Eg er som vanleg sist ute med det siste. Me kom oss omsider på Netflix, og opna det nye livet med å sjå denne serien. Det var verdt bryet, dette fenga bra.
Frank Underwood er ein ambisiøs og kynisk politikar. Han sit i kongressen, men har klare ambisjonar om å klatra høgare. Han gjer kva som helst for å koma vidare, han spelar folk opp mot kvarandre, han snakkar sant og usant om kvarandre, han bruker dei han kan for å få det som han vil, han går bokstavleg tala over lik. Use and abuse, som dei seier i utlandet. Den einaste han er heilt open med er den næraste medarbeidaren hans, Doug Stamper. Til og med kona, Claire Underwood, som er like ambisiøs som mannen, kan han bruka for å få det som han vil. Dei to snakkar likevel ofte om planane dei har, og utover i sesongen vert det gradvis klart at Underwood posisjonerer seg for å verta visepresident. Eg reknar med at han i seinare sesongar siktar endå høgare.
Serien er godt laga. Det er snakking heile tida, omtrent, og ein skal tidvis konsentrera seg godt for å få med seg alt. Samtalane mellom Underwood og Stamper er dei beste - dei kjenner kvarandre så godt at dei ikkje treng å seia så mykje.
Guffen tilrår.
Meir House of Cards på kulturguffebloggen
Sesong 2 (2014)
Sesong 3 (2015)
Sesong 4 (2016)
Sesong 5 (2017)
Sesong 6 (2018)
23. mars 2015
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar