14. mars 2015

Twin Peaks (1990-91)

Mot slutten av den siste episoden i serien går Dale Cooper rundt i The Black Lodge, det mystiske rommet all ondskap kjem frå. Han møter mange personar, både folk han har møtt i draumar, og folk som nyleg er drepne. Ei av dei er Laura Palmer, som seier noko slikt som "I'll see you again in 25 years". Eg trur det var det som var grunnen til at eg plukka fram denne serien igjen - for nokre månader sidan vart det kjent at David Lynch og Mark Frost skal laga eit framhald av serien, 25 år etter, og det gav meg lyst til å sjå serien på ny. (På same måte som artiklane om tjueårs-jubileet fekk meg til å sjå pilotepisoden om att, og til å blogga om han, i 2010.)

Det var eit merkeleg gjensyn. Eg hugsa serien som ujamn, der den fyrste tredjedelen (omtrent) var fabelaktig, og at det deretter gjekk jamt nedover, men ikkje lengre ned enn at nivået framleis var svært høgt. Slik var det ikkje denne gongen. Den fyrste tredjedelen (omtrent) er framleis god, men så stuper kvaliteten. Dei siste ti-tolv episodane er direkte dårlege.

Sjølvsagt har eg endra meg på desse åra; det kan vera ein grunn til at eg opplever serien ulikt. Men eg trur ein viktigare grunn er at fjernsynsseriar har endra seg. Dei beste seriane minner langt meir om gode filmar; Twin Peaks minner om ein fjernsynsserie. Humoren er platt, dialogane middels, skodespelet middels. Mykje minner òg om ein dårleg såpeserie - her dukkar opp ukjende sysken, her er uklare farskapssaker, folk som er døde er ikkje døde likevel, osb. Musikken er rett nok langt betre enn i såpeseriar flest, men likevel.

Guffen er lunken.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Inland Empire (2006)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar