I gamle dagar, då eg var ein fast og trufast lesar av Nye Takter, var Willy B. ein av mange journalistar eg sette høgt. Han skreiv godt, han var kunnskapsrik, og han var ikkje spesielt oppteken av siste mote. Han var fritenkjar, og skreiv om musikk han likte. Inspirert av Pete Frame laga han òg mange stamtre.
I denne boka er det tretten artiklar. Den siste er eit langt oversyn over bøker på norsk om rock; dei andre er essay om ulike tema. Det kan handla om platesamling og platesamlarar, det kan handla om musikkjournalistikk, det kan handla om plakatar og festivalar, osb. Heile tida handlar det om norske tilhøve. Jamt over er det interessant og underhaldande, og opningsessayet stikk seg ut i så måte: Her skriv han generelt om korleis det er å spela i band - kva som skal til av pengar og innsats, korleis ein får laga plater, kva roller dei ulike i bandet vanlegvis har, osb.
B., eller Bakken, døydde av kreft i 2010. Det kom altså aldri eit vol. 2, diverre, og han fekk heller aldri gitt ut Motorpsycho-biografien han jobba med. Manus ligg visst på Nasjonalbiblioteket. Stort sett er det lystig og informativt lesnad, dette, med eitt unntak: I eit essay om slektskapen mellom rock og klassisk musikk skriv han om korleis Chuck Berry alt i 1955 skreiv "Roll over Beethoven", og der kjem det nokre uventa rasistiske setningar. Det er truleg meint som ein vits, men likevel.
Guffen tilrår.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar