8. juli 2025

Twin Peaks, sesong 3 (2017)

Mot slutten av sesong 2 av Twin Peaks seier Laura Palmer noko slikt som "I'll see you in 25 years" til Dale Cooper. Det stemde ensten - det tok 26 år før denne tredje sesongen vart vist. Eg er usikker på kvifor eg ikkje har sett dette før no. Eg er jo positiv til Twin Peaks, og sesongen fekk gode omtalar. Kortversjonen er at det stemmer - han er langt betre enn den relativt misetable sesong 2.

Å gje eit samandrag av handlinga er ikkje lett. Det er ikkje alt som er like lett å skjøna, og det er òg veldig mange personar med. Men omtrent slik: FBI-agent Dale Cooper er stengt inne i The Black Lodge, ein stad som ligg utanfor den kjende verda. Dobbeltgjengaren hans er fri, og han lagar helvet overalt - det er i denne kroppen at Bob held til. Cooper kjem seg ut frå The Black Lodge, og tek bustad i kroppen til ein trippelgjengar, ein forsikringsagent frå Las Vegas (som, snedig nok, liknar på Cooper). Denne Cooperen er utan minne og går rundt som ein snill zombie. FBI kjem på sporet av både dobbeltgjengaren og trippelgjengaren, og etter kvart peikar alle spora mot Twin Peaks. Der møtest alle til det som i gamle dagar vart kalla eit endeleg oppgjer.

På veg dit har me òg vore innom mange andre og mindre historier. Nokre av desse ser ut til å vera nostalgiske, der me møter karakterar frå dei to fyrste sesongane. Fleire av desse har gjennomgåande roller, andre dukkar berre opp av og til. Og, snedig nok, sesongen sluttar med at Laura Palmer dukkar opp. 

Eg las ein stad at David Lynch og Mark Frost gjekk med planar om ein fjerde sesong, men at dette måtte leggjast vekk då Lynch døydde. Han har handa på rattet her, han har regissert alle episodane. Av og til får den altfor rare Lynch overtaket, men stort sett er det finfine greier. 

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Inland Empire (2006)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar