykje er tona ned. Der den fyrste boka av og til var i overkant streetwise, befolka av personar det var vanskeleg å bry seg om, er denne boka full av langt meir spanande personar. Dei me møtte i debutboka kan godt ha vore truverdige, men spesielt interessante var dei ikkje. Det er dei i denne.

Det er korte noveller, av og til heilt på grensa til å vera skisseaktige. Men på desse få sidene får Lindstrøm fram det vesentlege i kvar historie, ho får oss interesserte, ho set oss i den rette stemninga.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

18. november 2017

Merethe Lindstrøm: Sexorcisten og andre fortellinger (1983)

Det er stas å finna nye forfattarskap å gå inn i. Før eg tok til med denne bloggen hadde eg ikkje lese noko av forfattarar som Espedal, Munro eller Gay, men eg les eller har lese meg gjennom det dei har skrive. Slik er det òg med Merethe Lindstrøm. Eg var innom i Fjærland i oktober, og fann fire av dei tidlege bøkene hennar. Dette er debutboka.

Og det ber boka preg av. Lindstrøm var tjue år då boka kom ut, og sjølv om tjueåringar sjølvsagt kan skriva gode bøker, er det nærliggjande å bruka ordet uferdig om desse 36 forteljingane. Nokre av dei er så enkle at dei kunne vore gymnas-stilar.

Er det fellestrekk ved forteljingane? Javisst - sex, drugs og rock'n'roll. Me møter ei rekkje personar som ikkje har det så bra. Det er dårlege heimar, det er dårlege vener, det er dårleg dop, det er dårleg sex. Heldigvis er musikken god. Språket er ikkje godt, det kan vera at dette var ekte gatespråk i Oslo tidleg i åttiåra, men i dag verkar det berre tullete.

Så dette var ikkje så mykje å skryta av. Men det må ha vore ei viktig bok for Lindstrøm, og då vert det jo òg ei viktig bok for me som gler oss over bøkene hennar i dag. Det var den fyrste boka hennar, og utviklinga ho har hatt er jo enorm.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

2. august 2017

Merethe Lindstrøm: Steinsamlere (1996)

Kapitla i boka vert vekselvis fortalde av filosofiprofessor Hammer og sekretæren hans, Dagmar Grüner. Ho har arbeidd for han om lag heile arbeidslivet, i nærare førti år, og er ein av desse sekretærane som heile tida er til stades for arbeidsgjevaren sin.

Når boka tek til er dei på veg frå Oslo til Sogn og Fjordane, der ho vil leita etter steinar, og der han vil vitja hytta til Wittgenstein i Skjolden. Det er altså ulike steinar dei ser etter, og dei har òg ulik oppfatning av det som skjer. Av og til ser dei attende i tid, kapitla der han fortel om gamle dagar er henta frå ei dagbok ho kjem over.

Dei har eit rart forhold. Fleire tek dei for å vera mann og kone, men det har det aldri vore snakk om. Han har hatt fleire forhold, meir eller mindre seriøse, men ho har aldri blanda seg inn i dei. Ho har sett på seg sjølv som altfor profesjonell.

Boka er eit fint portrett av to som står kvarandre nær, men som likevel har bygd opp ein glasvegg mellom seg. Han kjem på sjukehus, og også når ho vitjar han der er ho ein underdanna - ho ventar og ventar på gangen utanfor rommet hans før han endeleg ropar ho inn.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

20. april 2017

Merethe Lindstrøm: Stedfortrederen (1997)

For nokre år sidan vart det laga ein relativt mislukka film om barneheimen på Bastøy. Det var ein heim for gutar, som kunne vera småkriminelle, koma frå vanskelege heimar, eller som hadde andre ting dei sleit med. Filmen, Kongen av Bastøy, lei fyrst og fremst under ein total mangel på originalitet.

Manuset til denne boka er kanskje heller ikkje så originalt, men her fungerer det likevel langt betre. Lindstrøm vekslar mellom to forteljarar. Annakvart kapittel vert fortalt av tretten år gamle Kai, som fortel i fyrsteperson. I dei andre kapitla ser me hendingane gjennom Johannes, ein lærar som arbeider på øya eitt år. For Kai er øya eit mareritt frå dag ein, medan det tek litt lengre tid før Johannes finn ut kva slags stad han er komen til.

Øya er slettes ingen idyll. Arbeidsøktene deira minner mest om konsentrasjonsleirar, og det same gjeld maten dei får. Minst ein av vaktene forgrip seg på små ungar, og det er òg klare reglar internt i guteflokken.

Lindstrøm fortel dette i eit fint, fint språk. Det er ikkje den mest poetiske boka hennar, ho briljerer ikkje like mykje språkleg her som i andre bøker, men ho manar likevel fram ei kjensle av korleis livet på denne barneheimen var.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

26. november 2016

Merethe Lindstrøm: Regnbarnas rike (1992)

Eg les gjerne tidlege bøker av forfattarar eg etter kvart har fått sansen for. Nokre gonger er det verdt bryet, andre gonger er det det ikkje. Eg var litt skeptisk til denne, kanskje mest på grunn av det forferdelege omslaget. Alt det der med å ikkje skua hunden på håra er heilt greitt, men likevel. Det kan vera eitt av dei verste omslaga eg har sett.

Boka er heldigvis langt betre. Ho vert fortalt av Maria, som trass sin relativt unge alder har sett og opplevd svært mykje. Ho reiser frå by til by, frå land til land, frå mann til mann, før ho igjen tek turen innom heimen til mora. Der trivst ho ikkje, dei to går ikkje altfor godt overeins, men ho kjem likevel attende heile tida. Ho leitar etter noko ho ikkje veit kva er, og finn det heller ikkje.

Gradvis lærer me meir og meir om kva Maria har vore ute for. Her er både fødsel og død. Kvar det heile tok til, kvifor det gjekk som det gjekk med Maria, får me vel ikkje noko klart svar på, men det er heller ikkje det viktige. Boka er eit fint portrett av ei kvinne som ikkje heilt har fått det til.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

6. mars 2016

Merethe Lindstrøm: Fra vinterarkivene (2015)

Dei siste åra har det vorte vanleg at forfattarar skriv sjølvbiografiske romanar. Det er ikkje ein trend eg har kasta meg over, nokre slike bøker har imponert meg lite, andre har imponert meg så lite at eg har lagt boka vekk relativt raskt.

Denne romanen er annleis. Éin viktig grunn kan vera at dei fleste personane er namnlause, det handlar mykje om "du" eller "han" osb. Ein annan viktig grunn er språket til Lindstrøm. I lange, poetiske setningar dreg ho lesaren inn i teksten, ho skapar ei god stemning, ho skapar ein tekst eg som lesar vil vera i.

Dei to hovudpersonane i boka vil skapa kunst. Ho vil skriva, han er biletkunstnar. Dei har lite pengar, men det er ikkje det viktige for dei. Han slit i tillegg med psyken, og er ein ustabil person å vera saman med. Rundt denne forteljinga kjem glimt frå oppveksten hennar - ho fortel om den fråverande faren og den rastlause mora, som flyttar og flyttar. Når eg-personen vert eldre vert ho like rastlaus, og flytter ofte.

Så det er ei bok med mange tema, men det viktigaste, det som går igjen gjennom heile boka, er kjærleik. Sjølv om den mannlege hovudpersonen er vanskeleg å leva saman med, er det tydeleg at eg-personen vil gå svært langt for å halda på han.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

3. februar 2015

Merethe Lindstrøm: Svømme under vann (1994)

Dette er ei relativt tidleg novellesamling av Lindstrøm, og det er ei fin novellesamling. Novellene er ekstremt kompakte, nokre er svært korte. Dei har alle ei svært tidsavgrensa handling, nokre rett nok med hyppige tilbakeblikk. Språket er som alltid godt, og novellene er godt oppbygde. Svært ofte anar ein tidleg at her ligg noko mellom linene, noko ligg og ulmar, men me får ikkje vita kva det er før seinare i novellene.

Eit gjennomgåande tema ser ut til å vera tap. Nokre taklar det godt, andre slit litt med tapet. Ei av dei mest overraskande novellene handla om ein gut som vert igjen åleine heime då faren tek med seg nye-kjærasten på ein kort ferie. Guten øydelegg gradvis heile huset deira, han kosar seg medan han gjer det, der det heile verkar som ein stor protest, eller kanskje eit rop om hjelp.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

31. desember 2013

Merethe Lindstrøm: Arkitekt (2013)

Dette er ei glimrande samling noveller. Spesielt uventa er det ikkje, Lindstrøm er ei av dei leiande forfattarane i landet, og noveller er ein sjanger ho beherskar svært bra, for å seia det mildt.

Handlinga i dei seks novellene er relativt daglegdags. Det store med novellene er alt det som ikkje vert sagt. På same måte som hovudpersonane manglar me heile tida litt informasjon, og uroa hovudpersonane kjenner smittar difor over på oss. Me veit ikkje om det er noko farleg med gjestane i nabohytta på campingplassen - det veit heller ikkje ho som har teke inn der etter ein motorstopp, men ho kjenner på seg at det er eit eller anna. Dei to som ryddar i huset til ein som nett er død (truleg av ei ulukke, det kjem ikkje fram) oppdagar brått at den to-tre år gamle dotter til ein av dei er vekke, og det er ikkje berre dei to som er urolege for at noko alvorleg kan ha skjedd.

Lindstrøm greier å skapa denne stemninga av di ho er ein stor novellist. Ho skriv så suverent, ho har eit så glitrande språk, og det er ei stor glede kvar gong eg les ei av bøkene hennar.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

20. april 2013

Merethe Lindstrøm: Natthjem (2002)

Eg har lese fleire bøker av Lindstrom det siste året. Denne imponerte meg ikkje like mykje som dei andre. Her er gode parti, men det går lenge før boka vert bra. Lindstrøm bruker lang tid på å etablera rammene for det som skjer, litt for lang tid. Den fyrste halvdelen av boka er sprikande, ting vert for omfattande, og samstundes vert me òg presenterte for litt for mange personar på litt for kort tid. Boka hoppar litt i tid, og det er heilt greitt, men det gjer det ikkje enklare å følgja med på kven ting skjer med. Lindstrøm vekslar òg mellom to forteljarar, og det gjer òg at det er vanskeleg å koma inn i boka.


Hovudpersonen er Mai. Ho er kunstfotograf, og bur saman med ektemann nummer to, og tre ungar. Far til den eldste ungen, Inge, bur i nabolaget, men etter ei rettssak om foreldrerettar året før snakkar dei ikkje med kvarandre. Ho slit òg med skuldkjensle etter at ho (kanskje) var skuld i at bror hennar som heilt liten vart dauv. Mai er ein dyktig fotograf, men er ikkje like flink med folk. Ho skulle gjerne hatt eit nærare forhold til Inge, som på si side heller ville budd hjå faren.

Me får vita meir og meir om Inge utover i boka, og han vert etter kvart minst like interessant som Mai. Han går mykje for seg sjølv, den tryggleiken og det fellesskapet han leitar etter finn han korkje hjå faren eller mora. Han trivst godt saman med eit piggsvin han har funne, og tek seg av det slik ein forelder burde ta seg av ungen sin. Tilhøvet mellom ungar og foreldre går igjen i heile boka, og slik sett er det eit klart signal om kvar Mai sviktar, det at Inge faktisk tek seg betre av piggsvinet enn ho gjer av ungane sine.

Det er altså ikkje den beste Lindstrøm-boka eg har lese, dette, men det skal jo òg noko til. Eg koste meg likevel tidvis i den siste halvdelen av boka, der Inge vert dregen mot fleire potensielle farar.

Guffen er lunken.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Ingenting om mørket (2003)
Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

14. desember 2012

Merethe Lindstrøm: Barnejegeren (2005)

Dette vert jo reine Lindstrøm-bloggen. Det er den tredje boka hennar eg les i haust, og det er den tredje boka hennar eg er imponert over. Det er gode bøker, og denne er så godt skriven at eg kjende smerta til hovudpersonen. Av og til var det vondt å lesa boka.

Hovudpersonen, Ida, arbeider som barnepsykolog. Det verkar ikkje akkurat som om ho har funne drøymejobben, ho slit med å ordleggja seg, ho slit med på finna ord som passar i gitte situasjonar. Notidsforteljinga i boka handlar om at ei åtte år gamal jente er sakna etter ein fjelltur. Jenta har vore pasient hjå Ida, men bortsett frå det greier ho ikkje å engasjera seg stort i denne leitinga. Hendinga vekkjer til live det opne såret ho har bore med seg omtrent heile livet.

Dotter hennar er narkoman i Oslo. Ida har ei kjensle av at det er hennar feil, av at ho gjorde noko gale då ho, som åleinemor, oppdrog dottera. Ho kjem stadig tilbake til ein episode der dei kom vekk frå kvarandre på eit arrangement på det lokale kjøpesenteret. Ho fann dottera relativt fort att, men greier ikkje fri seg frå ein tanke om at ho på den korte stunda kan ha vorte utsett for eit overgrep. Etter at dottera vert vaksen flyttar ho altså til Oslo, og Ida greier ikkje å snakka skikkeleg med ho. Ho sit i staden heime, der ho mimrar om dei gode dagane dei hadde saman, og der ho drøymer om å ta dottera med til Alaska. Ho har mykje kontakt med folk, men det fungerer aldri heilt godt - ho har det eigentleg best når ho mimrar, og når ho legg ut på reiser i tankeverda.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Gjestene (2007)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

10. desember 2012

Merethe Lindstrøm: Gjestene (2007)

Ei bok med flotte, flotte noveller. Lindstrøm skriv om hendingar som verkar daglegdagse, i eit språk som verkar så klart og rett, og som gjer det vanskeleg å leggja boka frå seg.

Novella som fenga meg mest er "Under". Hovudpersonen i denne novella er på veg heim med t-banen, saman med ei sovande dotter, då ho vert rana av ein mann med kniv. Det heile går svært sakte, og forteljinga vert i all si enkelheit svært spanande. Kjem han med kniven til å skada nokon av dei to? Kjem han til å ta med seg den vesle jenta?

Innimellom notidsskildringa på t-banen kjem glimt der kvinna kikar tilbake til hendingar året før, og dette er eit grep Lindstrøm nyttar ofte. I ei anna novelle, "Vederlag", avdukar ho gradvis relasjonen mellom dei tre karakterane - eit godt vakse par, og ei langt yngre kvinne. Denne vekslinga i tid fungerer svært godt. Det er ikkje berre desse novellene som fortel om nære relasjonar mellom personar, slik er det også i dei fem andre.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Dager i stillhetens historie (2011)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)

14. oktober 2012

Merethe Lindstrøm: Dager i stillhetens historie (2011)

Dette var ei god bok å vera i. Eit eldre ektepar bur framleis i lag, men dei snakkar ikkje med kvarandre lenger. To dagar i veka er han på eit aktivitetssenter for eldre, men resten av tida går dei rundt i kvarandre i ein bortimot total stillheit. Ho prøver å snakka til han, men han svarar ikkje. Kanskje han ikkje vil, kanskje han ikkje kan.

Det er ho som fortel historien. Ho ser seg mest tilbake, og tankane krinsar rundt nokre hendingar. Dei hadde ei hushjelp frå Latvia, som dei begge likte, men som dei sa opp etter at ho snakka negativt om jødar. Det var omtrent då han slutta å snakka, og ho lurer på om det hadde vore annleis om hushjelpa framleis var hjå dei.

Han er jøde, oppvaksen i Tyskland. Han miste fleire slektningar under andre verdskrigen. Han miste òg kontakt med dei som overlevde, men brukte mykje tid på å leita dei opp att, og hadde mykje kontakt med ei tremenning i Berlin. Ho likar dette dårleg, dels av di det pirkar i det andre store såret hennar. Ho fekk ein unge då ho var svært ung, før ho møtte han ho gifta seg med, og denne ungen gav ho vekk då han var eit halvt år gamal. Han meiner at ho bør leita opp denne sonen; ho vil ikkje. Dei har altså begge mist nære slektningar, men forheld seg ulikt til desse. Den yngste dottera deira vil at mora skal søkja om å få den tause ektemannen plassert på ein aldersheim. Det vegrar ho seg for, det minner for mykje om då ho søkte om å få den tause babyen sin gitt vekk mange år tidlegare.

Språket til Lindstrøm står godt til denne historia. Her er få dialogar, det meste går føre seg i stillheit, og språket er lågmælt, utan store ord og fakter. Det er stilsikkert, det er stramt og utan unødvendige ord og fraser, og det heile er ei bok som gjev meirsmak.

Guffen tilrår.

Meir Lindstrøm på kulturguffebloggen
Sexorcisten og andre fortellinger (1983)
Borte, men savnet (1988)
Kannibal-leken (1990)
Regnbarnas rike (1992)
Svømme under vann (1994)
Steinsamlere (1996)
Stedfortrederen (1997)
Jeg kjenner dette huset (1999)
Natthjem (2002)
Ingenting om mørket (2003)

Barnejegeren (2005)
Gjestene (2007)
Arkitekt (2013)
Fra vinterarkivene (2015)
Nord (2017)
Fuglenes anatomi (2019)
Vinterhest (2022)
Når vi synger (2023)
Om tingenes natur (2025)