6. april 2026

Eli Grete Høyvik (red.): Drakar og åklevev (2025)

Denne boka har to tema: Det handlar dels om korleis Balestrand vart eit kunstnarsentrum seint på 1800-talet, og det handlar om to av dei som budde og arbeidde der: Treskjeraren Ivar Høyvik (1881-1961) og vevaren Eli Høyvik (1879-1964). 

Ivar var frå Gulen. Han reiste til Voss for å gå i lære hjå Magnus Dagestad, og på Voss møtte han Eli Sætre. Dei gifta seg og flytta etter kvart til Balestrand, der dei fekk ni born. Dei greidde å leva av treskjering og veving, sjølv om det ikkje alltid var stor velstand. Det største arbeidet til Ivar var knytt til Kviknes hotell, der han laga alle møblane til rommet som i dag heiter Høyvik-salen. Slike oppdrag var mindre vanlege, dei fekk større inntekter frå turistar som kom innom til dei, eller som gjekk forbi huset deira, der dei hadde eit lite vareutsal ved vegen. 

Den delen av boka som handlar om dei to er meir interessant enn det som står om Balestrand og keisarbesøk og slikt. Der vert to kunstnarar, som for meg var heilt ukjende, presenterte på ein god og informativ måte. Boka ser flott ut, med ei lang rekkje finfine illustrasjonar og foto, og ho er trykt på ein måte som viser at redaktøren (og dei andre som var med) vil heidra besteforeldra sine.

Guffen tilrår.

2. april 2026

Julie Burchill: I Knew I Was Right (1998)

Eg var vel rundt femten då eg byrja å lesa den engelske musikkavisa New Musical Express. Eg kjøpte ikkje NME kvar veke, langt ifrå, men av dei engelske avisene var det ein favoritt. Kanskje las eg artiklar av Julie Burchill då, kanskje ikkje. Ho var tilsett i NME frå 1976 til 1980 (omtrent), og ho skreiv seinare for The Face og Sunday Times. Og ho har skrive for mange andre publikasjonar, og ho har gjeve ut nokre romanar. 

Ho var berre 17 år då ho vart tilsett i NME. Ho skapte seg fort eit namn som ein god skribent, og noko av det beste i denne boka er språket. Men det var ikkje berre språket som gjorde ho kjent, ho hadde òg ein rimeleg hard levemåte. Der var både sex og drugs, men det var kanskje det friske språket og den utfordrande livsstilen hennar som gjorde ho kjent. 

Ho skriv fritt om det meste. Den fyrste halvdelen av boka handlar om oppveksten i Bristol, ein by ho ikkje har mykje positivt å seia om. Ho skriv mykje om sex og kjærleik, og her får gamle-kjærastar av og til så hatten passar. Ho framstår i det heile ikkje spesielt sympatisk, og eg trur det ofte må ha vore eit slit å vera nær ho. Men ho skriv godt.

Guffen er lunken. 

31. mars 2026

Sinclair Lewis: It Can't Happen Here (1935)

Sinclair Lewis vart i 1930 den fyrste forfattaren frå USA som fekk nobelprisen i litteratur. Fem år seinare kom denne boka, og det er vel ikkje så mykje i boka som tyder på at det er ein nobelprisvinnande forfattar som har skrive ho. Språket er tungt, romanen er omstendeleg oppbygd, og svært ofte er det direkte keisamt. 

Boka er likevel av dei best kjende til Lewis, og ho vert meir og meir aktuell dag for dag. Sterkt inspirert av utviklinga i Tyskland etter at nazistane fekk makta i 1933, diktar Lewis opp ei liknande utvikling i USA. 

Buzz Windrip vinn presidentvalet i 1936, etter å ha lurt veljarane med enkle og populistiske valløfte. Han vert i praksis ein diktator, som lagar konsentrasjonsleirar, som slår ring rundt landet, og som fjernar alle motstandarar. Hovudpersonen i boka er redaktør Doremus Jessup, som ser korleis dei som tidlegare var langt nede på rangstigen vert gjeve frie hender når dei tek seg av motstandarane til Windrip. Jessup vert sjølv fengsla, men kjem seg fri og flyktar til Canada. Windrip vert avsett og sendt utanlands, arvtakaren vert avsett gjennom eit militærkupp, og boka sluttar med at ein ny borgarkrig er ei emning.

Det er ein skremmande parallell til dagens USA, som jo vert meir og meir polarisert, der delar av den frie pressa ikkje er like fri, og der det jo er folk som er redde for at det kan enda opp med ein ny borgarkrig. 

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

30. mars 2026

Harald Berntsen: I malstrømmen. Johan Nygaardsvold 1879–1852 (1991)

Eg merkar at når eg les biografiar om norske politikarar, vert det gjerne om politikarar frå Arbeidarpartiet. Det er ikkje av di eg er spesielt oppteken av det partiet, eg har aldri røysta på dei og har heller ikkje spesielt store planar om å gjera det, men det var jo det partiet som dominerte norsk politikk på 1900-talet, og som var dei viktigaste bak den norske velferdsstaten. Slik sett var det greitt å plukka med seg denne boka då eg gjekk gjennom bokhyllene til ein avdød slektning.

Nygaardsvold var frå Hommelvik i Trøndelag. Han var aktiv i fagrørsla og kom etter kvart inn i politikken. Frå 1915 sat han på Stortinget, og sjølv om planen heile tida ser ut til å ha vore at han ikkje skulle ha fleire periodar der, vart han sitjande der til 1949. I 1935 vart han statsminister, og han hadde dette vervet til 1945.

Boka er omfattande og detaljert. Berntsen går (sjølvsagt) gjennom heile livet til Nygaard, og han gjer det nesten litt for grundig. I alle fall fram til slutten av 1930-åra tykte eg det vart for detaljert. Men då andre verdskrigen kjem vart det meir interessant. Berntsen følgjer Nygaardsvold og regjeringa minutt for minutt, på veg nordover i landet til Tromsø, og vidare til London. Her kjem me nært innpå Nygaardsvold og dei andre, og ser korleis han får store utfordringar med å bera staur. Utanriksminister Halvdan Koht var ein av dei som meinte mest og høgast, og som difor ofte kom på kant med dei andre i regjeringa. Han gjekk av som utanriksminister i 1941. 

Det som skjedde under og etter krigen var òg interessant. Regjeringa i London hadde nok planar om kva som skulle skje etter krigen, men dei vart sett til sides av andre krefter. Einar Gerhardsen og andre i Arbeidarpartiet hadde, saman med representantar for andre parti, lagt eigne planar. Desse vart dels sette i sving før regjeringa var attende. At Nygaardsvold var parkert vart veldig tydeleg då Haakon VII kom attende til Noreg 7. juni 1945 - då stod han ikkje på talarlista (men fekk likevel sleppa til, heilt kort). Han fekk heller ikkje vera med på å utforma vegen vidare. Han laga ikkje noko stort opprør kring dette - ein ting var at han var trøytt og lei, ein annan ting var at han var ekstremt lojal mot partiet.

Guffen tilrår. 

29. mars 2026

Lambda (Vossasalen, Voss, 28.3.2026)

Eg er framleis ikkje stamgjest under Vossa Jazz, eg avgrensar meg til dei konsertane og programma der eg kjenner litt til utøvarane. På programmet i år var det ikkje mykje slikt, men tingingsverket var det opplagt at eg skulle få med meg. Lars Horntvedt er ein musikar eg har høyrt mykje på, og eg såg ingen grunn til å tru at han ville tilby eit tingingsverk som skuffa.

Slik gjekk det heller ikkje. Dette var uvanleg stas. Det er jo stas at dette er ei urframføring, og ei framføring som i prinsippet ikkje skal repeterast, men eg tok meg likevel fleire gonger i å tenkja på at når dette kjem på plate skal eg høyra meir på det.

Horntvedt hadde med seg ni musikarar, og han hadde aldri spelt med desse før. Det gjekk det ikkje an å høyra. Dei var samkøyrde, dei kjende materialet godt, og dei greidde å spela kvarandre gode. Det skal sjølvsagt Horntvedt sjølv ha det meste av æra for, på same måte som under dei mange Jaga Jazzist-konsertane eg har vore på står han rimeleg sentralt på scena. Her var han litt meir dirigent.

Tidvis var det råd å høyra slektskap med Jaga, kanskje fyrst og fremst i dei litt skeive akkordane (som kanskje har gitt verket namn?). Men her var òg andre lydar, han hadde invitert med seg Joel Ring på cello og Tuva Halse på fiolin. Og når eg fyrst er i gang: Trommeslagaren Elias Tafjord og bassisten Martin Morland var ein fabelaktig rytmeseksjon, Sander Eriksen Nordal på gitar var ein av dei som hadde det travlast, medan blåsarane Sissel Vera Pettersen, Torben Snekkestad og Henriette Henriksen og Vegard Lien Bjerkan òg gjorde ein finfin innsats. Lyden var klokkeklar, slik at alle kom til sin rett.

Verket var sett saman av fem (eller seks?) songar. For meg er det greitt å bruka Jaga som ein slags referanse, og songane var gjerne bygde opp på same viset, der det vekslar mellom rolege og meir urolege parti, og der det gjerne ligg inne nokre fantastiske, seige crescendoar.

Guffen tilrår.

Meir Jaga Jazzist på kulturguffebloggen
Vossa Jazz 2014
USF, Bergen, 29.1.16
USF, Bergen, 30.10.2020

28. mars 2026

The Rise of the Red Hot Chili Peppers. Our Brother, Hillel (2026)

I dag vert gjerne Red Hot Chili Peppers omtalt som eitt av dei mest plagsame banda i verda, men slik har det ikkje alltid vore. Rundt 1990 vart dei enormt store, og nokre av platene frå dei åra toler (truleg) eit gjenhøyr godt. Det gjennombrotet kom etter at gitaristen Hillel Slovak døydde av ein overdose, og denne filmen handlar (i hovudsak) om tida fram til han døyr.

Det er ein fin film. Dei tre andre i bandet då, vokalisten Anthony Kiedis, bassisten Flea og trommeslagaren Jack Irons, fortel om tida før og etter bandet. Slovak, Kiedis og Flea vart eit trekløver midt i tenåra, og då var Slovak den einaste som spelte. Han var ein kreativ og god gitarist i Anthym, og då dei trong ein bassist foreslo han at Flea skulle verta med. Flea var musikalsk, men instrumentet hans var trompet, ikkje bass. Det gjekk likevel bra, etter kvart vart Kiedis med, og så vidare. Dei spelar inn plater, dei reiser på turne, og dei vert eit solid band. Men det vert altså for mykje dop.

Desse formative åra for eit band (og for folk) er ofte dei mest spanande å høyra om. Slik er det her òg, sjølv om det me får høyra sjølvsagt er farga av at dette hende for lenge sidan. Dei tre bandmedlemmene er ikkje dei einaste som snakkar - familie og vener og kjærastar kjem òg til orde. Intervjua med dei tre musikarane forsterkar det inntrykket eg har av dei: Irons er forsiktig og ikkje altfor snakkesalig; Kiedis er litt sjølvoppteken, der han sit med nyfarga hår og tettsitjande t-skjorte, medan Flea er den sympatiske, som fleire gonger bryt i gråt når han snakkar om Slovak.

Guffen tilrår. 

26. mars 2026

Golden vs. Zuckerberg (2026)

Dette var litt tilfeldig. Kort tid etter at eg las ei bok som var kritisk og vel så det til Facebook, såg eg denne serien. Her kjem kritikken utanfrå, men likevel: Facebook kjem ikkje spesielt godt ut av det, denne gongen heller. (Boka vert ikkje nemnt i serien, men ho låg på bordet framfor Johan Golden ved i alle fall to høve.)

På Facebook florerer det med falske annonsar. Det handlar gjerne om kjendisar som vert brukte utan lov, og dei som klikkar seg vidare til nettsidene der dei kan lesa meir om kjendisane, endar gjerne opp på noko Bitcoin-greier. Viss ein ser vekk frå det moralsk forkastelege i dette, er det rart at folk bit på, men det skjer visst. I serien møter me ei som gjekk fem på.

Men me skal ikkje sjå vekk frå det moralsk forkastelege. Johan Golden er ein av dei som vert brukt på denne måten. Golden engasjerer advokat, han prøver å få politi og departement engasjert i saka, men han møter stort sett ein vegg. Viss han ein sjeldan gong får kontakt med nokon hjå Meta/Facebook, får han beskjed om å senda e-post til ei adresse ingen ser ut til å sjekka. Til slutt reiser han til California for å prøva å treffa Mark Zuckerberg, og det er det jo ingen som trur at han greier å få til.

Det er ein passeleg underhaldande serie. Dei store overraskingane kjem aldri, men Golden får klart fram korleis Meta berre tenkjer på éin ting: Pengar. Dei håvar inn enorme summar på annonsar, både ekte og falske, og det har dei tenkt å halda fram med. 

Guffen tilrår.

25. mars 2026

Motorpsycho (Rockefeller, Oslo, 22.3.2026)

Det er lenge sidan eg hadde så små forventingar til ein Motorpsycho-konsert. Den eine og minste grunnen er at den ferskaste plata deira er heilt på det jamne, men det treng ikkje bety så mykje: Dei har jo nok av suverene songar dei kan dra fram viss det trengst. Den andre og store grunnen er meir openberr: Dei har framleis med seg trommeslagaren Olaf Olsen, og han er absolutt ikkje den rette. Han er for tradisjonell, han har ikkje nok kraft og intensitet, han har eit avgrensa repertoar, og han manglar heilt autoriteten til Ingvald Vassbø, den andre trommeslagaren dei bruker for tida. Og han er langt, langt unna det makelause nivået til Tomas Järmyr, den siste faste trommeslagaren i Motorpsycho.

Så eg hadde låge forventingar, og eg vart ikkje overraska. Det spruta ikkje av bandet denne kvelden. Opningsnummeret, "Whip that Ghost", var fint, men med ein gong musikken vart litt hardare, fungerte ting dårlegare. Eg merka at eg rett som det var kjeda meg, og det var ikkje difor eg kom. 

Av og til glimta det til. "Lady May" og "The Alchemyst" var solide, og også "Gullible Travails" var godkjende. Men jamt var det altså ikkje ein ideell kveld, og på veg til hotellet merka eg at viss Olsen er med også på neste turné, kan det henda at eg står over den turneen. Og slik har eg aldri tenkt før.

Guffen er lunken. 

Meir Motorpsycho på kulturguffebloggen
USF, Bergen, 17.10.2009
Vossajazz, Voss, 26.3.2010

Øyafestivalen, Oslo, 14.8.2010
Byscenen, Trondheim, 18.3.2011

Johan Harstad: Motorpsycho. Blissard (2012)
Bergen Kjøtt, Bergen, 24.3.2012
Den norske Opera, Oslo, 11.11.2012
Røkeriet, Bergen, 13.4.2013

Ekstremsportveko, Voss, 27.6.2013
Røkeriet, Bergen, 27.3.2014
Slottsfjell, Tønsberg, 18.7.2015
Marius Lien (red.): Supersonic Scientists (2015)
Den store Motorpsychodagen, Trondheim 12.12.2015
Røkeriet, Bergen, 9.4.2016
Begynnelser, Trøndelag teater, 7.9.2016
Landmark, Bergen, 26. og 27.9.2016
Moldejazz, 21.7.2018
Lars Ramslie: A Boxful of Demons (2018)
Hulen, Bergen, 11. og 12.4.2019
Motorpsycho. Into the Maelstrom (2019)
Grieghallen, Bergen, 12.6.2021
Kulturhuset i Bergen, 19.4.2022
Union Scene, Drammen, 14.10.2022
Den Nationale Scene, Bergen, 31.5.2023
USF, Bergen, 16.9.2023
Verkstedhallen, Trondheim, 23.9.2023
Marius Lien: Motorpsycho og Ståle Storløkken. The Death Defying Unicorn (2023)
USF, Bergen, 27.3.2025
Høvleriet, Haugesund, 28.3.2025
Folken, Stavanger, 29.3.2025

22. mars 2026

Kristian Prestgard: Fra Heidal til Decorah (1996)

Decorah-Posten er ei av dei legendariske norskamerikanske avisene. Avisa vert gjerne rekna som ei av dei tre store, saman med Skandinaven (18661941) og Minneapolis Tidende (18951935). Decorah-Posten fekk eit langt liv, avisa vart grunnlagt i 1874 og kom ut heilt til 1972. Kristian Prestgard (18661946) arbeidde for avisa frå 1898. I 1923 vart han redaktør, ei stilling han hadde til han døydde. Mot slutten av livet skreiv han livsminna sine, og desse vart gitt ut femti år etter at han var død.

Han skildrar livet sitt greitt, frå oppveksten i den litt avstengde Heidal, til eit liv som rimeleg kjent nordmann i USA. Han var skuleflink og vart etter kvart knytt til folkehøgskulen. Han møter mange av dei store i samtida, og var ein ivrig norskdomsmann. Planen var å verta lærar på ein folkehøgskule, men i 1893 reiste han til USA for å skriva om verdsutstillinga i Chicago for norske aviser. Han vart i USA resten av livet. Han budde litt i Minneapolis, men fann seg langt betre til rette i småbyen Decorah. 

Han skildrar livet greitt, men det vert likevel aldri meir enn greitt. Det er rimeleg traust, og det er ikkje alt og alle han skriv om som er like interessante. Teksten er òg omtrent fri for humor.

Guffen er lunken. 

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans Christian Heg and the Norwegian American Experience (2023)

18. mars 2026

Louis Theroux: Inside the Manosphere (2026)

Theroux har laga mange dokumentarar. Han går ofte rett inn i merkelege eller kritiske underkulturarar, og prøver på eit litt keitete vis å få medlemmene til å opna seg opp. Han oppsøkjer gjerne situasjonar der han sjølv vert ukomfortabel, og slik er det absolutt her.

Filmen handlar om dei altfor maskuline påverkarane. Eg har (sjølvsagt) korkje sett eller høyrt dei snakka, men eg har i alle fall høyrt om to av dei det vert snakka om her, dei to Tate-brørne. Dei Theroux snakkar med er same ulla - dei har altfor store musklar, altfor høge tankar om seg sjølv, og er altfor glade i å presentera løgner og konspirasjonsteoriar som sanning. 

Det er ikkje spesielt behageleg å sjå på. To av dei han snakkar mest med seier begge at dei praktiserer "one-sided monogamy", som går ut på at han kan vera verdas største rundbrennar, medan kona/sambuaren ikkje kan vera det. Dei står og seier at det er slik menn og kvinner er, viss ei kvinne elskar ein mann høgt nok, finn ho seg i slike sidesprang. Kona står ved sida av og nikkar. Dei har òg ein altfor låg terskel for å bruka vald, eller å snakka om å bruka vald. Ikkje uventa heiar dei på Trump.

Det er ein heilt grei film. Theroux kunne gjerne ha pressa dei litt hardare, men dei gongene han vert meir kritisk enn dei har lyst til, får han gjerne nokre sekund stillheit før svaret kjem. Og han kunne godt ha pressa dei litt meir på kvifor dei har så forkvakla kvinnesyn.

Guffen tilrår.

16. mars 2026

Sarah Wynn-Williams: Careless People (2025)

Eg har aldri vore aktiv på Facebook. Eg har hatt ein konto i mange år, mest av di det var informasjonskanal for fotballtreningar og klasse-aktivitetar for borna i heimen. Det går sikkert an å sjå føre seg nyttige ting Facebook kan brukast til, men eg har aldri teke meg tid til å leita etter dei.

Denne boka gjorde meg ikkje akkurat lysten på å verta meir aktiv på Facebook. Sarah Wynn-Williams arbeidde der frå 2011 til 2017, som leiar for den internasjonale satsinga deira ("global public policy director") og vart meir og meir oppgitt over det ho opplevde. Då ho tok til, såg ho på Facebook som ein ideell organisasjon som kunne gjera verda til ein betre stad; etter kvart skjøna ho at det handla om å tena mest mogleg pengar.

Ho viser korleis sjefen for Facebook, Mark Zuckerberg, var uvitande og uinteressert om internasjonal politikk. Ho viser korleis leiinga ignorerte åtvaringar om misbruk av Facebook. Ho viser korleis hat enkelt kan forsterkast der. Ho viser korleis folk vert manipulerte av å vera der. Ho viser korleis land me helst ikkje vil samanlikna oss med brukte Faceook til å spionera på eigne innbyggjar. Osb. Ho viser òg at Facebook slettes ikkje er ein inkluderande arbeidsplass, og at både ho og andre vert seksuelt trakassert av leiarane sine.

Det er ei fin bok, som mange, mange fleire burde lesa. 

Guffen tilrår.

12. mars 2026

George Eliot: Silas Marner (1861)

Her er det fare for at eg repeterer meg sjølv endå ein gong, men denne klassikar-serien til Skald er finfin. Det er så gjennomført - bøkene er flotte, omslagsteikningane er midt i blinken, omsetjingane held høg klasse, og dei fleste bøkene er godbitar frå litteraturhistoria. Det er stas å vera tingar; tre gonger i året finn eg ei bok i psotkassa som er tilrådd av andre.

Denne boka var ukjend for meg, og sjølv om eg kjende til George Eliot trur eg ikkje at eg har lese noko av ho før. Boka imponerte heile vegen - god historie som er godt fortalt, gode karakterar og sært godt språk.

Det handlar om vevaren Silas Marner. Etter at han vert skulda for eit tjuveri i heimbygda flyttar han til Raveloe. Her held han seg mest for seg sjølv, og har eit så lågt forbruk at han legg seg opp store verdiar i gull og sylv. Desse vert stolne ei natt. Seinare vert han, litt uventa, fosterfar til ei lita jente, etter at mot hennar frys i hel nær huset hans. Dei to får eit godt og varmt forhold. Det viser seg at der er ein liten samanheng mellom tjuveriet og dødsfallet, og ein av dei meir velståande i bygda prøver å overta ansvaret for den vesle jenta. 

Eliot skriv innsiktsfullt og klokt, og sjølv om det kjem nokre frampeik er boka full av små og store overraskingar. Ei gild lesestund.

Guffen tilrår. 

9. mars 2026

Kåre Prytz: Vestover før Columbus (1990)

Eg arva denne boka i sommar, etter ein slektning som gjerne noterte litt i bøker han las. Alt på den andre tekstsida har han notert "tull" i margen. Han var særs kunnskapsrik, også når det galdt dei tidlege ekspedisjonane til Vinland, og det var ein påstand frå desse han var usamd i. Eg er ikkje på same nivå som han, men eg kan litt om den delen av verdshistoria, og utover i boka kom det mange fleire påstandar om oppdaginga av det amerikanske kontinentet. 

Det undra meg at eg ikkje hadde høyrt om dette. Eg søkte litt på nettet etter Prytz, og fekk eit slags svar i ein avisartikkel frå Hamar Arbeiderblad, trur eg, trykt etter at Prytz var død. Der stod det at mange tvilte på påstandane hans, men ein av dei som gjekk god for dette var Thor Heyerdahl. Då tenkte eg mitt, igjen.

Prytz skriv at amerikareiser var svært vanlege i tida før Columbus. Han skriv om korleis grønlendarane sigla opp og ned langs den amerikanske austkysten og gjekk i land mange stadar. Han går god for innskrifta på Kensingtonsteinen og meiner at den einaste feilen Hjalmar Holand gjorde, var å insistera på at dei som laga innskrifta reiste om Hudson Bay - Prytz meiner at dei må ha reist rett vestover frå Vinland. Og så vidare. Det er fantasirikt, men likevel relativt kjedeleg å lesa. Og han overtyder meg altså ikkje.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

4. mars 2026

Morten Jørgensen: Sennepslegionen (1987)

Det var stas då denne boka kom. Det var ei bok som fortalde om oss! Ikkje oss direkte, men det handla om folk som likna på oss. Dei spelte i band, og det var haugevis av referansar til verkelege band og musikarar frå dei tidlege 80-åra. Førti år seinare er det litt lettare å sjå at historia ikkje er altfor original, men ho fengar likevel: Det handlar framleis om personar og miljø eg kan kjenna att.

Bandet Sennepslegionen var frå Oslo. Dei famlar seg litt fram før dei vert superstjerner i heile landet. Dei surfar litt på nyveiv-bølgja, men spelar ein litt meir mainstream-musikk (trur eg). På turne har dei med seg ein på tangentar, TT, og det er han som fortel denne soga. For dei fire i bandet handlar det mest om sex, drugs og rock'n'roll; forteljaren er ikkje så oppteken av det. Nokre kapittel vert fortalde gjennom ein av dei andre, og då vert det gradvis tydeleg korleis TT ikkje passar inn. Det vert òg tydeleg i kapitlet som handlar om tida etter at bandet vert oppløyst: TT får besøk av vokalisten i bandet, som har høyrt rykte om at TT skal skriva bok om bandet, og som seier at dei planane må han leggja vekk.

Det er ei fin bok. Her er ting å smila av, og mange ting ein kan kjenna att frå reelle biografiar. Jørgensen spelte sjølv i fleire band, og han kjenner språk og sjargong. Han bruker dette godt, utan at det verkar påklistra. 

Guffen tilrår. 

3. mars 2026

Knut Hamsun: Sult (1890)

Knut Hamsun hadde skrive nokre bøker før denne kom ut, men Sult er den fyrste gode romanen hans. Her siglar han inn i heilt andre farvatn, og boka varslar inngangen til ei ny litterær tid. Det same året publiserte han artikkelen "Fra det ubevidste Sjæleliv", der han vil at bøker skal handla om "sælsomme nerveirksomheder, blodets hvisken, benpibernes bøn, hele det ubevidste sjæeliv". Han nærmar seg dette området i Sult.

Det handlar om ein namnlaus, ung mann, som prøver å overleva i Kristiania, denne forunderlige byen som etc. Han vil skriva, og han kan skriva, og han sel rett som det er artiklar til aviser eller tidsskrift. Han har aldri mykje pengar - han kunne nok tent meir dersom han ville, men han vil at det han leverer frå seg skal vera eksepsjonelt bra. Det fører til at han går lange periodar utan mat, at han bur på høgst tvilsame stader, og at han av og til piner seg sjølv så hardt at han fantaserer. 

Det er ein flott roman, men han gjorde nok større inntrykk på meg fyrste gong eg las han. No vert det litt mykje repetisjonar. Det vert litt for mange skildringar av korleis han går i gatene utan mat eller pengar, ofte leitande etter noko han pantsetja for småpengar.

Guffen tilrår.

Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Den Gaadefulde (1877)
Bjørger (1878)
Fra det moderne Amerikas Aandsliv (1889)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)

2. mars 2026

Carl Frode Tiller: Arbeidarhjerte, bok 2 (2025)

Roman nummer to i ein serie på to. Eg var sånn mellomnøgd med den fyrste boka, og er vel berre sånn mellomnøgd med denne òg. Det liknar for mykje på seg sjølv.

Forteljaren, Trond, har det ikkje alltid like bra. Han drikk mykje, og når han drikk mykje seier han ting han ikkje burde sagt, også når han er på jobb i klasserommet. Den fyrste episoden som vert skildra i boka, der han gjer narr av ein elev som ikkje vil seia det tyske ordet weniger, av dei fem siste bokstavane i ordet formar n-ordet, kunne han nok kome seg vekk frå, men når han seinare seier noko usannsynleg fordomsfullt til ein farga elev, er han ferdig. Eller han burde vore det.

Gjennom mange tilbakeblikk vert me kjend med fortida hans, og med folk rundt han. I botnen handlar romanen om korleis Noreg har endra seg det siste halve hundreåret, og dette vert tydeleg då romanen sluttar med at far hans, den trufaste gamalkommunisten, skal gjennom ein livstrugande operasjon.

Her er gode dialogar og fine konstruerte scener, men det vert litt som i opningsboka. Tiller er av og til for tydeleg, og eg sat ofte med ei kjensle av at dette hadde eg likt før. Ikkje nødvendigvis i denne boka, men tidlegare i forfattarskapen hans.

Guffen er lunken. 

Meir Tiller på kulturguffebloggen
Skråninga (2001)
Bipersonar (2003)
Innsirkling (2007)

Folkehelsa (2009)
Innsirkling 2 (2010)
Innsirkling (DNT 9.2.11)
Portrett av ein varulv (2011)
Innsirkling 3 (2014)
Kven er redd? (2015)

Begynnelser (Trøndelag Teater, 7.9.16)
Begynnelser (2017)
Flukt (2021)
Det framande landet (2022)
Arbeidarhjerte, bok 1 (2024)

1. mars 2026

Jens Schive og Hans Olav: Med kronprinsparet – for Norge! (1939)

Eg puslar av og til litt med utvandringa frå Noreg til USA. Eg er medlem i NAHA, det norskamerikanske historielaget, og fekk nyleg info om ei nettutstilling som handla om då det norske kronprinsparet vitja USA i 1939. Det var ikkje nokon snartur - dei var på farten i ti veker, og hadde tett program dei fleste dagane. Reiseruta deira gjekk, sånn grovt sett, frå New YorkChicagoNorthfieldGrand CanyonHollywoodSeattleWellowstoneMinotMinneapolisChicagoClevelandWashington DCBoston. Dei vitja mellom anna storbyar, nasjonalparkar og norskamerikanske busetnader. 

Denne boka er skriven av to journalistar som var med på heile reisa. Jens Schive var redaktør i NTB, og leverte stoff til norske aviser, medan Hans Olav var redaktør for den norskamerikanske avisa Nordisk Tidende. Her står litt om førebuingane, før dei skildrar heile turen, medrekna turane over Atlanteren. Det vert litt for detaljert, og det vert altfor rosande, men i det heile er det ei fin skildring. 

Eg tek litt av kongeskrytet deira med ei klype salt, men det var nok slik at kronprinsparet, altså Olav og Märtha, gjorde eit godt inntrykk under turen. Det kjem òg fram kor viktig dette besøket var for norskamerikanarane, både dei som fekk møta dei kongelege, men og for dei som stod langs vegane og vifta med norske flagg.

Guffen tilrår.

26. februar 2026

The Silence of the Lambs (1991)

Eg husgar rimeleg godt kor mykje skryt denne filmen fekk då han kom. Alle skulle sjå han, og dei aller fleste vart imponerte - ein ting alle snakka om var skodespelet til Anthony Hopkins. Filmen fekk fleire Oscar, mellom anna for beste film. 

Det var difor noko uventa at filmen ikkje er noko å skryta av. Kanskje han er forelda, kanskje det er andre grunnar, men dette var ikkje spesielt spanande. Det var heller ikkje spesielt skremmande. Derimot var det klisjefylt, med fleire scener som me har sett mange gonger før. Nokre scener er direkte pinlege, som den då Clarice Starling er den einaste kvinna i eit rom fylt av politimenn, og der samtlege av mennene er akkurat like fordomsfulle som me skulle tru.

Starling, spelt av Jodie Foster, er nesten ferdig utdanna som FBI-agent. Ho vert sendt for å intervjua Hannibal Lecter, spelt av Hopkins. Dei to får eit slags krevjande forhold, der han etter kvart går med på å gje ho hint om kven den aktive seriemordaren Buffalo Bill eigentleg er. Starling finn Bill og drep han; Hopkins kjem seg ut av fengselet han sit i. 

Det heile er altså uventa seigt og keisamt. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.

22. februar 2026

Knut Liestøl: Moltke Moe (1949)

Moltke Moe vart i 1886 professor i "norsk Folkesprog med Forpligtelse til ogsaa at foredrage norsk Folketradition". Han var berre 26 år då dette professoratet vart oppretta. Trass den unge alderen var han alt kjent som eit flogvit, og det var nok difor han fekk den stillinga. Han var nok ikkje kvalifisert, sånn formelt sett, han hadde ikkje skrive noko doktoravhandling, og det gjorde han heller aldri. Han hadde heller ikkje nokon stor vitskapleg produksjon, og det kan henda at det han var best på var å samla inn tradisjonelt stoff. Kanskje han slekta på faren Jørgen i så måte.

Han støtta målsaka, og snakka varmt om fleire av dei tidlege målmennene. Han samarbeidde òg med dei, og han sat til dømes to år i styret for Det Norske Samlaget, og han var med i redaksjonen for Syn og Segn frå starten i 1894 til 1900. Han var ein varm tilhengar av samnorsk-tanken, og såg føre seg at dei to variantane av norsk skulle smelta saman ein gong i framtida.

Denne boka fortel om livet til Moe. Boka er skriven av Knut Liestøl, som var ein elev av Moe og som samarbeidde med han om utgjevinga av Norske folkevisor fraa millomalderen (1913). Det kan nok tenkjast at ein forfattar med noko meir avstand til Moe ville vore meir kritisk. Det er til dømes uklart for meg kvifor han ikkje skreiv fleire bøker og artiklar, og der tek Liestøl for lett på det. Han viser til noko venen Arne Garborg skal ha sagt, om at Moe mangla "vitskapleg egoisme", men det kan ikkje vera nok.

Guffen er lunken. 

21. februar 2026

Springsteen: Deliver Me From Nowhere (2025)

Bruce Springsteen framstår som ein sympatisk kar. Han har gode meiningar, og han er ikkje redd for å ytra dei. Nyleg gav han ut singelen "Streets of Minneapolis", der han er ekstremt kritisk til fridomen Trump har gjeve ICE, og til korleis ICE oppfører seg.

Musikken hans er derimot langt, langt under middels. Han kan godt vera den største artisten eg aldri har høyrt eit heilt album av. Då eg for nokre år sidan las sjølvbiografien hans tenkte eg at kunne prøva igjen, men det var meir enn nok med ein halv song. Men, sidan han er sympatisk, og sidan eg lå som eit slakt på sofaen her om dagen, valde eg å gje filmen ein sjanse.

Det handlar om åra då han vart ei noko større stjerne. Filmen opnar med at turneen hans etter The River vert avslutta. Plata og turneen gjorde han meir populær enn nokosinne, og filmen handlar om den mentale knekken han då fekk. Han isolerer seg, han innleier eit halvhjarta forhold til ei kvinne han møter, og han spelar inn nokre akustiske songar på eit heimestudio. Han får ikkje til å skapa den same kjensla i eit skikkeleg studio og insisterer på at heimeopptaka skal gjevast ut. Plata kjem ut under namnet Nebraska, og sjølv om han nektar å vera med på promotering av plata, sel ho mykje og forsterkar statusen hans. 

Det er ein forbausande tannlaus film. Det er uoriginalt, det er klisjefullt, det er ingen spanande dialogar, det er eit skodespel på det jamne, og det er litt uklart kven filmen er laga for. Vil verkeleg dei som likar Springsteen ha ein så puslete film?

Guffen kan ikkje tilrå dette.

20. februar 2026

Glenn Kurtz: Men at Work (2025)

Av alle dei mange skyskraparane og andre vidgjetne hus i New York er nok Empire State Building best kjend. Andre hus er høgare, minst éin annan skyskrapar er flottare (Chrysler Building, sjølvsagt), men Empire er den alle kjenner. Bygget stod ferdig i 1931 og var det høgste bygget i verda fram til World Trade Center vart bygd i 1972. Etter terroråtaka der i 2001 var igjen Empire det høgste bygget på Manhattan, men frå 2012 til i dag er det bygd sju hus der, som er høgare.

Boka til Kurtz har ein sympatisk innfallsvinkel: Han vil heidra dei arbeidarane som bygde huset, ikkje dei rike som fekk det bygd. Han har to hovudkjelder: Ei tavle ved inngangen der 32 arbeidarar har fått namnet sitt, og mange av fotoa Lewis Hine tok under arbeidet. Han fotograferte mange av dei som fekk pris, og det er glitrande portrett. 

I omtalar av Empire State Building, både under bygginga og etterpå, vart arbeidarane presenterte anonymt, som ein stor masse med anonyme arbeidarar. Kurtz koplar saman namn og foto, samlar inn det han kan finna om dei, og dreg dei fram frå myrkret. Det er ikkje alltid han finn så mykje, og det er slettes ikkje alltid at desse korte biografiane er så interessante, men likevel. Så teksten er sympatisk og grundig, og fotoa er altså finfine. Det best kjende av dei, The Sky Boy, viser korleis Hine klipte bileta sine for å gjera dei meir dramatiske. 

Guffen tilrår.

18. februar 2026

Breakdown: 1975 (2025)

Dette er ein dokumentar som fortel litt amerikansk historie og litt filmhistorie. Det handlar mykje om korleis amerikanske filmar i og rundt 1975 kommenterte det som skjedde i samfunnet. Filmskaparane har intervjua skodespelarar, regissørar og andre som anten var aktive då, eller som ser tilbake på desse filmane. 

Eit av dei viktigaste poenga filmen vil få fram er at det amerikanske samfunnet lenge har vore på veg mot undergangen. Me snakkar gjerne om at Noreg er eit land med høg tillit til politikarar og andre mektige personar. Denne filmen meiner at det lenge var slik også i USA, men at det rundt 1975 vart opplagt at denne tilliten ikkje var fortent. Her er det litt Watergate, litt rasepolitikk, litt Vietnam, osb - store saker som prega det amerikanske samfunnet. 

Men det er òg eit viktig poeng at amerikansk film lenge har vore på veg mot undergangen. Filmen sluttar med at Haisommer vert ein kjempesuksess, og i åra etter vert det målet til Hollywood: Det som fanst av samfunnskritikk i filmar måtte vika for ei jakt på filmar som tente store, store pengar. 

Guffen tilrår. 

17. februar 2026

Top Secret! (1984)

Nja. Filmen er laga av dei same som laga Airplane og Naked Gun. Det er av og til lett å sjå, og av og til langt vanskelegare å forstå. Her er litt å le av, men det er òg litt for mange pinlege vitsar.

Filmen er ei lett blanding av mykje rart. Ei amerikansk popstjerne frå 1950-åra, Nick Rivers, vert sendt til ein kulturfestival i Aust-Tyskland. Det viser seg at Aust-Tyskland minner svært mykje om Nazi-Tyskland. Rivers vert innblanda i fridomskampen til motstandsrørsla, og greier (sjølvsagt) å løysa både eitt og hitt.

Nokre av vitsane i filmen er gode, og dei fleste av desse er visuelle. Det fungerer godt då Rivers kryp på magen mot nokre tyske uniformstøvlar, eller då det er stasjonen og ikkje toget som flyttar på seg, eller då telefonen i framgrunnen faktisk er like stor som han ser ut. Men det er langt fleire vitsar som er dårlege, og altfor mange av dei er litt halv-pikante. 

Guffen kan ikkje tilrå dette.

9. februar 2026

Arthur Myhre et al. (red.): Voss Utferdslag 1933-1993 (1993)

Voss Utferdslag er i dag eit lokallag i Den Norske Turistforening. Dei har gjort svært mykje positivt for friluftslivet i bygda - dei har merka ruter, dei har bygd vardar, dei har bygd og/eller overteke hytter for overnatting, og dei har halde desse ved like. Det er opplagt at dette har vore med på å få fleire folk til å bruka naturen her.

Denne boka fortel historia om dei seksti fyrste åra til laget. Det er informativt, men det er samstundes så mykje å trekkja for at eg vonar at det vert lagt meir arbeid i hundreårssoga deira. Ting som kan betrast:

* Her er framstillinga altfor kronologisk. Dei har gått gjennom styreprotokollane, og skriv om kva som skjedde kvart einaste år. Det hadde vore betre å samla stoffet tematisk, altså at det som handla om bygginga av ei av hyttene vart samla. Det hadde òg vore fint om nokon sa at denne delen av boka er altfor detaljert.
* Ei bok om fjell og friluftsliv må ha langt flottare bilete. Det finst titusenvis gode foto frå den lokale fjellheimen; ingen av dei har funne vegen til denne boka.
* Formgjevinga er (diverre) slik svært mange lokale bøker på Voss er: Drepande keisam, og verst av alt er framsida: Der har teksten fått ein raudfarge som gjer at han er altfor lite synleg.
* Kart. Kvifor er her ikkje kart? Tek dei for gitt at alle som les boka kjenner fjellheimen så godt?

Guffen er lunken. 

8. februar 2026

Øystein Lønn: Hva skal vi gjøre i dag? og andre noveller (1995)

Eg burde visst lesa fleire bøker Øystein Lønn. Dette er tredje gong eg les ei av bøkene hans, og eg vert like imponert kvar gong. Det er stilsikkert og formsikkert, og det er tydeleg at novellene i boka er skrivne av ein som verkeleg kan faget sitt. 

Her er ni noveller. Som oftast er det kvardagslege historier, men der er heile tida noko usagt, noko me ikkje får vita, og dette ukjende er med på å heva novellene høgt opp. Det handlar som regel om eit parforhold som ikkje er heilt som det skal vera.

Aller best trur eg at eg likte "Den tørre nysnøen", den nest siste novella i boka. Det handlar om den dagen tante Agatha døydde, og om korleis folk rundt henne reagerte. Eit finfint døme på det eg skreiv over - der noko relativt daglegdags vert utgangspunkt for koplingar i alle retningar.

Guffen tilrår.

Meir Lønn på kulturguffebloggen
Thomas Ribes femte sak (1991)
Berners datter (2018)

7. februar 2026

Colin Greenwood: How to Disappear (2024)

Det har vore litt Radiohead for meg i det siste. Både før og etter konserten i desember har eg høyrt mykje på dei, og det kjem eg til å halda fram med. Dei er eit glimrande band, med uvanleg mange strengar å spela på. Bassisten Colin Greenwood bruker som regel berre fire av desse strengane, men han er høgst habil - han vert av og til kalla bandets "secret weapon".

Han er òg ein habil fotograf. I denne boka har han samla bilete av bandet - øvingar, fritid, konsertar, osb. Bileta er gode, og det verkar som om dei andre er rimeleg avslappa framfor kameraet hans. Dei er ikkje altfor glade i journalistar og slikt, men her vert dei (truleg) fotograferte slik dei er. 

Innimellom fotografia kjem det tre tekstbolkar, der han kvar gong skriv om tre ulike tema. Det kan vera tidlege øvingar, bassar han har brukt, turnéliv, osb. Desse tekstane er òg fine, og det er vel tydeleg at han, til liks med dei andre i bandet, er oppegåande nok til å ha gått på universitet.

Guffen tilrår.

Meir Radiohead på kulturguffebloggen
Meeting People Is Easy (1998)
Dai Griffiths: OK Computer (2004)
John Aizlewood: Radiohead. Life In A Glasshouse (2022)
Royal Arena, København, 5.12.2025

4. februar 2026

Styrk Solstad: Dei gav oss ein arv (1985)

I føreordet til denne boka skriv Solstad at han her har samla nokre småstykke han har skrive i aviser på Voss og i Hardanger. Her har han sett saman nokre av desse stykka med stykke som ikkje har vore prenta før. 

Det er ei rar samling. Pronomenet "dei" i tittelen viser til mange av dei som har levd før, men det viser òg til dei to lokalhistorikarane Lars Kindem og Th.S. Haukenæs. Mange av stykka er inspirerte av noko Kindem eller Haukenæs har skrive; ved minst eitt høve er det berre slik at Solstad har skrive det litt om. 

At stykka opphavleg er skrivne for aviser gjer at dei er korte. Fleire av dei vert difor litt knappe, mange gonger under lesinga tenkte eg at her burde det ha stått mykje meir. Unntaket er den siste artikkelen, der Lars Rørlien fortel om livet sitt. Dette er den lengste artikkelen i boka, og den einaste der eg verkeleg lærte noko nytt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

29. januar 2026

Ida Hegazi Høyer: Ene | skissen (2019)

Nja, dette var vel ikkje den best Høyer-romanen eg har lese. Språket er godt, og her er mange fine skildringar, men det vert litt statisk og tidvis keisamt.

Det handlar om fire kvinner som bur i lag. Dei har alle sine sterke og mindre sterke sider. Dei er så pass ulike at det er nesten rart at dei bur saman - dei kranglar mykje, og nokre av dei mislikar andre sterkt. Den eine av dei er forfattar, og ho forlangar at alle skal leggja til rette for at ho skal få skriva. Viss ho vert invitert på eit forfattarbesøk, sender ho til dømes ei av dei andre. Sjølv om dei er ulike, utfyller dei kvarandre så godt at det er nærliggjande å tru at dei berre er fire sider av den same kvinna. 

Men det går altså litt seint framover, og det er nok den boka av Høyer eg har fått minst ut av.

Guffen er lunken. 

26. januar 2026

Gitarmannen (DNS, Bergen, 24.1.26)

Den Nationale Scene i Bergen vart i 1994 det fyrste teateret som sette opp eit teaterstykke av Jon Fosse, Og aldri skal vi skiljast. På scena den gongen stod Bjørn Willberg Andersen. Det året spurde Andersen om Jon Fosse ville skriva ein monolog til han, og det gjorde han: I mars 1995 fekk Andersen manuset Hundemannen i posten. Det vart ikkje sett opp då, men det kom ut som jolehelsing frå Det Norske Samlaget i 1997 var tittelen endra.

No vart stykket endeleg sett opp, og eg trur det var ei verdspremiere. Det er eit fint og kompakt stykke. Forteljaren er ein gatemusikant. Han kjem inn på ein bar, og han snakkar til oss i publikum som om han snakkar til andre på ein bar. Han kjøper seg ei øl, han spelar og syng litt for oss. Han fortel kvifor han er i denne byen - han møtte ei kvinne, og før det vart slutt mellom dei hadde dei fått ein son. Då vil ikkje gitarmannen flytta frå byen, så han vert her - han spelar litt kvar dag, utan at det er mykje å leva av. Han har ikkje fått det gode livet me alle drøymer om, men han har godteke at det er slik det er.

Det er altså eit fint stykke. Andersen snakkar om lag slik Fosse snakkar - litt usikkert, av og til ein nervøs latter, og sjølvsagt finn me òg her dei gode repetisjonane. 

Guffen tilrår. 

Meir Fosse på kulturguffebloggen
Raudt, svart (1983)
Stengd gitar (1985)
Blod. Steinen er (1987)
Naustet (1989)
Flaskesamlaren (1991)
Bly og vatn (1992)
To forteljingar (1993)
Prosa frå ein oppvekst (1994)
Gitarmannen (1997)
Eldre kortare prosa (1998)
Morgon og kveld (2000)
Det er Ales (2004)
Melancholia (2004)
Leif Zern: Det lysande mørket (2005)
Andvake (2007)
Cecilie N. Seiness: Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009)
Jente i gul regnjakke (2009)
Olavs draumar (2012)
Soga om Fridtjov den Frøkne (2013)
Kveldsvævd (2014)
Eskil Skjeldal og Jon Fosse: Mysteriet i trua (2015)
Morgon og kveld (Nationaltheatret, Oslo, 4.12.2015)
Det andre namnet (2019)
Eg er ein annan (2020)
Eit nytt namn (2021)
Kvitleik (2023)
I svarte skogen inne (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 2.6.2023)
Jan H. Landro: Jon Fosse. Djupt og enkelt (2022)
Mor og barn (Det Vestnorske Teateret, Bergen, 28.2.2025)
Asle og Alida (Grieghallen, Bergen, 4.4.2025)
Vaim (2025)

25. januar 2026

Mímir Kristjánsson: Frihet, likhet, Island (2015)

Då Mímir Kristjánsson var rundt tretti år fekk han restskatt på nesten 70 000 kroner. Han tok den enkle løysinga og reiste mot straumen - han flytta til Island, der far hans framleis budde, for å prøva å skaffa seg eit liv der. Denne boka fortel om tida hans der - han får ikkje så store inntekter, men han får drukke litt, han får nærkontakt med opptil fleire damer, og han reiser litt rundt på Island saman med nokre besøkande nordmenn. Han reiser òg på besøk til Noreg, der han eigentleg held fram på same viset, og boka endar med at han bestemmer seg for å flytta tilbake til Noreg. I fylgje boka var det dette som skjedde; i fylgje eit etterord kan det henda at han har teke seg skáldaleyfi, skaldeløyve, for å friska opp nokre av hendingane. Det kan altså henda at me må ta noko av dette med ei klype salt.

Det er ei underhaldande bok. Kristjánsson skriv godt, han kan skriva humoristisk, og det er tydeleg at han er veldig glad i Island. Det er ikkje det same som at han ikkje er kritisk - han skriv mykje om finanskrisa, og korleis det vart lagt godt til rette for at nokon få utvalde skulle gjera det godt økonomisk, samstundes som økonomien på Island gjekk til pises. 

Eg var på Island for nesten 25 år sidan, og hadde det kjekt der. Eg reiser gjerne tilbake ein gong, og då kan det godt henda at eg lese denne boka opp att: Her er så mykje nyttig informasjon, både praktisk og historisk, at boka godt kan fungera som ei reisebok.

Guffen tilrår. 

Meir Kristjánsson på kulturguffebloggen
Mamma er trygda (2019)
Mímir Kristjánsson og Sofie Marhaug: 
Hjelp, de drar til Sveits! (2024)
Pabbi (2024)

22. januar 2026

Per Hohle (red.): Fra varde til varde (1971)

Denne boka inneheld 11 artiklar som alle er henta frå årbøkene til DNT. I føreordet skriv Hohle at det var vanskeleg å velja ut "10-12" artiklar frå dei "flere tusen" artiklar som hadde stått på trykk. Denne omtrentlegheita er gjennomgåande i boka - det burde absolutt ha stått kva årbok kvar artikkel er henta frå, og det kunne gjerne ha stått ein setning eller to om kven forfattarane var.

Nokre stader er det rett nok unødvendig. Ein artikkel er skriven av Nicolai Rygg, som mellom anna var sentralbanksjef. Fotturen han fortel om vart gjort då han hadde den jobben, og store delar av artikkelen handlar om akkurat det - korleis folk rundt omkring i fjellbygder tek mot ein slik storkar. I nokre av dei andre artiklane vert liknande haldningar uttrykte, altså at her kjem det fint folk frå byen som må leva eit enkelt liv.

Artiklane i boka dekkjer store delar av landet, og det er bra. Nokre turar går høgt til fjells, andre går i skogkledd landskap. Det er altså stor variasjon, og det er det òg i skrivekunsten som vert vist fram. Nokre stadar kjem det veldig fine naturskildringar, andre gonger er det meir klisjefullt.

Guffen er lunken. 

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Dagfinn Hovden: Tindekliv på Sunnmøre (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)

19. januar 2026

Christopher Nielsen: Da pønken kom til Lefsevika (2014)

Ei slags kriminalforteljing frå punkemiljøet i Nord-Trøndelag. Forteljaren, Halvor Hals, er privatdetektiv, og denne forteljinga opnar slik privatdetektivforteljingar skal opna: Hals vaknar, er fyllesjuk og opnar dagen med å rusa seg, før ein klient kjem inn: Ei passeleg pirrande kvinne vil at Hals skal finna ut kva som eigentleg skjedde då bror hennar, Stian, døydde heilt tilbake i 1981. Hals får nokre detaljar, før han reiser til Lefsevika.

Stian hadde spelt i Kaillkjæft, det einaste punkebandet i Lefsevika. Dei gav ut ein singel, men vegen vidare vart stoppa av musical differences og vel så det: Vokalisten, Hold Brillan, er glad i Elvis, medan Stian hatar Elvis som presten. Ein dag forsvinn Stian, og noko seinare vert han funnen død i eit fjellvatn. Den offisielle versjonen er at det var sjølvmord, noko som vart understøtta av eit sjølvmordsbrev. Halvor Hals snakkar med dei attlevande, og gradvis greier han å nøsta opp kva som har skjedd.

Det er ein fin teikneserie. Nielsen har ein særeigen teiknestil, og han er samstundes ein glitrande forteljar, men full kontroll på språket. 

Guffen tilrår.

18. januar 2026

Dag Steinfeld: Mannen som gikk fri (2025)

Andre verdskrigen, igjen. Denne gongen handlar det om Knut Rød, politimannen som var heilt sentral under dei norske jøde-deportasjonane. Han var politiinspektør og var den som koordinerte arbeidet med å fanga jødane, og å senda dei vidare til utryddingsleirane i Tyskland. Etter krigen vart han fengsla, og ført for retten som ein del av landssvikoppgjeret. Merkeleg nok vart han frikjent, etter ein noko mangelfull og uryddig prosess. Dommen vart anka, sjølvsagt, men resultatet vart like oppsiktsvekkande: På sjølvaste 9. april i 1948 vart han frikjent igjen, og denne gongen vart ikkje dommen anka. Han var ein fri mann, og han fekk tilbake jobben sin i politiet.

Korleis kunne dette skje? Steinfeld viser korleis ingen av dei rettssakene var grundige nok. Rød bygde mykje av forsvaret sitt på at han hadde spelt ei dobbeltrolle under krigen. Han var ein medhjelpar i motstandsarbeidet, og måtte fylgja ordrane han fekk for å ikkje missa jobben, som igjen (i fylgje han) kunne føra til at heimefronten og andre grupper fekk mindre informasjon. Ingen betvilar dette, men Rød kom ikkje inn i dette motstandsarbeidet før etter jøde-deportasjonane, og etter at Tyskland var kome sterkt på defensiven. Like viktig er det òg at Rød kom inn i det amerikansk-styrte antikommunistiske hemmelege arbeidet etter krigen. Det ser ut til at mange med mykje makt, til dømes Jens Chr. Hauge, kan ha trykt på nokre skjulte knappar og medverka til Rød vart friteken.

Det er altså ei skammeleg historie, som ikkje må gløymast. Boka hadde nok tent på ei strammare redigering, både i små detaljar (som at det to gonger tidleg i boka står at Oslo tidlegare heitte Kristiania, eller at det to gonger tidleg i boka står om leilegheitane i Schweigaards gate at dei var tiltenkt borgarskapet), og i dei store linene. Det vert nokre repetisjonar, og det vert av og til for detaljrikt.

Guffen tilrår. 

16. januar 2026

Peter Guralnick: The Colonel and the King (2025)

Peter Guralnick har skrive ein glitrande Elvis-biografi i to band, så det er ikkje uventa at denne boka òg er solid. I alle fall ei stund. Det handlar om Colonel Parker, denne litt merkelege manageren til Elvis. Han vaks opp i Holland, lurte seg truleg inn i USA, der han tente pengar på ulikt vis før han vart manager for Elvis. Han var heilt sentral i å gjera Elvis til superstjerne, og for han var pengane det viktigaste. Han brydde seg lite om kvalitet og kredibilitet - når Hollywood betalte mest for minst arbeid, var det lett for Parker å argumentera for at Elvis heller burde spela inn filmar enn musikk. Filmane var stort sett veike, men dei selde, og det var altså det som var viktig. 

Den fyrste halvdelen av boka fortel denne historia, på ein grundig og god måte. Guralnick har total kontroll på stoffet, og ser koplingar og samanhengar andre ville gått glipp av. Elvis og Parker har djup respekt for kvarandre, sjølv om det skrantar litt mot slutten av livet til Elvis.

Den andre halvdelen er veikare. Her kjem det ei rekkje brev, og dei fleste er skrivne av Parker. Mange av desse breva har Guralnick vist til i den fyrste delen av boka, slik at me kjenner innhaldet i dei. Parker er heller ikkje nokon stor skribent, slik at breva er ikkje så interessante i seg sjølv. Det er òg altfor mange av dei. Etter kvart gjekk eg over til å berre lesa dei ogde introduksjonane Guralnick har skrive til kvart brev, og viss breva berre handla om business, skippa eg dei.

Guffen tilrår.

Meir Elvis på kulturguffebloggen
West, West og Hebler: Elvis, What Happened? (1977)
Gail Brewer-Giorgio: Is Elvis Alive? (1988)
Peter Guralnick: Last Train to Memphis (1995)
Peter Guralnick: Careless Love (1999)
Alanna Nash: The Colonel (2003)
Priscilla (2023)
Elvis (2022)
Lisa Marie Presley og Riley Keough: From Here to the great Unknown (2024)