9. oktober 2026

Margreth Olin: Utan språk for kjærleik (2026)

Forteljaren i denne boka, Vår, slit med å koma over tapet av mannen sin. Han har vore død i fem år, og ho har vore åleine desse åra. Ho bur i Oslo, og då ho reiser til Vestlandet for å vitja foreldra møter ho barndomsvenen Dag. Dei var gode vener lenge, men har aldri vore kjærastar (sjølv om dei har hatt sex nokre gonger). Han har òg hatt nokre forhold, men er no single. 

Alt ligg såleis til rette for at dei skal slå seg i lag, men det er eitt hinder: Ho er usikker på om ho vågar å gå inn i eit nytt forhold. Ho vil ikkje risikera å gå på eit slikt tap igjen, og ho kjenner nok òg at ho nesten svik den døde mannen sin. Ho bur i Oslo, Dag bur på Vestlandet, og dei reiser att og fram mange gonger. Av og til går det bra, nokre gonger går det mindre bra.

Det er ei fin bok. Vår lengtar etter det trygge, og ho innser òg at det er Dag ho vil ha, men ho er samstundes så redd at ho ikkje vågar å ta det siste steget. Ho brenn (lenge) inne med det ho helst vil seia, og då ho endeleg gjer det, går det ikkje heilt som ho hadde tenkt. 

Nokre kritikarar har kommentert at boka er for lang. Slik opplevde ikkje eg det. Noko av det som gjer at historia verkar truverdig er at det tek så lang tid, at det verkeleg er slik at Vår er redd for det som kan koma. 

Guffen tilrår. 

Meir Olin på kulturguffebloggen
Fedrelandet (2023)
Song til mor (2024)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar