Viser innlegg med etiketten Voss. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Voss. Vis alle innlegg

12. august 2026

Johannes Gjerdåker: Levande landskap (1999)

Johannes Gjerdåker var ein av dei store lokalhistorikarane frå Voss. Han skreiv mange bøker om jubilerande lag og verksemder, han var med på skriva gards- og ættesoger, og han skreiv ei glimrande ålmennsoge i to band. Denne boka var òg ei slags jubileumsbok, men her var det jubilanten som kom med gåva: Vekselbanken fylte 100 år, og fekk laga ei bok som handla om korleis vossabygda hadde endra seg i den perioden. 

Det opnar med eit kapittel om Vossavangen, før dalføra som går ut frå Vangen får sitt eige kapittel. Det handlar ikkje berre om Voss kommune, rutene går til Granvin (som då var eige herad) og til Gudvangen (som ligg i Aurland). 

Det er heller korte tekstar; Gjerdåker er innom mange emne. Men det er gode tekstar, og dei inneheld mykje verdfull informasjon. Med litt godvilje kan ein kalla denne boka ei ålmennsoge i miniatyr, og her finst fleire døme på at to-tre setningar i denne boka seinare er vorte heile artiklar i den lokalhistoriske årboka Gamalt frå Voss. 

Så det er ei flott bok, og noko av det mest gledelege er at boka er så rikt og flott illustrert. Slik er det vanlegvis ikkje i dei lokalhistoriske bøkene til Gjerdåker, men her er det altså illustrasjonar - både nye, gamle og sjeldne.

Guffen tilrår. 

21. juni 2026

Ole Didrik Lærum: I ulveskinnspels (2006)

Ole Didrik Lærum kom frå ei dokterslekt. Saman med to brør representerte han den fjerde generasjonen dokterar. Han døydde for nokre år sidan, og huset hans på Vossavangen er no overteke av sonen Birger, som er femte generasjon dokter.

I denne boka fortel Lærum om dei tre forfedrane sine, Didrik, Birger d.e. og Birger d.y. Didrik var ferdig utdanna midt i 1860-åra, og boka er ikkje berre ei familiesoge: Ved å fortelja om far, farfar og oldefar, viser Lærum korleis tilhøva for dokterar har endra seg dei siste 150 åra. Ulveskinnspelsen i tittelen var nødvendig for dei to eldste - dei måtte rett som det var ut på lange oppdrag vinterstid, med hest og slede. Då var det greitt å ha eit varmt plagg å pakka seg inn i.

Medisinar og andre hjelpemiddel har sjølvsagt òg endra seg mykje desse åra. Her er fleire forteljingar om pasientar som truleg hadde greidd seg langt betre nokre tiår seinare. 

Alt dette er interessant og bra. Birger d.e. flytta til Voss, og det er fint med dei mange glimta av lokalhistorie. Ikkje alle, rett nok - mange av småsogene som skal vera lystige og morosame er ikkje lystige og morosame. Og språket kunne nok òg vore betre.

Guffen tilrår. 

Meir Lærum på kulturguffebloggen
Spelemannen Sjur Helgeland (1991)
I kastanjetreet (2008)

16. mai 2026

Ingebjørg Rongve et al. (red.): Sylgja på ungdoms barm. Voss Ungdomslag 100 år 1890–1990 (1990)

Ei jubileumsbok av den vanlege sorten (i alle fall på Voss): Boka er rart redigert, og formgjevinga er ikkje mykje å skryta av. Nokre av artiklane vert for interne og for lite spissa. Men likevel: Her er mykje av interesse for oss som likar lokalhistorie (i alle fall frå Voss). 

Når eg skriv at boka er rart redigert, tenkjer eg på at boka opnar med ti sider helsingar. Det er ikkje heilt uvanleg at bøker gjer det, men då er det oftast helsingar frå ordførarar og slikt. Her er det vanlege medlemmer, og alt her vert det internt. Etter desse helsingane kjem ein artikkel om fornsoga til laget. Det kan òg høyra med i ei slik bok, men her går forfattaren altfor, altfor langt tilbake, og skriv om hendingar fleire tusen år tilbake i tida. 

Men så tek det seg altså opp. Gjennomgangen av dei seksti fyrste åra vert litt for prega av at forfattaren har bladd gjennom møtebøker og lagsblad for den perioden, men her er mange fine poeng. Saman med artikkelen som fortel om dei neste førti åra kjem det godt fram at ungdomslaget var eit viktig og aktivt alternativ til dei andre ungdomsrørslene. Her var debattar, foredrag, musikk og dans, og medlemmene fek skrive- og debatt-trening i lagsbladet Uredd. Det står om dei mange ser-laga, som spellaget eller barnelaget, og her står om dei to eigedomane til laget - Ungdomshallen midt på Vangen og lagshytta på Singeset. 

Guffen tilrår.

25. april 2026

Hallvard Framnes et.al. (red.): Voss offentlege landsgymnas. Ei tretti-årssskrift 1916-1946 (1946)

Dette er ei bok som er både flott og trist. Boka er redigert av Hallvard Framnes, Sigurd Eskeland og Per Tylden, som alle var lektorar ved Voss off. landsgymnas. Dei har sett saman ei innhaldsrik jubileumsbok. Her er artiklar om kvifor det var viktig med landsgymnas, korleis målrørsla og andre arbeidde for å på plass dette skuleslaget, artiklar om nokre av dei viktigaste personane, artiklar om korleis det var å vera elev ved skulen, oversyn over tilsette og elevar, og litt til. Artiklane er alle velskrivne.

Desse artiklane viser korleis landsgymnaset var eit kultursentrum i bygda. Mange av dei tilsette skreiv bøker og artiklar, fleire var landskjende, og dei reiste gjerne på studieturar om somrane, for å samla meir kunnskap dei kunne formidla. Det var ikkje slik at alle kom inn på skulen, og det vart sett store krav til dei som fekk plass: Det skulle arbeid til for å få gode karakterar, og det vart forventa at elevane arbeidde hardt. Samstundes var her ei rekkja elevlag, som var med på å gje elevar som budde på hybel eit sosialt nettverk.

Alt dette er stas, men det er rart å tenkja på kor mykje gymnaset har endra seg. Der lektorane for hundre år sidan brukte jobben sin til å verta svært synlege og aktive i lokalsamfunnet, er lektorane i dag nesten usynlege. Skriv dei bøker eller artiklar? Står dei fram i avisene og kjempar for saker dei trur på? Stiller dei like store krav til elevane sine? Og går elevane ut av gymnaset med like stor kunnskap? Eg trur svaret er nei på alle desse spørsmåla.

Guffen tilrår. 

9. februar 2026

Arthur Myhre et al. (red.): Voss Utferdslag 1933-1993 (1993)

Voss Utferdslag er i dag eit lokallag i Den Norske Turistforening. Dei har gjort svært mykje positivt for friluftslivet i bygda - dei har merka ruter, dei har bygd vardar, dei har bygd og/eller overteke hytter for overnatting, og dei har halde desse ved like. Det er opplagt at dette har vore med på å få fleire folk til å bruka naturen her.

Denne boka fortel historia om dei seksti fyrste åra til laget. Det er informativt, men det er samstundes så mykje å trekkja for at eg vonar at det vert lagt meir arbeid i hundreårssoga deira. Ting som kan betrast:

* Her er framstillinga altfor kronologisk. Dei har gått gjennom styreprotokollane, og skriv om kva som skjedde kvart einaste år. Det hadde vore betre å samla stoffet tematisk, altså at det som handla om bygginga av ei av hyttene vart samla. Det hadde òg vore fint om nokon sa at denne delen av boka er altfor detaljert.
* Ei bok om fjell og friluftsliv må ha langt flottare bilete. Det finst titusenvis gode foto frå den lokale fjellheimen; ingen av dei har funne vegen til denne boka.
* Formgjevinga er (diverre) slik svært mange lokale bøker på Voss er: Drepande keisam, og verst av alt er framsida: Der har teksten fått ein raudfarge som gjer at han er altfor lite synleg.
* Kart. Kvifor er her ikkje kart? Tek dei for gitt at alle som les boka kjenner fjellheimen så godt?

Guffen er lunken. 

4. februar 2026

Styrk Solstad: Dei gav oss ein arv (1985)

I føreordet til denne boka skriv Solstad at han her har samla nokre småstykke han har skrive i aviser på Voss og i Hardanger. Her har han sett saman nokre av desse stykka med stykke som ikkje har vore prenta før. 

Det er ei rar samling. Pronomenet "dei" i tittelen viser til mange av dei som har levd før, men det viser òg til dei to lokalhistorikarane Lars Kindem og Th.S. Haukenæs. Mange av stykka er inspirerte av noko Kindem eller Haukenæs har skrive; ved minst eitt høve er det berre slik at Solstad har skrive det litt om. 

At stykka opphavleg er skrivne for aviser gjer at dei er korte. Fleire av dei vert difor litt knappe, mange gonger under lesinga tenkte eg at her burde det ha stått mykje meir. Unntaket er den siste artikkelen, der Lars Rørlien fortel om livet sitt. Dette er den lengste artikkelen i boka, og den einaste der eg verkeleg lærte noko nytt.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

4. desember 2025

Nils R. Ringdal: Vossaminne (2011)

Nils R. Ringdal vaks opp på Voss. Han har budd det meste av livet i Oslo, og i denne boka har han samla minne frå oppveksten. Det er ikkje ein samanhengande historie; boka er sett saman av korte episodar og hendingar.

Det er ikkje noko dårleg grep, og det er ikkje det som gjer at boka ikkje er spesielt vellukka. Det er heller historiene i seg sjølv. Dei er ikkje gode eller spesielle nok. Språket er godt, men historiene byggjer seg opp mot eit høgdepunkt som svært sjeldan kjem: Mange av dei sluttar med eit avsnitt på éi setning, men her manglar altså det slåande og gode sluttpoenget. 

Boka er illustrert av Ivar Kvåle.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

27. september 2025

Knute Rockne. All American (1940)

Eg såg denne filmen på amerikansk fjernsyn, seint i 1980-åra. Eg hugsa ikkje anna enn at i opningsscenene hadde Voss fått nokre fjell og dalar som aller mest minte om Alpane. At eg ikkje hugsa noko frå resten av filmen var ikkje så rart - det er ikkje ein spesielt spektakulær film.

Tittelen seier det meste: Det er ein amerikansk suksess-historie - ein fattig innvandrargut som er for liten til å leika med dei andre gutane i gata, vert ein av dei mest populære personane i Amerika. Han vart fotballtrenar for laget til Notre Dame-universitetet i South Bend, Indiana, og han gjorde nokre tekniske grep som gjorde laget hans svært vanskeleg å slå. Dei gjekk frå triumf til triumf, heilt til Rockne mista livet i ei flyulukke i 1931.

Filmen fortel denne historia på ein, vel, amerikansk måte. Rockne var stor, men målet med filmen ser ut til å vera å gjera han endå større. I filmen er Rockne ein gud som knapt kan gjera feil. Reint bortsett frå at han heile tida set idretten og karriera høgare enn familien. Men kona smiler berre og finn seg i det meste.

Guffen er lunken. 

28. august 2025

Ivar Kvåle: Ville Vestland (1987)

Ivar Kvåle var kunstnar og avisteiknar. Han budde det meste av livet på Voss. Han hadde jamleg kunstutstillingar, han illustrerte bøker, og han spelte musikk. Til kvart nummer av avisa Hordaland laga han ei avisteikning, og i denne boka er det med rundt 85 teikningar, frå ca. 1978 til 1986.

Teikningane viser mykje av styrken til Kvåle. Han er heile tida på bygdefolket si side, her er mange stikk til byfolk og turistar. (Han er òg heile tida på Voss si side, her er òg fleire stikk til Hardanger.) Bygdefolket er ofte noko overvektige og har litt rare kroppar; byfolket, spesielt kvinnene, er ofte noko undervektige og har litt rare kroppar. Han er ikkje spesielt glad i å teikna auger, og teiknar gjerne folk bakfrå eller med briller som gjer at sjølve augene ikkje er synlege.

Og han er ein god skribent. Tekstane er like gjennomarbeidde som teikningane. Dei er ofte sette saman av dialogar. Det kan vera halvgode vitsar (som når læraren spør klassen kvifor me feirar 1. mai, og ein elev svarar at det er av di me ikkje skal ta tran lengre) eller halvgode visdomsord (som dei to sauene som framleis er til fjells tidleg på hausten, og som seier at viss dei vert gåande her frys dei i hel, men viss dei reiser heim får dei svi for det òg).

Det er ikkje humor eg ler høgt av, dette, men dei lune og gode observasjonane er gode nok til at trivst godt.

Guffen tilrår.

27. februar 2025

Anders Ullestad: Voss og vossingar (1940)

Ei enkel og grei bok, av den typen som oftare kom ut før. Ullestad var frå Voss og var svært engasjert i kulturlivet. Han dreiv Voss Bokhandel, og han var sentral og aktiv i mange lag, som ungdomslaget eller fråhaldslaget. Han tok initiativet til å reisa mange minnesmerke, og det er på sett og vis det han har gjort her òg.

Han skreiv mykje for blad og aviser, mellom anna for Unglyden. Artiklane i denne boka er henta derfrå. Her er nokre dikt, som stort sett er noko for svulstige. Her er artiklar om sju andre vossingar, alle menn, og dei er alle menn Ullestad kjende godt. Boka er tileigna sonen Gulleik, som døydde 26 år gamal, og her er òg ein artikkel som handlar om han. Det kan godt vera at den artikkelen var den viktigaste for Ullestad, men for oss andre vert det litt for inhabilt. Og det kjem ein artikkel om Sivlesteinen, som i dag står ved Stalheim hotell.

Stort sett er det fine artiklar. Ullestad kunne nok vore meir kritisk, men samstundes er nok ikkje dette ei slik bok. Han vil presentera mange som stod han nær, og det gjer han. Dei fleste av dei kan me lesa meir om andre stader, medan ein av dei, Ragnvald T. Sæve, er mindre kjend.

Guffen tilrår. 

23. desember 2024

Nille: Gamle Vangen (1942)

Nille er Nils Hjørnevik; Gamle Vangen er gamle Vossavangen. Kort fagleg opningsavsnitt: Vangen var bygdesenter frå gamalt av. Frå midten av 1800-talet vaks senteret, og etter at Vossebanen, jernbanen mellom Voss og nabobyen i vest, vart opna i 1883, vaks Vangen fort. 

I april 1940 vart Vangen bomba av tyske krigsfly. Svært mange gamle og verdfulle bygningar brann opp under bombedagane, slik at ein nesten rykte tilbake til start: I juni 1940 vart det lyst ut tevling for ny reguleringsplan, og i dag går gatene på Vangen heilt annleis enn dei gjorde før krigen.

Då Nille skreiv denne boka, i 1942, var ikkje Vangen oppattbygd. Det er ikkje så nøye, han fortel om dei siste tjuefem åra før bombinga. To kameratar, Nils og Ola, går gjennom alle gatene som var, og fortel om både hus og folk. Det er nok ei bok som er mest interessant for oss heimfødingar, men for oss er dette ei lita perle. Nille vekslar mellom harde fakta og halvgode, lettare historier. 

Boka opnar, passande/upassande nok, med ei skildring av kor stas det var når brannklokkene kima, og korleis alle sprang for å sjå huset som brann. Deretter går dei gjennom Vangen, frå vest til aust, og det er stas å vera med på den vandringa.

Guffen tilrår. 

11. desember 2024

Torunn Todal Laberg m.fl. (red.): Vossa Jazz i femti. 1973-2023 (2023)

Vossa Jazz fylte femti år i fjor. Den fyrste festivalen vart arrangert i 1974, men sjølve reknar dei 19. desember 1973 som skipingsdagen - den dagen sende dei ut pressemelding om den komande festivalen. Denne boka fortel om dei femti åra. Dei fyrste åra vart festivalen arrangert av nokre entusiastiske ungdommar; i dag er det ein langt meir profesjonell organisasjon som står bak. Det er, slik det ofte er, langt meir interessant å lesa om dei tidlegaste åra.

Boka er berre sånn middels vellukka. Her er mange glimrande foto, både av artistar, publikum, arrangørar og plakatar. Det er teksten som dreg nivået ned. Her burde vore strammare liner, her burde vore færre halvgode anekdotar, og boka ropar vel litt etter ein myndigare redaktør. Nokre gonger vert det for internt, det er som om forfattarane skriv for dei som alt kjenner Voss og festivalen. Det treng ikkje stå "jo" i ei setning om at Ole Didrik Lærum jo vart professor seinare i livet. Dei treng ikkje skriva kva som er klengenamnet til Lars K. Bonsaksen eller Anders Ullestad. Og viss dei fyrst skal skriva kva klengenamnet til Ullestad er, treng dei ikkje skriva det tre gonger. 

Guffen er lunken. 

14. mai 2024

Sigurd Petersen: Med oldefar på Voss – og endå vidare (2000)

For nokre veker sidan las eg ei liknande bok av Petersen, og eg likte henne godt. Denne boka kom ti år seinare. Ho er bygd over nesten same lest, slik at det meste skulle liggja til rette for ei grei lesestund. Slik gjekk det ikkje. 

Det som er likt: Petersen er på farten med slekta. Boka har mange korte kapittel, der kvart kapittel er ein tur, som regel til fots. Han er pedagogen, det er han som har førebudd seg best og som kan fortelja likt og ulikt om det han ser. Han får fram undringsgleda hjå dei yngre, og saman formidlar dei kunnskap om vossabygda. 

Det som er ulikt: Dei reiser meir utanfor bygda. Her er reisemålet helleristingar. På baksida av boka skriv Petersen at det brått dukka opp ei interesse for helleristingar, og dei reiser til fleire kjende felt. Desse kapitla fengar langt mindre, og her er heller ikkje formidlaren like stø og kunnskapsrik.

Guffen er lunken.

Meir Petersen på kulturguffebloggen
På Voss med bestefar (1990)

16. april 2024

Sigurd Petersen: På Voss med bestefar (1990)

Eg var vel på nikk med Petersen, sjølv om eg aldri hadde han som lærar. Han var inspektør då eg gjekk på gymnaset, og eg møtte han av og til i andre samanhengar etterpå. Eg hugsar han som litt seriøs og keisam, men ting endrar seg med åra: Eg hadde nok sett pris på å snakka med han i dag.

Denne boka er greitt lagt opp: Petersen hadde fire barneborn då boka vart skriven. I boka smeltar han dei saman til guten Tron, og han fortel om turar dei har teke på Voss. Det er oftast skiturar. Bestefaren er den faktainteresserte forteljaren som vil læra guten alt mogeleg; guten utviklar seg til å verta interessert, han òg. Han set meir og meir pris på desse turane, og i det siste kapitlet avlyser han ein slalåm-avtale med ein jamaldring, av di han heller vil gå på ski med bestefaren. 

Den viktigaste bodskapen i boka er å sjå det store i det små. Petersen og Tron finn meir enn nok av interesse i heimbygda; det gjeld berre om å sjå seg om. Det handlar òg om å vidareformidla kunnskapen ein har samla, og Petersen har mykje kunnskap å formidla. Han var lektor i den tida då lektorar var kunnskapsrike og kunnskapshungrige, og det viser godt att her. Det er nesten trist å tenkja på kor få lektorar ved gymnaset i dag som kunne skrive ei liknande bok.

Guffen tilrår.

Meir Petersen på kulturguffebloggen
Med oldefar på Voss - og endå vidare (2000)

15. mars 2023

Arne Bjørndal: Ola Mosafinn (1922)

Ola Mosafinn (1828-1912) var ein av dei største spelemennene frå Voss. Andre spelemenn seier det, og då må me gå ut frå at det er sant. Det finst eit opptak av Mosafinn frå 1911, men det fortel ikkje kor god han var - ein ting er at han var ein gamal mann, ein annan er at han var noko redusert etter eit fall i 1893.

Han var spelemann, men han hadde òg inntekter frå å vera skreddar og dreng. Etter at faren døydde i 1867 hadde han ikkje fast bustad før i 1892, då han kjøpte seg kår på Saue. Pengane til den avtalen hadde han tent på to speleferder i USA, og på å halda seg vekke frå alkohol i tretti bryllaup. Eg tolkar den utsegna slik at vanlegvis fekk spelemenn noko av betalinga i alkohol, og når han ikkje drakk måtte han få meir pengar.

Han var mykje i Hardanger, også for å arbeida som dreng. I 1879 var han slåttekar hjå presten i Ullensvang, og det året var Edvard Grieg og Ole Bull der. Han møtte dei, og dei møtte han med respekt. 

Arne Bjørndal kjende Mosafinn, og han skriv i føreordet at Mosafinn er den viktigaste kjelda hans. Heldigvis skriv han òg at han sjølvsagt ikkje veit kva Mosafinn ikkje har fortalt - me må gå ut frå at han har halde noko tilbake. Bjørndal har ikkje noko negativt å seia om Mosafinn, og sidan dette er den einaste boka om Mosafinn har Bjørndal vore med på å forma biletet me har av Mosafinn i dag. Då er det dumt at han er så upresis - ein stad skriv han at far til Mosafinn døydde i 1864, ein annan stad skriv han 1866, og ein tredje stad skriv han (truleg) at faren døydde i 1874. Det rette er altså 1867. Det kan altså vera greitt å vera litt kritisk til det som står her, men samstundes skal ingen ta frå Bjørndal at han her gjorde viktig arbeid. 

Guffen tilrår.

25. mars 2022

Arne Berg: Voss kyrkje (1977)

 

Arne Berg er best kjend som den store kjennaren av trebygningar frå mellomalderen, men han briljerer òg når han skriv om steinhus. Berg vaks opp på Voss, og sjølv om han flytta frå bygda då han var rundt tjue år, var han nært knytt til heimbygda. Han skreiv fleire artiklar om mellomalderbygg herfrå, og han var såleis eit opplagt val då det skulle skrivast ei bok om Vangskyrkja. Han fekk dette oppdraget i 1969, åtte år før 700-årsjubileet til kyrkja vart feira. 

Det er ei finfin bok. Berg har studert kyrkja nøye, han har brukt ei lang rekkje kjelder, han teiknar og forklarar, og han konkluderer berre der han har nok informasjon til å konkludera. Eit så gamalt hus har sjølvsagt mange løyndomar, og det er fascinerande å fylgja Berg på leit etter dei rette svara. 

Han skriv ikkje berre om sjølve huset. Det kjem kapittel om livet rundt kyrkja gjennom tidene, og om korleis kyrkja har vorte kjøpt og selt fleire gonger. Han skriv om korleis innreiinga har vorte endra fleire gonger, og kvir seg ikkje for å fortelja kva som var bra og kva som var mindre bra.

Guffen tilrår. 

2. april 2020

Einar Ullestad: Det leikar på Solfeng (1980)

Nja. Dette er ei høgst lokal bok. Eg var i utgangspunktet litt skeptisk, men las ho av di eg skriv ein artikkel om far til forfattaren. Under lesinga kom det mange moment eg kan ta med i den artikkelen, mellom anna om då faren viste Arne Garborg rundt på Voss. Boka var i det heile langt betre enn eg trudde, og med litt strengare redigering kunne dette faktisk vorte retteleg bra.

Nokre manglar er openberre. Ullestad var ikkje gamle karen då familien Bernhoft Osa flytta inn i nabolaget, og han vart ein nær ven av Sigbjørn Bernhoft Osa. Mot slutten av boka står det fleire korte kapittel om Osa, og det ligg litt på sida av det boka eigentleg handlar om. Det burde òg vore fleire presise dateringar av det han skriv om, og omtalane av eit par folk går langt, langt utover grensene for kva som burde koma på prent. Boka var skriven i ei tid då det ikkje var etiske retningsliner å støtta seg på, men ho var ikkje skriven i ei tid utan folkeskikk.

Men her er altså òg mykje som fungerer. Boka handlar om oppvekståra til Ullestad, og han skriv godt om familien, om korleis han gradvis plukka opp meir kunnskap, og om korleis det var å veksa opp nær Vangen. Han var fødd i 1908, og hadde ein far (Anders) som var sentral i mykje og mangt i kulturlivet på Voss, og som òg var vertskap for fleire kjende personar.

Guffen er lunken. 

25. januar 2020

Sjur Bygd: Valplassen (1921)

Sjur Bygd hadde ei uvanleg publiseringshistorie. Debutboka kom i 1915, og dei neste ti åra kom det tre bøker til. Så gjekk det 24 år til neste bok; i denne perioden arbeidde han som gardbrukar, bankkasserar og ordførar. Tre av bøkene hans formar ein trilogi, og den vart òg publisert på ein rar møte: Holmgang (1917) kom fyrst ut, men avsluttar trilogien. Denne boka kom i 1921, og er opningsbandet i trilogien. I 1949 kom I hamskifte, som altså er bandet i midten.

Desse bøkene vert altså rekna som ein trilogi, men det er mest av di dei same personane dukkar opp. Holmgang opnar med dødsfallet til Hans Bernt Kambe, ein sterkt mislikt kar i bygda. Sidan bøkene vart presenterte som ein trilogi rekna eg med at han skulle vera meir dominerande i denne boka, men han har i beste fall ei birolle. Her er han ein liten gut som berre er med av og til. Han viser rett nok nokre av dei same trekka som vert tydelegare i Holmgang.

Boka krinsar mykje om uvenskapen mellom dei to gardane Svartjorde og Lokkstad. Det er nesten slik at gardane, og for så vidt resten av bygda og dalen, er hovudpersonane i boka. Dalen og bygdelivet vert glimrande skildra, i eit formsikkert språk, og det er lett å kjenna att mange av personane, og måten dei fører seg på.

Det vert likevel aldri noko vellukka roman av dette. Mange av kapitla vert som noveller, der nye personar dukkar opp, får ei sentral rolle, og forsvinn att. Boka er best mot slutten, der det dreg seg til med dramatikk, dødsfall, skuldingar og krangling.

Guffen er lunken.

Meir Bygd på kulturguffebloggen
Holmgang (1917)

22. september 2019

Oppdrag Mottro (Gamlekinoen, Voss, 18.9.2019)

Linda Eide har lenge brukt samtalane med mor si, Mottro, i artiklar og bøker og andre ting. I 2018 laga ho ei framsyning med utgangspunkt i desse tekstane, og i haust turnerer ho med denne. Ho hadde to framsyningar på Voss, heimbygda hennar, denne veka.

Ho står heilt åleine på scena. Av og til snakkar ho med Mottro på telefon - Mottro vert spela av Liv Bernhoft Osa. Med utgangspunkt i desse samtalane prøver Eide å finna ut meir om det livet Mottro hadde før ho vart mor. Korleis var familien då ho voks opp? Korleis var livet då ho arbeidde på skip som gjekk verda rundt? Korleis var det då ho møtte han ho seinare skulle gifta seg med? Korleis var det å i praksis vera åleinemor - mannen hennar heldt fram som sjømann.

Det er mykje å le av, sjølvsagt. Eide har eit stort humoristisk talent, når ho går gjennom gamle fotoalbum ser ho kva bilete som kan få folk til le. Ho har òg full kontroll over språket. Eg har sett andre framsyningar med Eide, og her verkar ho litt meir strukturert i rørslene - eg mistenkjer at her har ein regissør fortalt ho kvar og korleis ho skal stå og gå.

Det er òg mykje alvor i framsyninga, og det er eigentleg her ho er best. Om lag midt i kjem det ei forteljing om då syster til Mottro døydde i svært ung alder, og måten den historia vert fortalt, og måten Eide får folk på låtten etterpå er meisterleg gjort. Under den historia er det heilt stille i salen.

Guffen tilrår.

Meir Eide på kulturguffebloggen
Oppdrag Mottro (bok, 2012)

8. februar 2019

Sjur Bygd: Holmgang (1917)

I storverket Nynorsk litteraturhistorie skriv Jan Inge Sørbø svært varmt om Sjur Bygd. Bygd var frå Myrkdalen, og er vel ein forfattar eg har tenkt at eg burde ha lese noko av. Dette er den tredje boka han gav ut, og den fyrste i ein trilogi.

Er det like bra som Sørbø hevdar? Nja. Det er mykje som er bra her. Bygd fortel ikkje meir enn han må, der han går frå scene til scene. Det er bra med spenning og konfliktar mellom karakterane hans, og han skriv svært godt. Der er òg noko å trekkja for - mange av dei han skriv om vert ikkje presenterte godt nok, sjølv om dei dukkar opp gjennom heile boka. Alle replikkar er skrive på dialekt, og det lettar heller ikkje lesinga - ikkje eingong for meg, som er omtrent herfrå.

Boka handlar om korleis folket i Dimdalen reiser seg mot det som kan minna om ein overklasse. Boka opnar med at den mektige Kambe, som i praksis har styrt heile dalen, og det endåtil med hard hand, døyr. Det må tilsetjast ny banksjef, og ein av dei lokale stiller som motkandidat til Kambe junior. Den lokale vinn, men det fører diverre ikkje noko godt med seg: Det går gale med banken, rekneskapen stemmer ikkje, garantistane har ikkje råd til å dekkja tapet. Så det går galne vegen, heilt til det viser seg at Kambe junior er annleis enn faren.

Guffen tilrår.

Meir Bygd på kulturguffebloggen
Valplassen (1921)