8. august 2020

Vertigo (1958)

Denne filmen har eg sett før, men fekk lyst til å sjå han igjen etter at eg las at filmen for nokre år sidan vart kåra til den beste gjennom tidene. Slike kåringar er det mange filmar som har vunne, men det overraska meg likevel at denne gjekk heilt til topps. Det er ein fin film, men det finst mange filmar som er betre.

Hovudpersonen, John Ferguson, har slutta i politiet etter at han har utvikla ei slitsam form for svimling. Ein skulekamerat han ikkje har sett på mange tiår tek kontakt, og seier at kona hans oppfører seg rart. Ho trur at ho levde for meir enn hundre år sidan, og han bed Ferguson spionera på ho, for å finna ut kva ho gjer dagen lang. Det gjer Ferguson, og han vert overtydd om at det faktisk stemmer. Kona til skulekameraten trur at ho er Carlotta Valdes, kler seg som ho, vitjar stadar ho budde, og prøver å ta livet av seg der Valdes gjorde det. Ferguson får stoppa det ein gong, men neste gong går det gale.

Filmen er laga av Alfred Hitchcock, slik at det kjem sjølvsagt nokre uventa vendingar. Filmen kan kanskje verka stilleståande av og til, men er her heile tida ei nerve, noko som ikkje minst skuldast James Stewart. Han spelar Ferguson, og leverer som vanleg ein svært sterk prestasjon.

Guffen tilrår.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Rear Window (1954)
The Man Who Knew Too Much (1956)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)
The Birds (1963)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar