19. juli 2022

Better Call Saul, sesong 1 (2015)

Denne serien handlar om livet til den litt ruskete advokaten Saul Goodman, slik det gjekk føre seg før Breaking Bad. Eg var lenge skeptisk til om eg skulle sjå han, eg er vel generelt skeptisk til slike spinoff-seriar, men mange har snakka varmt om han. Heilt på nivå med Breaking Bad er det (sjølvsagt) ikkje, men opningssesongen var aboslutt lovande.

Me hoppar litt i tid og rom. Samtidshistoria handlar om at Saul Goodman (som så langt går under det eigentlege namnet sitt, Jimmy McGill) prøver å etablera seg som advokat i Albuquerque. Broren er ein av dei mest respekterte advokatane i byen, men har diverre fått for seg at han er allergisk mot straum og slikt. Draumen om eit godt liv som advokat går slettes ikkje etter planen, sjølv om han har ein god nase for å finna potensielle saker.

Ved tinghuset møter han ofte parkeringsvakta Mike Ehrmantraut, som me hugsar godt frå Breaking Bad. Eit par av episodane handlar om livet hans før serien tek til - han var politi, men tøydde reglane litt langt og måtte reisa/flykta frå Philapelphia. 

Både Goodman og Ehrmantraut er glimrande og fargerike karakterar, og viss det er slik at serien vert bygd opp rundt dei lovar dette bra. Her er mange uventa vendingar, det dukkar av og til opp gamle kjenningar, replikkar og filming er bra, og i opningssesongen var det to Marx Brothers-referansar. Eg held nok fram med neste sesong om ikkje lenge. 

Guffen tilrår. 

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar