4. mai 2020

Meeting People Is Easy (1998)

Eg har vore på mange konsertar, og eg har gått glipp av mange konsertar. Det eg angrar mest på at eg har gått glipp av var ein gong i 1995, då eg og nokre til skulle på R.E.M. i Oslo Spektrum. Radiohead skulle varma opp, og me var samde om at det var greitt å droppa dei. Den einaste songen me kjende av dei var "Creep", og den er ikkje så mykje å skryta av. Nokre år seinare kjøpte eg OK Computer, som er ei kanonplate, og eg kjøpte The Bends, som er endå betre, og som var den ferskaste plata deira i 1995.

Denne filmen er teken opp under verdsturneen dei gjorde etter OK Computer. Radiohead var brått langt større stjerner enn dei var interesserte i å vera. Dei vart møtt av eit langt større publikum enn dei var vane med (noko som sikkert var stas), men dei vart òg møtt av langt fleire pressefolk (noko som ikkje var stas). I filmen får me klipp frå haugevis av intervju, der bandet kjedar livet av seg. Me får mange forsøk på å seia noko slikt som "Hei, me er Radiohead, og du høyrer på Radio Luxembourg" på mange, mange ulike språk. Turneen vert tyngre og tyngre, og det verkar som om dei siste konsertane er eit ork.

Me får òg mykje musikk, sjølvsagt, og det er stas. Filmen er i det heile fascinerande. Det er mykje repetisjon, mange intervju og fly- og togturar, men det fungerer.

Guffen tilrår.

Meir Radiohead på kulturguffebloggen
Dai Griffiths: OK Computer (2004)
John Aizlewood: Radiohead. Life In A Glasshouse (2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar