29. desember 2022

John Aizlewood. Radiohead. Life In A Glasshouse (2022)

Eg høyrde vel meir på Radiohead i gamle dagar, men eg gler meg framleis kvar gong eg høyrer noko av dei. I 90-åra vart dei av og til framstilt som ein del av Britpop-bølgja, men dei var (og er) langt meir interessante enn Britpop-banda. Dei laga musikk av di dei ville/måtte laga musikk, ikkje av di dei ville verta rike og berømte. Filmen Meeting People is Easy viser kor uinteresserte dei var i den delen av musikarlivet.

Denne boka tek oss med gjennom historia deira. Det er ikkje den boka som grev djupast, men ho grev djupt nok til at det vert interessant. Kvart kapittel handlar (som regel) om ei av platene deira, der Aizlewood fortel om hendingar knytt til dei fem i bandet, om hendingar knytt til plateinnspelinga og om eventuelle turnear, i tillegg til at han går gjennom plata, song for song. Det er ei løysing som fungerer heilt fint, og som viser fleire ting, mellom anna desse:

Dei er heile tida på leiting etter noko nytt - dei har inga interesse av å kopiera seg sjølv. Dei er uvanleg oppegåande folk - fire av dei fem har fullført ei universitetsgrad. Thom Yorke får ei meir og meir sentral rolle i bandet. 

John Aizlewood skriv lett og ledig. Eg kjenner han fyrst og fremst frå engelske musikkblad, men har òg lese ei bok han skreiv om fotball. I den boka er han rimeleg morosam. Av og til kjem det nokre komiske glimt her òg, men stort sett er han sakleg og god.

Guffen tilrår.

Meir Radiohead på kulturguffebloggen
Meeting People Is Easy (1998)
Dai Griffiths: OK Computer (2004)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar