23. mars 2014

Lost Highway (1997)

For mange år sidan snakka eg med Inge (trur eg) om Gravity's Rainbow, ein fantastisk roman av Thomas Pynchon. Ingen av oss forstod alt som skjedde i boka, men me likte det likevel. Omtrent slik er det her òg - eg greier ikkje å få tak i heile handlinga i denne filmen, men eg likar han.

Musikaren Fred Madison mistenkjer at kona er utru. To morgonar etter kvarandre finn dei ein konvolutt med ein videokassett i utanfor inngangsdøra si, og ein av desse er teke opp på soverommet deira, medan dei søv. Madison finn ein tredje kassett, der han ser kona død på soveromsgolvet. I neste scene er han i fengsel, dømd til døden for å ha drepe kona si.

Så langt er alt greitt, i alle fall viss me ser vekk frå ein merkeleg telefonsamtale. Men frå no av vert det rarare og rarare. Når fengselsvaktene kjem for å sjå til han er han ein morgon erstatta av ein langt yngre mann, som viser seg å vera bilmekanikaren Pete Dayton. Han har ikkje gjort noko gale, og vert sleppt ut av fengsel. Han innleier eit forhold til ei som er prikklik den drepte kona til Madison - Patricia Arquette spelar begge desse rollene. Det vert både sex og vald, og mot slutten av filmen er omtrent alt snudd på hovudet: Der filmen opnar med at nokon ringjer på hjå Fred Madison og seier "Dick Laurent is dead" sluttar filmen med at det er Madison sjølv som ringjer på og seier dette.

Når filmen har kome så langt har eg altså mist oversikta over kva som har skjedd, men eg har kost meg. Det er godt laga, med godt skodespel og gode replikkar, og med ein så uklar historie er det òg rom for å skremma sjåaren. Her er mykje myrke, og her skjer mykje om natta. Eg må truleg sjå filmen igjen for å få dette sortert, men eg har ei kjensle av at mykje av filmen er draum og fantasi. Kanskje Madison verkeleg drap kona si, og fantaserer om korleis livet kunne vore viss han ikkje gjorde det, og viss han var ein vanleg bilmekanikar i staden for ein lettare profilert jazzmusikar. Eller kanskje ikkje.

Guffen tilrår.

Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar