Viser innlegg med etiketten Høyer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Høyer. Vis alle innlegg

25. oktober 2026

Ida Hegazi Høyer: Det nye hjertet (2025)

Denne romanen handlar om tilhøvet mellom far og dotter. Forteljaren er ein forfattar som heiter Ida Hegazi Høyer, far hennar heiter Hassan Hassan. Han har kome til Noreg frå Egypt. Hassan er skilt frå mora til Ida. Mora er med i romanen, ho òg, men har ei mindre rolle.

Hassan Hassan er ein dominerande person. Han er dregen mellom to kulturar, men høyrer nok mest heime i den egyptiske. Dottera kjenner seg mest norsk, og etter kvart vert dei mange turane til Egypt meir plikt enn glede. 

Faren har helseproblem. Det har han i bok-notida, men det har han òg hatt før. Han fekk eit nytt hjarte for lenge sidan, men no går det nedover igjen. Dottera hjelper til med eitt og hitt, men ho nyttar òg desse vitjingane til å tenkja over livet deira så langt. 

Det er ein fin roman. Mykje, kanskje til og med det aller meste, er henta frå livet til (den eigentlege) forfattaren, men boka er langt meir innhaldsrik enn eit referat frå levd liv. Mot slutten av boka vert anekdotar om faren korrigert, slik at sjølv om romanen har mange fellestrekk med dei mange sjølvbiografiske romanane dei siste tiåra, vert det òg ein kommentar til dette: Minna våre er ikkje bombesikre, me hugsar eller fortel ting feil, og då vert jo (delar av) forteljingane våre oppdikta.

Guffen tilrår.

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Under verden (2012)
Ut (2013)
Unnskyld (2014)
Fortellingen om øde (2015)
Ene | skissen (2019)
Kirurgen (2022)

29. januar 2026

Ida Hegazi Høyer: Ene | skissen (2019)

Nja, dette var vel ikkje den best Høyer-romanen eg har lese. Språket er godt, og her er mange fine skildringar, men det vert litt statisk og tidvis keisamt.

Det handlar om fire kvinner som bur i lag. Dei har alle sine sterke og mindre sterke sider. Dei er så pass ulike at det er nesten rart at dei bur saman - dei kranglar mykje, og nokre av dei mislikar andre sterkt. Den eine av dei er forfattar, og ho forlangar at alle skal leggja til rette for at ho skal få skriva. Viss ho vert invitert på eit forfattarbesøk, sender ho til dømes ei av dei andre. Sjølv om dei er ulike, utfyller dei kvarandre så godt at det er nærliggjande å tru at dei berre er fire sider av den same kvinna. 

Men det går altså litt seint framover, og det er nok den boka av Høyer eg har fått minst ut av.

Guffen er lunken. 

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Under verden (2012)
Ut (2013)
Unnskyld (2014)
Fortellingen om øde (2015)
Kirurgen (2022)
Det nye hjertet (2025)

18. oktober 2025

Ida Hegazi Høyer: Under verden (2012)

Den namnlause forteljaren i denne boka har flytta ut på den austlandske landsbygda. Ho er forfattar, men det er det som skjer innimellom skrivinga som driv boka framover. Ho er ofte middagsgjest hjå to naboar. Ho arbeider på Cubus. Ho innleier eit forhold til ein rimeleg ung gut. Ho prøver å fanga både mus og rotter i huset ho bur i. Og ho prøver å få litt kontakt med forfattaren Per Petterson, som bur i den same bygda.

Ho får ikkje til alt ho prøver på. Jobben på Cubus går sånn halvbra, heilt til dei andre som jobbar der lurer på kva ho eigentleg driv med. Muse- og rottejakta går rimeleg bra. Forholdet til den unge guten fører ikkje noko godt med seg. Og når ho endeleg møter Petterson vert ikkje møtet heilt som ho hadde tenkt seg.

Forfattaren i boka får altså ikkje til alt, men forfattaren av boka bør vera meir nøgd med dette. Det er ei finfin bok. Språket er poetisk og fint, og av og til dukkar det opp nokre setningar som er reine blinkskot. 

Guffen tilrår. 

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Ut (2013)
Unnskyld (2014)
Fortellingen om øde (2015)
Ene | skissen (2019)
Kirurgen (2022)
Det nye hjertet (2025)

12. september 2024

Ida Hegazi Høyer: Unnskyld (2014)

Denne boka fekk meg til å tenkja på det Ibsen skriv om livsløgn og livsglede. Det er ikkje ein rein parallell - her handlar det om eit par der livsløgna hans øydelegg livsgleda hennar.

Romanen vert fortalt av ei ung kvinne. Ho møter, litt tilfeldig, ein fem år eldre mann som viser seg å vera drøymemannen. Han er klok, han er sjarmerande, han er nesten ferdig med hovudfag. Dei flyttar saman, og alt er fryd og gaman. Dei legg planar for resten av livet, begge vert med på vitjing til foreldra til den andre, og alt ser bra ut.

Men gradvis, gradvis merkar ho at alt ikkje er rett. Han har jo ikkje fått seg fast jobb som lærarvikar. Mor hans er ikkje lækjar. Driv han verkeleg med basehopping? Er den nye jobben på NSB ein verkeleg jobb, eller er det berre ei ny løgn? Og kvifor er han så oppteken av sjølvmord?

Det er ei fabelaktig bok. Baksideteksten røpar for så vidt at dette kjem til å gå gale, men likevel: Måten Høyer fortel dette på, korleis det gradvis går opp for lesarar og for kvinna at mannen er sjuk, er glimrande fortalt. 

Guffen tilrår.

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Under verden (2012)
Ut (2013)
Fortellingen om øde (2015)
Ene | skissen (2019)
Kirurgen (2022)
Det nye hjertet (2025)

24. september 2023

Ida Hegazi Høyer: Kirurgen (2022)

Det raknar for Henrik Wold. Han er kirurg på eit stort sjukehus, og han er ein dyktig kirurg - i alle fall i eigne auge. Han har eit altfor stort sjølvbilete, han tek altfor lite omsyn til folk rundt seg, og reknar med at resten av livet kjem til å gå slik det har gjort til no: Han lukkast med alt. 

Slik går det ikkje. Det raknar for han. Etter ein rutineoperasjon slurvar han litt med stinga i tarmen, og niåringen det går ut over slit med store smerter. Wold prøver å finna ut av det, og trur han har gjort det, men det har han ikkje. Det er ikkje tvil om at niåringen døydde på grunn av slurvet hans. Han oppdagar at ein eks-kjæraste leiar undersøkingskommisjonen, og prøver å smiska seg inn på ho. Det går heller ikkje, dels av di han omtalar forholdet deira som dating (og ikkje noko meir). Spesielt mykje flinkare er han ikkje i måten han behandlar ho han er lag med akkurat no - ho vil gjerne at dei skal flytta saman, medan han stortrivst slik han har det no: Dei kan overnatta saman, anten heime hjå ho eller han, dei gongene det passar for han. Viss ikkje det passar, diktar han opp bortforklaringar. Slik handsamar han òg faren. 

Det er ei finfin bok. Høyer skriv godt, og ho får gradvis fram kor roten Wold er, kor sjølvoppteken han er, og kor lite han eigentleg bryr seg om andre. 

Guffen tilrår.  

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Under verden (2012)
Ut (2013)
Unnskyld (2014)
Fortellingen om øde (2015)
Ene | skissen (2019)
Det nye hjertet (2025)

21. februar 2021

Ida Hegazi Høyer: Fortellingen om øde (2015)

Det er ikkje heilt uvanleg at forfattarar sender karakterane sine til ei aude øy. I 1719 vart Robinson Crusoe (truleg) den fyrste, og alt i 1731 vart ordet robinsonadar brukt om slike verk. På den engelske Wikipedia-sida for robinsonadar vert det lista opp meir enn femti slike litterære verk. Eg har ikkje lese spesielt mange av dei, men reknar med at Fortellingen om øde er ulik mange av dei.

Hovudpersonen i romanen, tannlegen Carlo Ritter, er lei av folk. Han seier farvel til livet i heimlandet, og flyttar til Galapagos (eller ei liknande øy), der målet er å leva resten av livet i einsemd, i pakt med naturen. Det går berre sånn måteleg. Han får ikkje til alt han vil, og vert gradvis noko ustabil. Han skriv dagboksnotat som han samlar i ei øskje som fungerer som ei postkasse. Ein dag merkar han at desse notata er vekke, og det viser seg at eit skip har vore innom. Dei har teke med seg notata, og det fører til at fleire vil vitja øya hans. Fyrst kjem eit ektepar der kona er gravid; seinare kjem ei baronesse saman med fire-fem unge menn. Harmonien på øya vert mindre for kvar ny person som kjem dit.

Det er ein fin roman. Høyer skriv godt, og forteljinga tek mange uventa vendingar. Det er noko eventyr-aktig over det heile, der det skjer ting som ikkje kan ha skjedd i røynda. Karakterane i boka er vanskelege å lika, nokre er det uråd å lika, men det gjer ingenting.

Guffen tilrår. 

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Under verden (2012)
Ut (2013)
Unnskyld (2014)
Ene | skissen (2019)
Kirurgen (2022)
Det nye hjertet (2025)

31. oktober 2020

Ida Hegazi Høyer: Ut (2013)

Dette er den fyrste boka av Høyer eg les, men det vert nok fleire. Boka er velskriven og velkomponert, og det var stort sett ein fryd å lesa ho.

Forteljaren i boka, ei kvinne som vel vert verande namnlaus, står ved eit vendepunkt i livet. Alt ser eigentleg ut til å vera bra - ho er godt gift, dei har ein son ho gjer alt for, og livet deira er heller godt. Det er likevel ei hake ved det heile: Livet deira er meir vellukka for dei som ser det heile frå utsida, enn for kvinna sjølv.

Mannen hennar arbeider med bistandsprosjekt, og er ofte på farten til andre land. Sjølv arbeider ho på ein heim for sterkt hjelpetrengande personar, og det er her me fyrste merkar at det held på å tippa over for ho. Ho tøyer grensene for kva ho har lov til - ho veit at dette handlar om andre menneske, men ser litt vekk frå det. På heimebane går det òg litt verre, og det toppar seg i skildringa av ein fest der dei har invitert omtrent alle dei har kontakt med. Og nokre til. Måten festen vert skildra på, der alle andre har det triveleg medan kvinna helst vil vera åleine, er fabelaktig.

Guffen tilrår.

Meir Høyer på kulturguffebloggen
Under verden (2012)
Unnskyld (2014)
Fortellingen om øde (2015)
Ene | skissen (2019)
Kirurgen (2022)
Det nye hjertet (2025)