28. januar 2023

Better Call Saul, sesong 6 (2022)

Hm. Dette var svært solid, men eg sat likevel igjen med ei kjensle av antiklimaks. Dette er den sjeete og siste sesongen, og der dei andre sesongane har 10 episodar har denne 13. Det kan tolkast som om dei hadde litt for mykje på hjarta. To ulike historier måtte avsluttast, og begge trong mykje plass.

Den fyrste historia fortel om det som skjedde før Breaking Bad. Der måtte to ting avklarast: Saul og Kim ville få til litt seriøs kødding med Howard Hamlin, og striden mellom Salamanca og Gustavo Fring måtte få ei løysing. Denne delen av sesongen er klart best, og her var det fleire episodar som kan måla seg med alt anna. Historia glitrar, det er spanande og vel så det, heilt fram til Hamlin og Lalo Salamanca er ute. 

Diverre sluttar den historia midt i sesongen. Resten av sesongen handlar (stort sett) om tida etter BB. Saul arbeider i eit kanelbollebakeri i Nebraska, men vert attkjent av nokon frå Albuquerque, og før han veit ordet av det er han igjen i gang med småkriminelle ting. Han vert teken av politiet og sendt tilbake til Albuquerque. Politiet veit det meste av det han har gjort, men han greier likevel nesten å pruta seg ned i ei uforskamma kort fengselsstraff. Heilt til han får høyra at Kim har tilstått det dei gjorde mot Howard. Her, omsider, sluttar han med bløffinga: Kim er den éine personen han ikkje vil noko vondt. Han endrar forklaringa, tek på seg all skuld, frikjenner Kim, og vert dømt til å sitja i fengsel resten av livet og vel så det.

Brotsverk løner seg altså ikkje. Det er jo heilt greitt, men det er ulikt Saul - det hadde nesten vore meir stas om han ikkje hadde endra seg. Og den siste delen av sesongen fengar altså mindre enn den fyrste, men likevel: Dette var verdt bryet. Ein god serie.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen
Breaking Badsesong 1 (2008)
Breaking Badsesong 2 (2009)
Breaking Badsesong 3 (2010)
Breaking Badsesong 4 (2011)
Breaking Badsesong 5 (2012-13)
Better Call Saulsesong 1 (2015)
Better Call Saulsesong 2 (2016)
Better Call Saulsesong 3 (2017)
Better Call Saulsesong 4 (2018)
Alan Sepinwall: Breaking Bad 101 (2018)
El Camino (2019)
Better Call Saulsesong 5 (2020)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar