19. oktober 2010

Vindu mot bakgården (1954)

James Stewart er ein finfin skodespelar. Han var god her, han var god her, og han er god i denne. Han må ha vore ein av favorittane til Hitchcock, som brukte han i mange av filmane sine.

Stewart spelar ein fotograf med knekt fot. Venstrefoten er gipsa frå topp til tå, og han har site i rullestol i sitt eige husvære i sju veker. For å få tida til å gå kikkar han på naboane, altså dei som bur i bygningen tvers over gardsrommet. Her ser han noko han trur kan ha vore eit mord, og etter som timane går, vert han meir og meir overtydd om at noko har skjedd. Kjærasten hans vert etter kvart like overtydd, men han slit med å få ein detektiv han kjenner til å tru på dette. Den mistenkte mordaren har planlagt det heile for godt. I alle fall heilt til kjærasten til Stewart finn ut at ho vil bryta seg inn hjå han som kanskje er ein mordar. Der finn ho avgjerande prov, og etter at politiet kjem, vedgår den mistenkte mordaren at han er ein mordar.

Hitchcock er suveren på å byggja opp spenninga. Me skjønar gradvis at fotografen må ha rett, men me ser ikkje korleis han skal greia å løysa det. Med eine foten i gips er han nøydd til å halda seg der han er, og heile filmen er filma frå det eine rommet. Mot slutten av filmen kjem mordaren seg inn til han, og det er så vidt han greier seg, slik det skal vera.

Ein ser fyrst og fremst Hitchcock for underhaldninga sin del, og for å nyta godt handverk. Her er det likevel ikkje vanskeleg å fanga opp ei djupare meining. Folk er for nyfikne, folk er nokre kikkarar, eg sit i alle fall att med ei kjensle av at Hitchcock, sjølv om det akkurat her førte til at eit mord vart oppklara, meiner folk bør passa sine eigne saker. Og no, når alle nettaviser er fulle av oppslag om kor mykje folk tener og kor lite dei betalar i skatt, verkar det som om han har eit poeng.

Guffen tilrår.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)
The Birds (1963)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar