21. april 2015

Breaking Bad, sesong 1 (2008)

Denne serien har eit rimeleg godt utgangspunkt. Walter White er ein ekstremt god kjemikar, men hadde ikkje tiltakslyst nok til å verkeleg satsa på ei stor karriere der. I staden arbeider han som kjemilærar på ein highschool i Albuquerque, New Mexico, og korkje han eller elevane hans ser ut til å trivast med det. Kona hans er gravid; frå før har dei ein seksten år gamal son. Dei slit økonomisk, og då White får diagnosen lungekreft tenkjer han mykje på korleis dei andre skal klara seg etter at han er død. For å få pengar til cellegiftkur, og for å prøva å leggja seg opp litt pengar dei andre kan arva, prøver han å tena pengar på å selja metamfetamin. Han veit korleis han skal laga det, men anar ingenting om korleis han skal selja det.

Det gjer derimot Jesse Pinkman, ein av dei tidlegare elevane hans. Han veit i alle fall litt om det. Alt går slettes ikkje etter planen, i alle fall ikkje i byrjinga, men det kjem seg etter kvart. Sesongen sluttar med at dei to har fått innpass hjå Tuco Salamanca, som ser ut til å kontrollera mykje av dealinga i heile eller halve byen.

Her er mykje bra. Det tek litt tid før serien tek av, men så lenge kvar episode er betre enn den førre er det jo ingen grunn til å stoppa. Samspelet mellom White og Pinkman er framifrå, eg veit at det opplagte her er å skriva at dei har ein glimrande kjemi. Dei er heilt ulike, White er ein turrpinn med eit stivt språk; Pinkman er like fleksibel og mjuk i kroppen som han er i språket. Dei har nokre fabelaktige scener og dialogar. Mykje av dette skuldast at dei ikkje snakkar nok med kvarandre, eller at dei ikkje høyrer nok på kvarandre. Scena med liket i badekaret er eit godt døme på dette.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)
Better Call Saulsesong 6 (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar