18. oktober 2017

Snøkvit (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.17)

Helgetur til Oslo; eg og Halldis gjekk i teater. Det Norske Teatret har fått Maria Tryti Vennerød og Julian Skar til å dikta ein ny versjon av Snøkvit. Det var ein versjon som fenga både liten og stor.

Mange element frå eventyret er med, men mykje er nytt. Noko av det nye gjer eventyret langt meir aktuelt; det handla mellom anna om korleis nokre er altfor opptekne av korleis dei ser ut, det handla om korleis foreldre bestemmer for mykje over ungane sine, og det handla òg litt om å behandla andre med respekt.

I denne versjonen vil Snøkvit heller vera med ein fattig og ruskete gartnarson enn å liggja som ein pyntegjenstand inne. Ho trivst betre saman med dei sju dvergane enn saman med dei sju hofflakeiane til dronninga. Ho støttar planen deira om å sprengja slottet, og sjølv om dronninga bruker heksetriks greier dei å fella ho. Og så viser det seg at ho ikkje er ei skikkeleg dronning, ho er berre ei vanleg kvinne frå skogen.

Guffen tilrår.

Meir Det Norske Teatret på kulturguffebloggen
Olav Dalgard: Lars Tvinde (1966)
Arthur Klæbo: Edvard Drabløs (1967)
Ivar Eskeland: Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987)
Innsirkling (9.2.11)
Bikubesong (Det Norske Teatret, Oslo, 23.4.2013)
Alfred Fidjestøl: Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013 (2013)
Haugtussa (Voss kulturhus, 8.5.2015)
Kan nokon gripe inn (Det Norske Teatret, Oslo, 28.1.17)
Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)

Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.22)
Inn frå regnet (Det Norske Teatret, Oslo, 17.9.22)
Tid for glede (Det Norske Teatret, Oslo, 14.10.2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar