12. juli 2018

Canada på tvers (2005)

Går ein langt nok nord i Canada er landet ei einaste stor villmark. Mange bur der, mange har budd der, mange har reist der, men Lars Monsen vart den fyrste som for eiga maskin reiste frå vest til aust. Turen tok til ved grensa til Alaska, heilt nordvest i Canada, og slutta ved Goose Bay på austkysten.

I alt reiste han meir enn 8000 kilometer. Turen tok to år og sju månader, og han tek seg stort sett fram med hundespann om vinteren, og stort sett i kano resten av året. Undervegs stoppar han av og til, korte stopp ved små tettstader, lengre stopp i naturen, til dømes medan han ventar på at snøen skal koma.

Det som gjer serien verdt å sjå er entusiasmen til Monsen. Han kosar seg i naturen, også dei gongene han er utsliten eller vert truga av rovdyr. Han stortrivst der ute, og er klar over at dette er ei oppleving svært få har hatt.

Men det er òg ting som trekkjer ned. Av og til verkar det mest som om han viser lysbilete. Det vert mange solnedgangar, og det vert mange flotte naturbilete, men den store dramatikken manglar som regel. Han filmar sjølvsagt det meste sjølv, så det vert mange like scenar der han snakkar til eit kamera han held på strak arm. Noko dramatikk er det, som dei gongene han får selskap av ein eller fleire bjørnar (fyrste gongen ropar han til bjørnen at han må "go away", berre sånn i tilfelle bjørnen forstår engelsk betre enn norsk), eller dei gongene ein eller fleire av hundane er i trøbbel.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar