14. april 2017

Kjell Askildsen: Vennskapets pris (2015)

Eg har ikkje lese mykje av Askildsen. Og det er bra, for då har eg mykje god lesnad i vente. Denne boka kom for to år sidan, nesten tjue år etter den førre boka hans. Novellene vart skrivne i åra rundt tusenårsskiftet, og er jamt over glimrande.

Boka er på hundre sider, og nesten ein tredel av dei er blanke. Alle novellene opnar med ei tittelside, før novella tek til to sider etterpå, altså etter ei blank venstreside. Det er altså ikkje mykje tekst, men det gjer ingenting - det er jo ikkje slik ein vurderer bøker. Her er i alt tolv noveller, som alle på sin lågmælte fortel om liv som ikkje er heilt i balanse. Hovudpersonen har oftast eit litt vanskeleg forhold til dei som står han nærmast. Askildsen bruker få ord på å få fram dette, han bruker få ord på å få oss i stemninga, på å få oss til å skjøna kva som pregar desse personane.

Ei flott, flott bok. Askildsen var 86 år då boka kom ut, så det er ikkje utenkjeleg at det er den siste boka han gjev ut. For dei av oss som ikkje har lese mykje av han er det likevel mykje å ta av.

Guffen tilrår.

Meir Askildsen på kulturguffebloggen
Alt som før (1994)
Alf van der Hagen: Kjell Askildsen. Et liv (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar