28. mars 2016

House of Cards, sesong 4 (2016)

Etter ein litt skuffande tredjesesong tok serien seg opp igjen. Den amerikanske presidenten Frank Underwood er i gang med valkampen, og tidleg i serien rekna eg med at denne sesongen kom til å slutta med sjølve valdagen. Så langt kom ikkje serien, men det skjedde langt meir enn sjølve valkampen.

Forholdet mellom Underwood og kona Claire er merkeleg. Dei søv i kvart sitt rom, dei har (eller hadde, for Frank sin del) elskarar/elskarinner, og då serien tek til har Claire så godt flytta ut. Dei vert samde om å flytta saman att, og ting tek ei merkeleg vending - dei greier å få det demokratiske landsmøtet til å røysta Claire fram som visepresidentkandidat. Målet er altså å få eit ektepar som president og visepresident.

Parallelt med valkampen kokar det minst to andre stader. Det er bråk i Syria, og mot slutten av sesongen kidnappar amerikanske ICO-sympatisørar ein familie, som dei ikkje vil sleppa fri før Underwood slepp fri ein syrisk leiar USA har fanga. Og like mykje bråk vert det når ein journalist grev litt for grundig i historia til Underwood. Han har mange svin på skogen, og det er heller ikkje vanskeleg å finna folk som mislikar han nok til at dei fortel det dei veit. Når sesongen sluttar er alt uavklara, og det er jo eit godt utgangspunkt for sesong fem.

Guffen tilrår.

Meir House of Cards på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2013)
Sesong 2 (2014)
Sesong 3 (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar