26. november 2010

The Straight Story (1999)

Det er ekstremt mykje positivt å seia om denne filmen. Det er ein flott historie, glimrande skodespel og fin filming. At handlinga er lagt til den amerikanske Midtvesten gjer heller ingenting. Dei fire-fem siste gongene eg har vore i USA har eg køyrd langs liknande vegar, og det er stas. Det er heilt flatt, det er altså eit landskap som er heilt ulikt det eg bur i, men det gjer ingenting. Eg saknar ikkje fjella, i alle fall ikkje når eg berre er på gjennomreise. Det er heller omvendt - når eg ser ein film som denne får eg endå meir lyst til å reisa attende.

Det mest overraskande med denne filmen er at han er laga av David Lynch. Det er noko u-Lynchsk over ein film som er så harmonisk, der det ikkje er noko uhygge, og der den grunnleggjande handlinga er at ein må ta vare på familien sin.

Alvin Straight, ein gamal og sta mann i ein liten by vest i Iowa, får høyra at bror hans, Lyle, har hatt eit slag. Dei har ikkje snakka saman på ti år, men Alvin kjenner at han må vitja Lyle no. Han ser ikkje godt nok til å køyra bil, og sidan han vil reisa åleine, vert løysinga at han hektar ein tilhengar bak plenklipparen sin, og bruker fem-seks veker på å køyra tvers over Iowa og inn i Wisconsin, der broren bur. Filmen sluttar med at han kjem fram, me får ikkje vita kva dei snakkar om (eller korleis han kjem seg tilbake til heimbyen), men me ser at begge to er glade for å sjå den andre.

Det går sjølvsagt seint å køyra plenklippar på langtur, og heile filmen går i eit svært bedageleg og behageleg tempo. Det er ikkje uvanleg i filmar at kameraet vert retta mot vegen, og at dei gule midtstripene susar forbi. I denne filmen går det så seint at det ei stund ser ut til å vera heiltrekt midtlinje. Folk snakkar seint, Alvin bevegar seg seint, men det er slik det skal vera. Det er slik det er i Midtvesten, det er småbyar med éi gate, der det ser ut til å vera ei overvekt av eldre folk. Det er noko Fargosk over det heile, språket er heilt ulikt det du finn i amerikanske storbyar. Det er ein god film, det er ein varm film, det er ein film å verta glad av.

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
Mulholland Drive (2001)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar