Viser innlegg med etiketten Kensingtonsteinen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kensingtonsteinen. Vis alle innlegg

4. februar 2021

David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)

Runesteinen det er snakk om er sjølvsagt Kensingtonsteinen. Den vart funnen i 1898, ved Kensington i Minnesota, og eit overveldande fleirtal av fagfolk som har undersøkt innskrifta er overtydde om at dette er ei forfalsking. Då eg pusla med hovudfagsoppgåva mi var eg nokre dagar i området, og merkeleg nok var alle norsk-amerikanarane positive til steinen, medan dei med annan etnisk bakgrunn berre såg det heile som komisk. Eg vart òg spurt kva eg trudde, og svara at eg var djupt skeptisk, men at steinen var langt meir interessant for meg dersom det heile var ein bløff. 

Krueger har om lag same utgangspunktet. Han er ikkje så oppteken av om innskrifta er falsk eller ekte (sjølv om det skin gjennom om at han trur det er juks). Han skriv i staden om korleis steinen har vorte brukt, og mykje av det var nytt for meg. 

I innskrifta står det AVM, som truleg skal vera ei katolsk bøn. Katolikkane i området har brukt dette for alt det er verdt, og meiner at dei som rita desse runene bør heidrast som tidlege katolske misjonærar. I den katolske skulen i Alexandria (like ved Kensington) er det eit lite altar der dei heidrar Our Lady of the Runestone, der det er ein figur av ei nonne ved sida av runesteinen. 

Krueger skriv eit par gonger om turistkontor-etnisitet, eit uttrykk han har lånt av Odd Lovoll, og som viser til korleis lokalsamfunn dreg fram eit eller anna etnisk for å tena pengar. Kensingtonsteinen er absolutt brukt på denne måten i Alexandria - der står ein stor viking midt i byen, der teksten på skjoldet er Birthplace of America, og det står ein forstørra kensingtonsteinen ved inngangen til byen. Vikingen var opphavleg laga til ei verdsutstilling i New York, men då stod det eit spørjeteikn til slutt i teksten. Og den forstørra steinen er nokre meter høg, men han ville ha bleikna mot planane om å laga ein seksti meter høg kopi.  

Det er ei finfin bok, full av fakta og gode innsikter. 

Guffen tilrår. 

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)

Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

29. november 2018

Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)

Tidlegare denne månaden las eg sjølvbiografien til Odd S. Lovoll. Den boka kom ut i år, det året Lovoll fyller 84 år. Tilfeldigvis fann eg fram denne boka, og halvveges i lesinga slo det meg at der er ein stor parallell - den boka kom ut det året Holand fylte 85. Begge var fødde i Noreg og emigrerte til USA, begge har skrive mykje om norsk-amerikanarar, men om lag der er det slutt på fellestrekka. Lovoll er ein høgt respektert forskar; Holand vert ikkje teken altfor alvorleg.

Grunnen er måten Holand kjempa for Kensingtonsteinen, og det er vel òg grunnen til at eg henta fram att denne boka. Han skreiv òg De Norske Settlementers Historie (1908) og fleire historiebøker om Door County, delen av Wisconsin han budd i. Eg har ikkje lese desse, men dei skal vera meir å stola på enn bøkene om Kensingtonsteinen.

I denne boka fortel han litt om oppveksten i Akershus. Mora døydde, og Holand utvandra då han var 13. Han flytta inn hjå broren, men likte seg dårleg der. Han vart etter kvart student, finansierte studiane ved å selja bøker på dørene hjå folk, bygde seg eit hus og seinare eit til, og levde etter kvart av skrivinga si. Det er rart, for denne boka er ikkje rare greiene. Han har høge tankar om seg sjølv, og låge tankar om mange andre. Han gjev mykje plass til anekdotar utan poeng, og hoppar over ting som kunne verka viktigare (som namn på ungar og slikt). Han har ei merkeleg avsporing midt i boka, der det kjem nokre kapittel om personar som levde for lenge sidan. Han er veldig oppteken av pengar, og veit kva alt han har kjøpt i livet kostar. Han skriv mykje om Kensingtonstein (som vart funnen i Minnesota i 1898, med ei runeskrift dei aller fleste meiner er ei forfalsking, men som Holand meiner at fortel om ein norsk/svensk ekspedisjon i 1364), han skriv mykje om Verendrye-steinen (ein stein funnen i Nord-Dakota rundt 1740, der det var gravert inn nokre teikn som ingen har sett, men som Holand er overtydd om at er runeteikn), og han skriv mykje om Newport Tower (eit steintårn i Rhode Island som er datert til midten av 1600-talet, men som Holand er overtydd om at var sett opp av vikingar). Det er dette som er det viktige for Holand å få fram, og det er typisk at den eine illustrasjonen inne i boka er ein faksimile frå Chicago Daily News, der artikkelen fortel om at Holand har vore i Paris og diskutert innskrifta på steinen.

Han gjer altså ikkje noko godt inntrykk i boka, og det vert forsterka av tittelen på kapitlet der han fortel om korleis han møtte ho han seinare gifta seg med: How I Chose My Wife.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)

Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

22. september 2018

Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone. New Light on an Old Riddle (1968)

Eg repeterer litt igjen: I 1898 fann svensk-amerikanaren Olof Öhman ein stein med runeinnskrift då han rydda nytt land på farmen sin nær Kensington i Minnesota. Innskrifta vart avvist som falsk. Hjalmar Holand fekk høyra om steinen i 1907, og fram til han døydde i 1960-åra arbeidde han for å få folk til å tru på det innskrifta fortalde. Han skreiv mange artiklar om steinen, og gav ut ei bok i 1932. Han fekk svar, så hatten passa og vel så det, då professor Erik Wahlgren gav ut ei bok i 1958. Holand stod på sitt i ei bok som kom i 1962.

I 1968 gav Theodore Blegen ut denne boka. Blegen døydde året etter, 78 år gamal, og hadde arbeidd med det norske Amerika heile yrkeslivet. Blegen var professor i historie, og var involvert i Norwegian-American Historical Association, der han i 1925 vart den fyrste redaktøren, og i Minnesota Historical Society.

Til liks med Wahlgren slaktar også Blegen bøkene til Holand. Han gjer det på ein langt lunare måte, men viser i eit stillferdig språk at Holand ikkje har reint mjøl i posen. Holand motseier seg sjølv så mange gonger, og legg ikkje fram fakta som kan rokka ved korthuset hans. Blegen er langt meir profesjonell, han dokumenterer heile tida det han skriv om. Holand skriv at Öhman var ein heilt vanleg gardbrukar; Blegen viser at han las mykje, og hadde store kunnskapar. Holand skriv at ingen i Minnesota kunne lesa runer; Blegen viser at dei fyrste månadene etter at innskrifta vart gjort kjent i ei amerikansk avis kom det tre så godt som korrekte tolkingar av innskrifta, frå utvandra skandinavar som var heilt vanlege farmarar. Blegen bruker eit heilt kapittel på å plukka skrivinga til Holand frå kvarandre. Han går langt i å seia at Öhman var med på å laga innskrifta, truleg saman med Sven Fogelblad, ein prest/lærar som hadde mykje med Öhman å gjera.

Blegen oppsummerer det heile greitt: "It matters little what one individual's opinion is on the question of authenticity. What matters is the sum total of historical, runological, and archeological evidence. The total on the runological and historical side is, in my judgment, conclusive. The inscription is a fake. The evidence points to a hoax, with Olof Öhman as the principal originator".

Det har kome fleire bøker om steinen etter denne. Nokre er kuriøse, andre gjev seg ut for å vera meir seriøse. Det har likevel ikkje kome fram noko som gjer at fagfolk seier seg usamde med Blegen. Tvert imot - Blegen sluttar boka med å fortelja om nokre opptak han har høyrt om, men ikkje høyrt. Dei opptaka er i dag tilgjengelege, og der fortel son til John Gran, ein av naboane til Öhman, at faren fortalde at han og Öhman hadde hogd inn innskrifta. Det stemmer bra med at innskrifta er laga av to hoggarar - ein høgrehendt og ein venstrehendt.

Steinen er i dag stilt ut i eit museum i Kensington, og ved ein av vegane inn til den småbyen står det ein modell av steinen. I hovudgata i byen står det ei vikingstatue, med eit skjold der Kensington vert omtala som "Birthplace of America". Den korte teksten seier i grunnen alt om kvifor steinen var viktig for Holand, og kvifor han framleis er viktig for mange norsk-amerikanarar. Steinen fortel dei at dei var der fyrst.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)

Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

26. august 2018

Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)

Kort repetisjon: Ein svensk-amerikansk nybyggjar fann ein runestein i Minnesota i 1898. Alle ekspertar som såg innskrifta, som skulle vera frå 1362, sa at dette var humbug. Hjalmar Holand fekk høyra om steinen, vart overtydd om innskrifta var ekte, og gav ut ei bok om steinen i 1932. Seinare kom det fleire bøker. I 1958 gav Erik Wahlgren ut ei bok som i stor grad var eit svar til Holand, og Wahlgren viste på ein overtydande (og kanskje litt for krass) måte at innskrifta ikkje kunne vera ekte.

Fire år seinare, i 1962, gav Holand ut denne boka. Det vart den siste boka hans, han døydde året etter. Han forsvarar seg mot åtaka frå Wahlgren, han finn feil i det Wahlgren skriv, og tek opp att det som var hovudpoenget hans gjennom det meste av livet: Innskrifta er ekte. Ho fortel om ein norsk/svensk ekspedisjon som leitte etter Vinland frå 1355 til 1364, og som altså i 1362 var i det som seinare vart Minnesota.

Han overtyder ikkje denne gongen heller. I 1355 bad den dåverande kongen om at Paul Knutson skulle reisa til Grønland for å finna ut kva som hadde hendt med dei som budde der. I eit brev skrive mange år seinare, i 1577, vert det referert til Jacob Cnoyen, som skal ha sagt at det i 1364 kom åtte menn frå Grønland til Bergen. Holand legg saman desse to hendingane, og meiner at dei åtte må ha vore med på Knutson-ekspedisjonen. To problem melder seg: Ingen historikarar trur at Knutson nokon gong reiste - midt i 1350-åra var kongestyret svært ustabilt, og det var òg kort tid etter at svartedauden hadde herja. Og i brevet frå 1577 står det klart at dei åtte ikkje hadde vore på nokon ekspedisjon, men at dei åtte var etterkomarar av dei som budde på Grønland.

Holand finn som regel det han leiter etter, og bruker det som passar inn med hypotesen hans. Han har funne langt fleire steinar med hol i, "mooring stones", og meiner med det å ha funne alle stadene gruppa med svenskar og nordmenn tok kveld. Han viser til ei rekkje funn av gjenstandar han skriv må vera nordiske, og meiner at dette må stamma frå ekspedisjonen. Og han meiner at mandan-indianarane, som var lysare i huda enn andre indianarar, må ha den hudfarga av di dei på eit tidspunkt må ha slege seg saman med ekspedisjonsmedlemmane. Ingen av desse tre hypotesane vert støtta av forskarar i dag. Holand omtalar dei likevel som prov. Han er altså like sikker som før, og er diverre like nøyaktig i metodane sine.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)

Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

18. juli 2018

Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)

I 1898 fann svensk-amerikaren Olof Öhman ein stein med ei runeinnskrift i Kensington, Minnesota. Innskrifta fortalde om tretti skandinavar som var i Minnesota i 1362, altså 130 år før Columbus sigla over Atlanteren. Nokre trudde på innskrifta, dei fleste såg det heile som ein moderne bløff. Hjalmar Holand høyrde til dei som trudde fullt og fast på innskrifta, og gav ut ei rekkje artiklar og nokre bøker om steinen. Han møtte motbør frå fagfolk, men ingen av motstandarane hans tok til motmæle i bokform. Ikkje før Erik Wahlgren gav ut denne boka.

Wahlgren var professor i skandinaviske språk ved UCLA i Los Angeles. Han hadde altså ei heilt anna fagleg tyngde enn Holand, og det kjem tydeleg fram i boka. Wahlgren legg ikkje skjul på at det er skriftene til Holand som gjer at han skriv denne boka. Han finn så mange feil og så mange motseiingar i arbeida til Holand at han ikkje berre kan sitja roleg og sjå på det.

Han går grundig til verks, og plukkar alle argumenta til Holand frå kvarandre. Kortversjonen er at han viser at det er fullstendig uråd at innskrifta på steinen kan vera frå 1362. Han finn feil overalt, både ved språk og runer. Han viser at Ohman (og fleire av naboane hans) hadde tilgang til runealfabet, og at dei ikkje var så enkle som Holand påstår. Han viser at dette med skandinavar som var i Vinland var heftig debattert i norsk-amerikanske aviser i tiåra før funnet. Han viser at det mest uventa ordet på steinen, oppdagelsereise, var brukt heile tida i desse debattane.

Og han viser at Holand er ein uærleg forskar. Holand viser ofte til ein rapport utarbeidd av Minnesota Historival Society - Wahlgren viser at Holand var medforfattar til denne rapporten. Wahlgren viser kor inkonsekvent Holand var, og korleis han omtalar viktige punkt ulikt frå skrift til skrift, utan å grunngje det. Han viser korleis Holand kjem med eigne tolkingar av ordet "dagsreise" - på steinen står det at dei som laga innskrifta hadde leir ved ein innsjø med to skjer ei dagsreise nordover, medan andre passar på skipa deira fjorten dagsreiser nordover. Holand teiknar og fortel, og diktar opp avstandar som er absurde, like absurde som at dei skulle ha greidd å halda styr på det.

Så boka handlar om ein falsk runestein, men ho handlar like mykje om ein falsk forskar. Holand vert så avkledd i denne boka at det nesten er utruleg at han ikkje gav opp.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)

Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

20. juni 2018

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)

I hovudoppgåva mi var eg så vidt innom Kensingtonsteinen. Denne steinen har ei runeinnskrift, vart funnen i Kensington i Minnesota i 1898, og teksten fortel om ein svensk/norsk ekspedisjon frå 1362. Eg brukte steinen som døme på ein heimlandsmyte, altså at svensk- og norskamerikanarar brukte steinen som prov på at dei var der fyrst, og at dei hadde ein spesiell rett til å vera i USA. Eg skreiv ein kronikk i BT om steinen, og kom inn i ein fascinerande avispolemikk med ein kar som var overtydd om at innskrifta var ekte. Ein dag eg tusla forbi bokhylla fann eg ut at eg ville friska opp att soga om steinen, og tek til med ei bok av ein annan som var overtydd om at innskrifta var ekte.

Holand skreiv fleire bøker, og dokumenterte mykje frå den tidlege perioden til norskamerikanarar. I arbeidet med ei bok om historia til dei norske settlementa fekk han høyra om Kensingtonsteinen. Han kjøpte (eller fekk) tak i steinen, og gjorde det han kunne for å overtyda andre om at innskrifta var ekte, og at teksten fortalde om ein verkeleg ekspedisjon. I denne boka, som er den fyrste han skreiv om steinen, samlar han argumenta sine.

Holand har ein litt uvanleg argumentasjonsmåte. Han verkar fullt klar over at det ikkje finst prov på at innskrifta er ekte, eller at ekspedisjonen vart gjennomført, men tek for seg punkt for punkt i eigne kapittel. Han sluttar gjerne kapitla med å seia at det han har skrive om så langt viser at dette kan vera sant. Når han kjem til neste kapittel, er det sant.

Steinen vart funnen av den svenskamerikanske bonden Olof Öhman. Han rydda skog på eigedomen sin, og fann steinen i røtene av eit tre. Teksten, som han ikkje greidde å tyda sjølv, fortel om åtte svenskar og 22 nordmenn som var stranda her. Ti menn var drepne, ti menn var att ved havet for å passa på skipa deira. Teksten slutta med "år 1362". Både språkbruk, ordval og runeteikn tyda på falskneri, men Holand prøver å overtyda lesaren om at det ikkje er det. Han koplar det saman med ein mogeleg ekspedisjon som var sendt ut frå Noreg i 1355, utan å ta omsyn til at så kort tid etter svartedauden var det neppe ekspedisjonar til utlandet som var høgast prioritert.

Det verkar som om Holand har ein klar agenda: Han vil ikkje undersøkja steinen og innskrifta for å sjå om det kan vera sant, han vil gjera det for å visa at det er sant. Han har svaret klart før han går i gang med drøftinga. Mot slutten av boka viklar han seg inn noko altfor rare greier. Fyrst viser han til funn av økser i jorda i Minnesota, økser som han meiner folk i ekspedisjonen kan ha hatt med seg. Deretter skriv han om borehol i steinane langs elva ekspedisjonen skal ha padla opp, og meiner at dette er hol dei laga for å fortøya båtane sine. Innskrifta fortel at om ein innsjø med to små skjer, Holand legg ut på leit etter denne sjøen. Han finn ein sjø med to skjer som så vidt stikk opp over vatnet, og legg då heilt vekk det han har skrive nokre sider tidlegare - at vatnet stod høgare i dette området på 1300-talet.

Det er ei merkeleg bok, men ho er òg fascinerande. Det er ei bok som mange les i fullt alvor, og boka vart eit utgangspunkt for den store debatten om steinen.